Kunsten å gjere poenget usynleg

Kvifor er dette ein retro «found comic» igjen? Norges Ninjakommandør er på feil spor

Teikneserien «Norges Ninjakommandør» er basert på den kontrafaktuelle sjangerfilmen «Kommandør Treholt og Ninjatroppen» frå 2010 med Mads Ousdal som ein Treholt som er superpatriot og ninja, i staden for spion for Russland og landsforrædar.

Filmen er ein gjennomført parodi/pastisj av 1980-talets rett-på-video B-filmer med klipp frå NRK, rekonstruksjonar og bisarre konsept som ingen gidder å forklare. Her er det rett på handling og moro.  Konseptet tålar ikkje nærare ettergang og det er filmskaparane klar over så her vert det blunka og flirt over lav list om «ver med på gemet, guttar, det er verdt bryet». Og det er det.

Ein kan sjå kvifor det er eit konsept som inviterer til ein teikneserieversjon. I dette tilfellet ein pastisj over 1980-tals Action Force (G.I. Joe)-seriane til Larry Hama med fleire; teikneserieversjonen av videobutikken sin B-filmaction.

I forordet og presentasjonsmaterialet går serieskaparane til og med så langt at dette vert presentert som ein «found comic», ein slags parallell til «found footage»-filmar som «Blair Witch», der vi får historia presentert glimtvis på dårleg film og med abrupte klipp for å skape ei meir «realistisk» stemning. Dette, vert vi fortald, er basert på restaurering av lurvete og ihelsladda eksemplar av 80-talsteikneseriar som «Staten» trakk attende frå marknaden.

Dessverre er det nettopp der denne utgivinga bryt mest saman, for forordet er einaste teiknet på at serieskaparane eingong har tenkt tanken om at dette skal vere «found comics». Det verkar meir som ein konseptuell gimmick som har vore nytta i innselging til forlag og kulturstøtte, men som ein så har gitt ein god f—n etterpå.

Viss ein ser vekk ifrå det konseptuelle, så er dette eigentleg ganske enkle seriar. To hefter på 32 sider med nokre datasider om utstyr, som i «GI JOE Action Heroes» og tilsvarande blad. Den første er ei opphavshistorie om korleis Treholt møtte kongen og vart trent opp som ninja. Den andre er ei historie der Treholt i forhør fortel om eit oppdrag som til dels berre repeterer tematikken til filmen.

Eit av dei svake punkta i filmen var korleis forsvaret fekk ein ninjatropp. Dette er den typen gimmick der filmskaparane biletleg tala blunkar til publikum med eit «dette spør vi ikkje om, okay?» Aksepter det og gå vidare.

Og kva gjer teikneserieskaparane? Dei går rett inn i det og tryner med den mest pinlege framstillinga av ninjatrening nokon sinne. Omtrent som ein SV-versjon av «Helvetesveke» for veganske pasifistar, iblanda irrelevante tablå.

Andre historia  er meir av eit streit actioneventyr med eit betre plot, samstundes som det blir hinta om meir kompliserte historier som går over fleire nummer.  Det er for så vidt greitt innafor genren, sjølv om eksposisjon og slikt trenger finpussing. Rammeforteljinga er ikkje i tråd med filmen, men eg går utifrå at det er meint å framstille korleis nokon utanfor ninjatroppen og utan sikkerheitsklarering kan ha oppfatta det som skjedde i filmen.

Meir frustrerande er teikningane. Både Brown og Jamtli har jobba med fransk-belgisk humor/action-stil, så når dei legger seg på ein «realistisk» stil her, så er det uvant. Problemet er at det ikkje er gjennomført. Teikningane av Treholt og Kong Olav er i ein grei realistisk stil, om noko laus i kantane, og det same gjelder andre motiver der det ser ut som ein kan ha brukt referansebileter. Men med andre figurar vender ein så attende til ein mindre realistisk humor-stil, slik at serien skiftar fram og tilbake stilistisk, ofte frå rute til rute eller til og med inni ruter, viss noko er teikna med referansar og noko utan.

Det er slik at ein får lyst til å seie «f—n heller, køyr humor-stil».

Desse hadde vore underhaldande nok som 32 siders album som ein kjøpte på teikneseriefestival fordi serieskaparane var greie karar og teikna ei skisse inni, men i praktbok er det tynn suppe. Eg seier ikkje at det er ekstremt dårleg, det er heller midt på treet, men eg veit ikkje heilt om nokon involvert i prosjektet eigentleg hadde klart for seg kva dei ville med det. Det er meir interessant som konsept enn i  utføring.

Og så kjem vi til det store problemet: «Found comic»-gimmicken.

«Norges Ninjakommandør» er ei lekker bok, med digitalt teikna seriar, pene digitale fargar med moderne palett på kritkvitt papir, flott utforma digitale tekstbobler med computerfont og greier. Og forteljarteknikken i rutene og alt? Veldig moderne.

Men det er ikkje det vi vart lova.

Dette er meint å vere ein norskprodusert actionserie frå 1986, men der er ikkje eingong gjort eit ærleg forsøk på å avspegle det.

Teksten er i moderne handtekstfont og sett i datagenererte bobler. Fargane er som moderne photoshop-fargelegging, ikkje den reduserte paletten og «flate» Marvel-fargelegginga med separasjonar frå 80-talet. Forteljarstilen i rutene er heller ikkje tidsriktig.

I tillegg er dette eksempel på det ein kallar «dekomprimert» forteljing, ein stil som vart populær på 2000-talet. 

Der er ikkje eingong gjort eit overflatisk forsøk på «aldring» eller eksempel på manglande sider, skada sider, eller noko anna som ville gi inntrykket av ein «found comic».  Det å gjenskape illusjonen av «gamle» seriar er gjort så mange gonger at det ikkje burde by på problem å finne eksempel på teknikkane, så kvifor vert det presentert som om ein har prøvd å gjenskape ein 80-talsserie når det er tydeleg at ein ikkje har gidda?

Les gjerne serien på biblioteket, men bruk heller pengane på ein «Kommandør Treholt»-DVD/streamekopi eller ein «G.I. Joe» trade paperback.  I albumformat, og utan «found comic»-ramma som dei likevel ikkje gjorde noko med, så kunne eg nok anbefalt serien som tidtrøyte til ukritiske tenåringar. Men i forhold til kva prosjektet presenterer seg som, så er boka absolutt ikkje interessant.



Norges Ninjakommandør
Skrive av Aleksander Kirkwood Brown, teikna av John S. Jamtli
ISBN 978-82-02-596878-192 Sider
92 sider
289 kroner (veil.)
Cappelen Damm

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *