Tilbake til normalen

«Biblioteket stenger om 10/5 minutter; biblioteket er stengt». Den automatiske stemmen på Deichmann Grünerløkka kan ikkje slåast av, men hindra ikkje OCX å halde på til langt på kveld fredag.

OCX har hatt mange slags åpningsfanfarer gjennom festivalens historie, men dette er den første teikna fanfaren, i følge Berit Petersheim. Eller rettare sagt, måla. Kim Diaz Holm, tidlegare serieteiknar, nå kunstnar med TikTok-berømmelse, sto for denne. Avbilda her er det ferdige resultatet:

Som i fjor er årets programhefte ein kombinasjon av info om festivalen og teikneserieantologi. «Opp fra skuffen» er ein samling med produksjonar som av ulike årsaker aldri blei publisert. Den er også årets utstilling, som kan sjåast på Deichman Grünerløkka fram til august:

Tradisjonen tru begynte OCX med ein 24 timar maratonteikning litt tidlegare denne veka, under leiing av Are Edvardsen. Denne velkjente øvinga der serieskaparar utfordrer kvarandre og seg sjølv til å lage ein fullendt teikneserie i løpet av 24 timar, har etter kvart lange tradisjonar også i Norge. I Oslo er det åttande gongen utfordringa er gjennomført, og den hadde i år deltaking frå namn som Odin Helgheim, Trond J. Stavås, Ida Neverdahl, Victor Nordahl, Cha Sandmæl og Øystein Runde. Dei trykt utgåvene blei denne kvelden delt ut til deltakarane, men resten av opplaget blir lagt ut til i sal i morgon.

«Har feminismen gått for langt?» var det ganske ladde, innleiande spørsmålet frå intervjuar Ane Barstad Solvang til danske Rikke Villandsen. Opptredenen var den første djupnsamtalen med ein gjest på årets OCX, og den første utanlandske gjesten på scene sidan 2019. – Ein kan ikkje snakke om ein feminisme, var svaret hennar. «Feminisme» er eit blikktak som skal romme utruleg mange idear. Ho kallar den feminismen som ho sjølv følger for «frigjerande», og meiner den står i kontrast til det ho kallar «girlboss-feminisme». Ho meiner hennar feminisme tillater ein å «ta eit skritt tilbake og reflektere.»

Av alle bøkene som ho har gitt ut internasjonalt på Fantagraphics er «Cowboy» den som berører temaet i størst grad. Her prøver ei kvinne å erfare fridomen til ein mann, også fysisk. Ho verkar elles meir opptatt av det kunsteriske enn det politiske, og krediterer den morbide tyske surrealisten Anke Feuchtenberger som ei viktig inspirasjonskjelde. Andre viktige arbeid som blei trekt fram var teikneserienovella hennar om sjølvmordsskogen (det skumlaste ho kunne tenke seg) frå det svenske antologien Det Grymma Sverdet, «Tuberculosis 2020» og «The Clitoris». For å lage sistnevnte har ho tatt utgangspunkt i nedskriving av draumane sine. Om «Tuberculosis», der ho spelar på Munchs sjukdomsromantikk, seier ho at det ga «stor forløysing» å få jobbe med så kraftige fargar. Munch er stor, også i Danmark.


Forsidebilde av «Megawacky Max» Baldo. Ide og figur av Trond Sätre

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *