Namn å sjå opp for

01 William Legend

Oslo Comics Expo 2026 starta på Grafills hus torsdag sist veke, der fleire nye namn er verdt å merke seg.

Alle fotografier av Trond Sätre.

I dei seinare åra har OCX fokusert på å bli den gode samtalens festival, ein møteplass for paneldebattar om laust og fast. Det som var nytt i bransjen kunne ein stort sett oppdage på torsdagens «Open Mic»-presentasjon på Grafills Hus (og til ein viss grad i marknadsteltet). Det er andre gongen Grafill arrangerer desse, men første gongen som ein del av OCX. Open Mic presenterte ei blanding av eksisterande publikasjonar, kommande seriar som er ganske sikre, og nokre som ikkje er så sikre, men har serieskaparar med trua.

Særskilt framtredande var trioen Joseph S.S. Ampofo, Jofrid Sandgren Østenstad og Nia Li Gruner, som samanlagt står bak fire seriar. Frå før av kjenner vi Joseph og Jofrids «Maria Storm og Mythosordenen», og på torsdag kunne dei kunngjere at det blir ei bok to, og at den kjem ut på TNT.  Det siste var som forventa, då begge serieskaparane hadde framheva det gode samarbeidet med  Tonje Tornes og Tormod Løkling på første boka. «Heim til mor og far,», som Joseph uttrykte det på Grafills hus.  I tillegg har han konkrete planar for ein annan fantasyserie han hadde jobba med ei stund, «William Legend». Denne skal då bli teikna av Nia Li Gruner (sjå forsidebilde).

Dodend dannelsesreise
Jofrid Sandgren Østenstad

Nia held også på med sin heilt eigen serie, «Yao»., som skal bli ein moderne vri på kinesisk mytologi. Endeleg kan det nemnast at Jofrid også jobbar vidare med sitt eige konsept, «Dødens dannelsesreise». Ho omtalar denne som ei magisk-realistisk danningsroman, der mannen med ljåen følger ei ung jente på ei reise gjennom opplysingstidas Europa fordi han vil overtale henne til å ta overta rolla som dødens bodbringar.

Ein debuterande serieskapar som allereie har fått kontrakt, er Olea Helland. Hennar serie «Utrydningstruet» kjem ut på Outland forlag i 2027. Til skilnad frå mangaen (både japansk og vestleg) som forlaget er kjent for, er Oleas serie teikna i ein utprega Disney-stil. På overflata ser den munter og søt ut, men bak ligg det ei dyster historie: I «Utrydningstruet» er menneska verkeleg utryddingstrua etter ei stor katastrofe, og dei få overlevande må ha hjelp frå meir eller mindre velmeinande romvesen.

Utrydningstruet
Olea Helland

Også verdt å nemne, sjølv om den ikkje er komen like langt som mange av dei andre seriane, er «Fjellvandrerne», ei soge om unge jenter på fjelltur. Denne er laga av Vilde Dyngvold Hauge, som teiknar for hand, og blandar skeiv romantikk med trollsegn.

Få av serieskaparane som var framme denne kvelden, hadde tenkt seg til OCX på Serieteket fredag.  I alle fall ikkje for å gjere noko anna enn å kikke og kanskje mingle. Unnataket var Emil Åslund, som kvart år har stand for å selje eigenproduserte seriar frå eige forlag, Skogkatt. Han var på Grafill for å presentere «Bemørkelsen 1: Karantenen» ein prequel til hans fantasy-serie «Gråriket». Detter blir tiande albumet i serien.

Ikke jente
Cha Sandmæl

I det heile tatt blei det mykje fantasy på Open Mic, slik tendensen i norske seriar framleis er, men nokre meir prosjekt verkar litt meir jordnære Hege Haugan held på med «Sanger om Jenny», ein teiknserieroman som også har skeiv kjærleik som tema, men i følgje serieskaparen handlar den eigentleg meir om vennskap og sjølvinnsikt.

Og ikkje minst har vi Cha Sandmæls neste prosjekt, som også blei presentert på Grafill denne kvelden, godt undervegs. I kontrast til fantasy-suksessen «Dragens øye» blir dette ein sjølvbiografi om serieskaparens skiftande kjønnsidentitet, og den har fått den passande tittelen «Ikke jente». Etter planen skal den komme ut på TNT neste år.

Dette er Serienetts første presentasjon av Oslo Comics Expo (OCX) 2026

Tagget med

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *