Spør oss om mikrosensur

teltet 2026

Serienett ser på nokre av høgdepunkta frå årets OCX.

Tekst og fotografier av Trond Sätre og Anne Elisabeth Kaldhol.

Oslo Comics Expo rommar mykje. 24 timars teikneserie-maraton, oppvarmingsinnslag, kurs/workshops og ein populær marknadsplass. Men berebjelken har alltid vore scenepresentasjonane, intervju og panelsamtalar med serieskaparar I dei seinare åra har fokuset vore på panelsamtalar.

IMG 6094

Goosebumps 2026

Ordstyrar Vetle Håkansson (f.h.) er bibliotekar med grøssarlitteratur som spesialfelt. Han leia eit panel beståande av Tore Aurstad (f.v.), Sara Hjardar (2.f.h.) og Sole Otero (2.f.v.). Desse lagar ikkje akkurat «Tales from the Crypt» nokon av dei, men skrekkseriar kan vere så mangt. Tore Aurstad har skrive fleire barne-og ungdomsbøker som blandar Lovecraft med norske miljø og norsk historie, mellom anna teikneseriane «Fantomrakettene», «Mørke over Svartøy» og «Haugskrømt». Sara Hjardar lagar Mia Myhr, som blandar fantasy og skrekk, og har fleire uhyggeleg gode døme på body horror». Eit av Oteros hovudverk er «Witchcraft», ein magisk-realistisk grafisk roman om ein heksesirkel sin veg gjennom argentinsk historie frå 1700-talet og framover. 

Kva trekker oss til skrekk? Aurstad trur det kan vere ein distraherande kvalitet; det er noko du kan bli redd for i staden for det som verkeleg skremmer, oss. Panelet konkluderte også med at det kan vere ein måte å bli skremt under kontrollerte og isolerte rammer som verkelegheita heller ikkje alltid har. 

Sensur

Sensurerer de dem selv?

Bibliotekar Siv Christine Bjørang Jørstad lanserte ordet «mikrosensur» i ein artikkel på Bok & Bibliotek i november i fjor. Det kan vere snakk om at bibliotekbøker er blitt gøymd, flytta, utsett for hærverk, stole eller kasta. -Det er første gongen dette blir diskuterte ordentleg i Norge, meiner Tonje Tornes (2.f.h.), som satt i panelet saman med Jørstad (2.f.v.), Jenny Jordahl (f.v.) og ordstyrar Anne Elisabeth Kaldhol1 (f.h.).

Andre døme på det som ein moglegvis kan kalle for mikrosensur drøfta under samtalen, er:

  • «Review bombing» (mitt ordforslag; forf. anm.), dvs. store mengder korte SOME-anmeldingar, påfallande negative, skrive av anonyme deltakarar som ofte ikkje gir inntrykk av å ha lest boka.
  • Ideen om at forfattaren skal halde seg for god til å gi svar på kritikk
  • Generell nedgang i avisenes kutt i kulturstoff, og forlaga sine behov for å ta meir kommersielle hensyn.
  • Skulebibliotekarar manglar ofte bibliotekarutdanning, og er difor mindre motivert til å ta kampar mot foreldre som vil fjerne visse bøker frå skulen.
Sjolvpublisering

Alternative publiseringsmåter

Mia Thrane Hansen (2.f.v.), Vivian Nguyen (f.v.) og Fredrik Rysjedal (2.f.h.) var samla denne laurdagen i samtale med ordstyrar Trond J. Stavås (f.h.). Nguyens suksesshistorie med Kickstarter-prosjekt blei framheva her, men å få kontrakt for å gi ut fysiske format på etablert forlag er framleis målet for mange. Mia Thrane Hansen, som står bak webserien «The Silence of the Songbirds» er om få månader lanseringsaktuell med serien i bokformat på TNT. Fredrik Rysjedal, som kallar seg «doktor i teikneseriar», er framleis eigenutgjevar, men hans teikneseriealbum «Krampe» er eit døme på kor langt ein kan kome slik; heftet blei innkjøpt av kulturrådet og nominert til «Årets Tegneserie» i 2025.

Pyton OCX

Pyton 40 år

Til heider for panelet, som besto av Dag E. Kolstad (f.h.) , Tom Ostad (2.f.v) og John Kåre Raake (2.f.h.) med ordstyrar Øyvind Holen (f.v.), var det ikkje så mykje overlapping med samtalen på Norli Universitetsgata, der Pytons 40 årsjubileum hadde si første offisielle markering kvelden før 1. mai.

Ein hadde den vanlege gjennomgangen av bølga med norske underground-seriar seint på 70-talet som bana vegen for Norsk MAD og Pyton, før Kolstad tok for seg den sosiologiske bakgrunnen for figuren Wunder-Bjarne i Holmestrands rånarmiljø .John Kåre Raake, som ikkje var ein del av panelet på Norli, fekk mimre over nokre av sine bidrag før ein drøfta det kulturelle grunnlaget for å lansere eit blad som Pyton, og kvifor dei måtte ut av Semic for å fokusere på norske teikneseriar.

Det er godt at figurane ikkje blei franchisa, for i følgje Kolstad var det heile tida ei kollektiv skapingsprosess i Pyton, som ein pågåande dugnad. I ettertid er det difor vanskeleg å slå fast kven som skapte kva figurar.  

IMG 6123

“Youth is wasted on the young»

I dette panelet intervjua Emily Sørensen (f.v.) Michael Noguchi (midten) og Nora Dåsnes (f.h.) om teikneseriane dei har laga for ungdom. Noguchi er nyleg aktuell med teikneserieadaptasjonen av “Tante Ulrikkes vei”. Han brukte 5 år og 9 månadar på den og fortalte at han avslo prosjektet først. Det var også nære ved å ikkje bli noko, han heldt på å gi opp fleire gongar i løpet av prosessen.

Det blei elles snakka ein del om stilmessige skilnader under denne samtalen. Dåsnes teiknar ganske fritt og abstrakt og brukte lite referansefoto. Ho prøver å halde det litt tidlaust ved å ikkje ha med for spesifikke detaljar. Noguchi på den andre sida gjorde eit stort arbeid med det visuelle i “Drabant»-serien. Han samla inn foto frå folk han kjente i grafittimiljøet, som han sjølv ikkje var ein del av, og såg filmar for å få med autentiske detaljar frå 1990-talet. Han streba etter å ha riktig utsjånad og merkenamn når det kom til både sko og kle.

Dåsnes kunne dessutan røpe at jobbar med si neste bok. Denne blir om Linnea, den tredje jenta i gjengen ho har skrive om før i «Ti kniver i hjertet» og «Bare si ja».

Sole Otero

Utanlandske gjester

Tradisjonen tru hadde dei utanlandske gjestene eigne presentasjonar på laurdag kveld, før utdelinga av «Årets Tegneserie». Sole Otero (f.v.) var tilbake frå i går for å drøfte sine eigne teikneseriar med Tina Søreng-Christensen (f.h.) under vignetten «Heksekunst og møllkuler». Heksekunster har vi alt vore inne på, og «møllkuler» viser til den andre store grafiske romanen hennar, «Mothballs». Boka fortel om ei jente som flyttar inn i den avdaude bestmoras hus, og gjennom tilværet der prøver å lære meir om bestemoras bakgrunn. Tema i serien er etter Oteros eige utsegn, forhold og makt, posisjon skuldkjensle og manipulasjon.

Ho er som sagt argentinar, men bur i Angoulême i Frankrike. I Frankrike er det lettare å vere serieskapar enn i Argentina. Og kanskje særleg i akkurat den byen. -Eg er så mykje i lag med andre serieskaparar at eg får inntrykk av at teikneseriar er viktigare enn det eigentleg er, medgir Otero.

Dash Shaw

Avslutningsvis blei amerikanske Dash Shaw (f.h.) intervjua av Øyvind Holen (f.v.) under vignetten «Sink or swim», avleia av den nyaste boka hans, «Like swimmers».   Boka er ein slags krim lagt til pandemien, og Shaw beskriver den som ein inspirert av Jean-Luc Godards lo-fi gangsterfilmar. På ein snau time hadde Shaw og Holen mange ulike titlar å gå gjennom. -Du veit aldri kva som blir det neste frå Dash, fortalde Holen innleiingsvis. Shaw har laga ein Spider-Man-historie for bladet Strange Tales. Han laga teikneserieromanen «Bottomless Bellybuttons», som er ein sjølvbiografi frå mange ulike synsvinklar. «Discipline» fortel om det humanitære dilemmaet til kvekarane (som var pasifistar og aktive slaverimotstandarar) under den amerikanske borgarkrigen. «Blurry» er ei parallell-forteljing om ei en gruppe karakterar som er tilknytt kvarandre på subtile, ofte usynlege måtar. Shaw anbefaler nye lesarar å begynne nettopp med «Blurry».

Kanskje endå meir spesielt enn hans eksperiment med Spider-Man er dei lisensierte teikneseriane hans basert på Cludeo (Clue). Brettspelet, ja. -Kvifor vil nokon ha ein Cluedo-teikneserie, spurte Shaw retorisk denne kvelden. -Det er ikkje ein så populær franchise. Men det er det er liker med den. 

  1. Habilitet/inhabilitet: Anne Elisabeth Kaldhol , som var ordstyrar på dette innslaget, har hjulpe til med å skrive artikkelen. Ho skreiv imidlertid ikkje om innslaget «Sensurerer de dem selv?» ↩︎

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *