Når historikarane teller på knappane

Ida Larmo og John S. Jamtli har begge nyleg utgitt teikneserieromanar som dreier seg rundt skip frå andre verdskrigen. Onsdag var dei på Bergens Sjøfartsmuseum for å snakke om Tirpitz og Rigel.

Panelsamtalen «Prosalong i Bergen: Krigshistorier i tegning og tekst» var arrangert av Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFFO) i samarbeid med museet, Outland Bergen og Strand Forlag.  I samtale med dei to serieskaparane var litteraturformidlar Kjersti Eide Hatland og historikar og NFFOs regionkontakt, Vigleik Mathiasen.

I fjor kom Ida Larmo med «Rigel – Urettens ekko» om krigsfangeskipet Rigel, som blei senka i 1944, og som framleis er Norgeshistorias største skipskatastrofe, Ho var inspirert av Roy Jacobsens roman «Hvitt Hav», men såg elles at det var ei lite fortald historie, ei som ho ønska å bringe fram i lyset. Ho fortalde den gjennom augo til ein overlevande sovjetisk krigsfange, Julian Oreskjin. Fordi dramaet er så lite kjent, var det også vanskeleg å finne referansar. Ho bestilte mellom anna ein modell av Rigel som viste seg å vere for liten til å teikne etter. Som eit apropos til arrangementsstaden så blei Rigel bygd i Bergen

Rigel – Urettens ekko

John S. Jamtli hadde ikkje dei same problema med å finne referanse for sin teikneserie, «Sabotør: I skyggen av Tirpitz», den tredje av hittil fire bind i «Sabotør»-serien. Senkinga av Tirpitz, også den i 1944, er velkjent for dei historieinteresserte. Det finst eit Tirpitz-museum i Alta og eit forsvarsmuseum i Tromsø med Tirpitz-utstilling.

På den andre sida, som han påpeikte i kveldens arrangement, er han teknisk dyktig nok til å bli møtt med veldig strenge detaljkrav, som når han får kritikk for å teikne feil type knappar på uniformene. Men Sabotør-bøkene er ikkje meint å formidle historia til dei som veit alt, seier han. Viss du pirkar på så mykje, er ikkje boka for deg.

Sabotør – I skyggen av Tirpitz

Begge serieskaparar kunne også melde at dei held fram i delvis dei same spora som før. Jamtli ville gjerne trekke fram ein kvinneleg motstandshelt i neste «Sabotør»-bok. Valget falt på Astrid Lineruds eventyr som ein 8 år gammel grenselos. Ida på si side lagar ein ny sjølvbiografisk teikneserie, denne gongen om sine tidlege ungdomsår. Ho lovar at denne blir langt meir utleverande enn den førre, «Bow & Arrow».

Deretter skal ho fokusere på fjernare norsk historie enn Rigel, med ein biografi om ein skarprettar.

Etter å ha snakka med John S. Jamtli er det gjort nokre rettingar 8.10 klokka 17.00.

Forsidebilde: F.v. Vigleik Mathiasen og Kjersti Eide Hatland med Ida Larmo og John S. Jamtli. Fotografi av Trond Sätre

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *