Liens skapelseshistorie

Kan ein robot ha sjel? Torbjørn Liens «Interitum» skapar verda på ny med bibelske undertonar.

Lien er sjølvsagt kjend for hovudserien sin Kollektivet, som har gjenge i over tjue år, mange år som eige blad og album. I positiv lei kan nemnast at dei årvisse jolehefta hans har vore prega av nye historier, gjerne med eit fantasifullt preg, noko som kler både sesongen og kollektivet i det gule huset.

Derfor er det kan hende ikkje så merkeleg at Lien har ein SF/fantasykjerne, noko han lenge har lengta etter å sleppe laus. Me har sett nettdrypp og skisser av nokre merkelege robotar det siste året, og det pussige ordet INTERITUM har vore nemnd ved fleire høve.

Så kjem boka. Ikkje i ein ‘bokhandel nær deg’, som det så fint heiter, for norske bokhandlarar er med i kjeder som berre sel sine eigne bøker, med store kjende namn på store, kjende forlag. Boka kjem på eige forlag, som Lien sjølv distribuerer. Det vil sei at forfattaren signerer, pakkar og sender frå sitt lokale postkontor. «Sjølvgjort er velgjort», men mykje arbeid, lell.

Så over til boka. Kva er dette for noko? Kva tyder denne merkelege tittelen? I ei samtid fylt av namn som ikkje tyder noko som helst (Mesta/Vy/Atea/Eviny osv. osv.) kan denne tittelen vere nok eit kult namn som skal pirre kjøparen, men ikkje bety ein drit? For oss ‘gamle latinere’ aner me noko dystert her. In Terra/begravelse er det fyrste som melder seg. Men ordet betyr altså noko så direkte som øydelegging. Ikkje oppløftande i ei ellers vanskeleg tid.

Me opnar boka! Svart-kvite teikningar openberrer seg på alle sider, utført med ein vàr og fin penn. Ljose sider som sender positive signal om ljos og luft vekslar med kraftig bruk av svart og skuggar der det er naudsynt.

«I byrjinga skapte Gud mennesket» står det i Fyrste Mosebok, eller Genesis, som er det rette namnet på korleis verda vår vart til. For å bruke eit litt flåsete uttrykk kan me påstå at dette er Fyrste Lienbok, Interitum. Sjå bort frå at Lien har laga mange bøker tidlegare, dette er noko heilt anna.

Torbjørn Lien har aldri stukke unna at han har ei fortid som medlem av eit trusamfunn, og han ber nok mykje av desse minna og tankane  framleis (sjølv om dette er rimeleg fråverande i den rølpete Kollektivet-verda). Det er ikkje så lenge sidan Westwind Forlag gav ut den vesle katekisma hans, Mannakorn, med underfundige vitsar og visdomsord frå det kristne grunnfjellet.

Med slik ballast forstår me Interitum endå betre. Eit Genesis, ikkje med menneske, men med robotar. Menneskeliknande karakterar der runde augo og ein strekmunn likevel sender alle naudsynte signal om kjenslene som buldrar inni metallkroppane. Hovudpersonen kjenner me att av di den har eit todelt, rundt symbol på bringa, omtrent slik som Supermann ber ‘S’-en sin. Kva symbolet tyder får vere opp til den enkelte, men eg ser det som Jorda, med like deler ljos og mørke. Me får kalle karakteren ‘O’, for kjønn og han/ho/hen er uinteressant her.

Uansett vert O skapt – av nokon me ikkje veit meir om enn at dei nyttar fjernstyrte, nifse, kirurgiske instrument. O ‘vaknar opp’, ny, i ei ny og blank verd. Og her viser Lien si eminente teiknekunst. Måten han har konstruert roboten sin ‘hovudskalle’ gjer at munnstreken (ein slags klaff) og dei runde augo (linser?) sender signal som me utan problem kan tyde. O likar det O ser, sjølv om det er lite og verda rundt O er tom. Men når det viser seg at O sjølv kan skape liv, då vert det endå meir interessant. Blomar, tre og gras sprutar opp rundt O, til robotens store glede. Eg får Erlend Loes boktittel i skallen her; Naiv/Super.

Men verda hans er ikkje komplett utan vener, så til slutt vert saknet for stort, og O skapar ein ny robot, ‘i sitt bilete’. Litt annleis, men like fullt av samme slaget. Denne #2 vert venn, det aller fyrste ordet O tenkjer/seier/kringkastar. Dermed er fortellinga i gang, og Robot-Genesis buldrar av garde. I byrjinga berre moro, med vener som skapar nye vener og leikar i skogen som veks opp rundt dei. Men som me alle veit, Det Gamle Testamente er fullt av elende, svik, misunning, blod, drap og brann, og diverre syner det seg at våre nye vener ikkje er skåna for å gjere dei same mistaka som menneska har gjort til uminnelege tider.

O vandrar heretter rundt som observatør, den fyrste (og siste?) heilage i ei verd som etter kvart kjennest svært så kjend ut. Denne bokas del 2 er kan hende svakare enn oppstarten, for her fylgjer me den velkjende stien i menneskets eksistens, Det Ondes Problem i ei perfekt verd.

Illustrasjonane er eit kapittel for seg sjølv. Blanke, nesten karakterlause metallkroppar får liv og personlegdom frå Liens delikate penn, der spesielt skuggelegginga i elastiske armar og bein gjev kropp og tyngde til noko som kunne ha vorte flatt og kjedeleg. Skog og plantar er óg skildra med kjærleg finesse, og det er tydeleg at Liens hjarte ligg nærare den guddommelege, reine naturen enn byar, hus og andre ‘harde’ konstruksjonar.

Eg skal ikkje fortelje meir om handlinga, berre understreke at O si reise gjennom denne verda (og til den neste?) er underhaldande og tankevekkande. Med ei bok som er nesten fri for tekst og dialog er det eit kunststykke å gje historia så mykje kjensler og dramatikk. Og gjennom det heile sydar Liens tankar om vår menneskelege eksistens, sett gjennom augo til robotane i Interitum. Anbefalt!



Interitum
Av Torbjørn Lien
132 sider
199 kr.
Lienstreker

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.