Neil Gaimans Edda

Norrøne guder  – Bok 1 er ei kjeldetru og underhaldande innføring i norrøn mytologi, sjølv om boka sprikar i stil og gjennomføring.

For ti år sidan sat eg i ein hotellobby i San Fransisco og kikka på ein signeringskø som omslutta nabohotellet  i høve utgivinga av Neil Gaimans The House at the End of the Lake. Mens eg sat der spurde ein britisk turist meg kva som skjedde på den andre sida av gata. Eg sa dei stod i kø for å få ein signatur av Neil Gaiman. «Neil Diamond? I thought he was dead», repliserte turisten.

Gaiman har vore med meg sidan eg på ungdomsskulen ramla inn i Sandman-universet, og han har vore der sidan, på godt og vondt. Noko av det som tidleg fascinerte meg mest var korleis han blanda religiøse og mytologiske element inn i alt han gjorde. Det gav teikneseriane og bøkene ein patina samtidig som det verka som noko heilt nytt. Neil Gaimans bok Norrøne guder, som kom ut i 2017, forsøker også å formidle mytologi på ein ny måte. Det er ei gjenforteljing av gudedikta frå den eldre og yngre Edda i prosaform, som Gaiman sjølv seier i introduksjonen, er fortalt «… as accuratley as I can, and as interestingly as I can». I nokre tilfelle har Gaiman blanda innhald frå ulike eddadikt, medan andre, som «Frøyas usedvanlige bryllup», held seg til ei kjelde. For dei som av ein eller annan grunn synest det er krevjande å lese åtte hundre år gamle dikt på versemålet fornyrdislag, er dette med andre ord gode nyhende.

«Frøyas usedvanlige bryllup», teikna av Jill Thompson

Teikneserieadaptasjonen av denne boka ­­– altså ein adaptasjon av ein adaptasjon av ein adaptasjon (dei nedskrivne eddadikta er også ein adaptasjon, av munnleg tradert materiale) – kom først ut på engelsk i 2021 og er no samla på norsk, i alle fall den første delen. P. Craig Russel, som har samarbeidd med Gaiman ved fleire høve, til dømes med teikningar til sandmanhistoria «Ramadan», har tilarbeidd prosaboka Norrøne guder saman med ulike teiknarar.

«Where it began, I can’t begin to knowin’», syng Neil Diamond i «Sweet Caroline», men i Norrøne guder får me vite både korleis alt begynner, sluttar og (spoiler alert) begynner på nytt. Teikneserieversjonen av boka ligg tett opp til Gaimans bok og er delt inn i ein prolog og seks kapittel. Brorparten av teikneserien går med til verdsbygging og bakgrunn, og det er eigentleg ikkje før det siste kapittelet, «Frøyas usedvanlige bryllup», at me får servert ei forteljing som ikkje samstundes fungerer som eksposisjon. Før dette er til dømes kapittelet «Gudenes skatter» både ei forteljing med utgangspunkt i at Loke har trylla bort Siv, Tor si kone, sitt hår i fylla og ei forteljing om korleis gudane fekk dei største skattane sine. Likeins er «Lokes barn» både ei underhaldande forteljing om konsekvensane av Lokes utruskap og etableringa av Fenrisulven, Midgardsormen og Hel som antagonistar til gudane.  For lesarar som har lite kunnskap om den norrøne mytologien ut over det dei har møtt i populærkulturen, er dette ei veritabel skattkiste.

«Byggmesteren», teikna av Piotr Kowalski

Sjølv om Norrøne guder er både underhaldande og lærerik, er teikneserien ujamn. Bokas seks teiknarar byr på ulike representasjonar av gudane og ikkje alle er like vellukka. Kapitla «Gudenes skatter» og «Byggmesteren» teikna av høvesvis Jerry Ordway og Piotr Kowalski, har til dømes eit uttrykk som bryt kraftig med dei meir forseggjorte og høgstemte opningskapitla signert P. Craig Russel og Mike Mignola. Ordways og Kowalskis teikningar er meir generiske og narrativet er flatare.

Ei anna innvending gjeld språket. Dei som har lese sin Gaiman veit at han har eit språk som balanserer tett opp mot både det banale og det pompøse. Dette er også tilfelle i Norrøne guder (både prosaboka og teikneserien). Dei gaimanske formuleringane står ikkje alltid i stil med dei om lag åtte hundre år gamle originaltekstane og luggar litt i ei norsk omsetjing. Det er trass alt snakk om ein engelskspråkleg tekst som baserer seg på omsette norrøne tekstar, som igjen er sett om til moderne norsk. Denne rundreisa byr ikkje akkurat på poesi. Det er altså ikkje berre omsetjar Daniel Reinsfelds skuld; han gjer ein så godt han kan med å finne balansen mellom det høge og lave i dei ulike kapitla.

Prosjektet til Gaiman er uansett eit heiderleg forsøk på å gjere den norrøne mytologien tilgjengeleg for nye lesarar, og Russels teikneserieversjon må bli sett på som ei vidareføring av dette. I eit tid der unge møter norrøne gudar først og fremst i marvel- eller mangadrakt, er Norrøne guder både eit korreks og ei kjelde til vidare utforsking av mytologien.

Norrøne guder – Bok 1
Av P. Craig Russel etter Neil Gaimans bok, også med bidrag av Mike Mignola, Jerry Ordway, Piotr Kowalski, David Rubin og Jill Thompson
Omsett av Daniel Reinsfelt
132 sider
399 kr. (vegl.)
Outland Forlag

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *