Fokus på Kverneland og barnebøker

Bokmessa i Frankfurt 2019 er ein av tidenes største promoteringsaksjonar for norsk litteratur. Men kva vart teikneseriane sin plass i alt mylderet?

Ved sida av eit knippe med forlagsfolk var Teikneserie-Norge offisielt representert med fem namn då Norge var æresgjest på verdas største bokmesse. Dette basert på kven som hadde blitt omsett til tysk nyleg:

Steffen Kverneland var den suverent mest profilerte av serieskaparane, med opptreden på fire ulike scenar, to av dei i den norske paviljongen, ein i messeteltet Agora, og ein på Evangelische Akademie på ein annan kant av byen. «En Frivillig Død» blei i sommar lansert på tysk under tittelen «Ein Freitod», og derfor fekk denne mest merksemd. Særleg bruken av fotografi i boka var eit tema som gjekk igjen under drøftingane på scenen.

Steffen Kverneland og Martin Ernstsen blir intervjua av Erle Marie Sørheim

Men under vignetten «Drawing a Classic» fredag fekk han lov til å snakke om «Munch», eit innslag han delte med Martin Ernstsen. Teikneserieversjonen av «Sult» (ty. tittel «Hunger») er nemleg også aktuell på tysk. Same kvelden deltok begge serieskaparar i «Open Books»-arrangement på Evangelische Akademie, ei blanding av høgtlesing og presentasjon.

Det høyrer med til historia at den tyske omsetjinga av «Munch» dessverre er ute av trykk. To opplag blei utseld, men forleggaren meiner likevel at eit tredje opplag er for risikabelt. Av ein eller annan grunn.

Øyvind Torseter (f.v. ) på Evangelische Akademie

-Det fine med ei bildebok er at det er ikkje så mange regler, fortalte Øyvind Torseter publikummet sitt på bokmessa, sjølv om han innrømmer at han opererer i et grenseland mellom bildebok og «grafisk roman». Han er eit veletablert namn i tysk barnelitteratur, særleg etter at han i fjor vann den prestisjefylte Deutscher Jugendliteraturpreis for eventyrpastisjen «Der siebente Bruder, oder Das Herz im Marmeladenglas (orig. Tittel «Mulegutten»). For publikum på den tyske marknaden er han aktuell med «Hans Sticht in See» (orig. Tittel «Mulysses»). Ved to høve, både i den norske paviljongen og under «Open Books», leste han høgt frå denne boka, på norsk, men med bilder frå den tyske utgåva. Mulegutten (alias Hans) kjem vil til å sjå meir av framover, både på norsk og tysk.

Bjørn Ousland og Monica Kristensen, med Anne von Canal i midten.

Ei lita stund såg det ut som om Bjørn Ousland skulle få sceneinnslaget sitt på torsdag for seg sjølv. Moderator Anne von Canal hadde først fått melding om at Monica Kristensen, forfattar av «Amundsens Siste Reise» ikkje rakk fram. Ho dukka opp mindre enn eitt minutt etter dette blei kunngjort. Det begge gjester har til felles, er sjølvsagt at dei har laga bøker om polarheltar. Ousland er aktuelle med «Reise ins ewige Eis – Wie Werde ich Polarforscher», den tyske utgåva av «Din Ekspedisjon med Nansen», ei pedagogisk teikneseriebok om Frithjof Nansen. Kristensens bok handlar om Amundsens siste ekspedisjon. Ousland tok også opp denne historia i den siste polarheltboka si, men ettersom den ikkje er omsett til tysk, blei den ikkje trekt fram her.

Anna Fiske blir intervuja av Erle Marie Sørheim.

Anna Fiske var kanskje den minst profilerte av dei norske Frankfurt-gjestene som opererer innanfor teikneseriemediet. Til liks med Bjørn Ousland er ho etter kvart mest kjent for pedagogiske barnebøker som er i grenseland mellom teikneserie og bildebok, og i hennar tilfelle har ho blitt hylla for å lære barn om kroppen på ein grei og likefram måte. – Eg er ærleg om ting som er vanskelege å snakke om, og barn elskar det, skrøyt ho, – Ikkje pakk det inn! Intervjuar Erle Marie Sørheim kunne stadfeste dette. Ho hadde gitt Fiskes bok «Hvordan lager man en baby?» til niesa si, og søstera takka henne etterpå for å ha spart henne for mykje pinligheit.

Denne boka er ikkje ute på tysk ennå (sjølv om den er på veg). Derimot blei «Alle har en bakside», nyleg blei lansert i Tyskland under tittelen «Alle haben einen Po».

Bjørn Ousland og Øyvind Torseter (f.v. med ryggen til) stunt-teikner ut frå stikkordet «spiritualitet». I midten: moderator Wolle Strzyz.

Dei fleste presentasjonane på bokmessa var av det trauste slaget, med unnatak av eit lettare innslag som tilførte det heile ei god gamal festivalkjensle. På laurdag ettermiddag stilte Martin Ernstsen og Bjørn Ousland opp på ein «Comic Battle» mot to tyskspråklege serieskaparar, David Boller (sveitser) og Joscha Sauer (frankfurter). Alle opptredenar med norske serieskaparar var velsigna med fullt eller nærmast fullt hus, for interessa for det norske æresgjestprogrammet var enormt. Men i samband med dette innslaget var det tre gonger fleire ståande tilskodarar enn sittande. Utfordringane som blei følgt opp av dei to konkurrerande gruppene («spiritualitet», «Norge», «bokorm», «pubertet og gummibjørnar» og «undercover lunsjpause») viste seg å fleire gonger illustrere kulturskilnader på eit fortreffeleg vis, og stemninga vart etter kvart så høg og lett at det til slutt var allmenn uvisse knyta til kven det var som eigentleg vann.

(Øvst: Steffen Kverneland blir intervjua av Thomas Böhm om «En Frivillig Død» i festivalteltet Agora.)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *