Ny sjanse for bestisane

Med spionaction og etikettar skal ein ny generasjon vinnast for italoDisneys jenter.  

I 2012 prøvde Disney å oppdatere Minni og Dolly for eit tiltenkt publikum av moderne tween-jenter i magasinet Minni & Dolly. I den nye inkarnasjonen møtte vi Disney-teikneserianes førstedamer som unge, trendy og aktive BFFs i eit high school-miljø inspirert av Disney Channel-seriar. Eg veit ikkje korleis dette slo an internasjonalt, men i Norge kom det berre fire utgåver.

Men ein franchise har tusen liv, og bladhyllene er framleis fulle av Donaldpockets og deira spesialutgåver. Dei moderniserte Dolly og Minni får ein ny sjanse i ein spesialpocket, som superspionar.

Dei er framleis på high school, og framleis bestisar, men fokus er endra frå trivielle sitcom-situasjonar til humoristisk spionaction. Premissen i grove trekk er at Minni er nykomlingen og feltagenten, mens Dolly er veteranen og vegleiaren (også kjent som «stemmen i headsetet»). Eit velkjent oppsett som er eigna til å skape rask gruppedynamikk.

Donald og Mikke er også med, men så langt i perifere rollar. Mikke er visst ein hemmeleg agent, så hemmeleg at han nektar for si identitet til Minni. Eg var redd dette identitetsspelet skulle bli ein keisameleg running joke, men serien bruker det heldigvis berre eit par gonger.   

Konseptet med high school-spionjenter er skvisa til siste dråpe før; Disneys eigen Kim Possible slutta i 2007, og Totally Spies! ga seg i 2014.  Men det kan vere lenge nok til at denne serien har nyheitens interesse hos ein ny generasjon.

Forfattarteamet Valentina Camerini og Riccardo Pesce det same som i 2012, men dei prøver i alle fall å gi serien ein slags eigenart innan den nye subsjangeren. Formatet dei opererer i, er svært avgrensande samanlikna med andre Disney-actionseriar frå nyare historie,  som WITCH eller Fantonalds Nye Eventyr. Kvar historie er på 24 sider, og må stå for seg sjølv. Då er det ikkje så rart om ein typisk Dolly og Minni-historie er full av bråvendingar, rolleforvirringar, subversjonar og raske, beleilege naudløysingar. Serien er kanskje på sitt beste når den finner den rette balansen av humoristisk paranoia.

Iblant går det over styr; aller verst i «Operasjon Narhval», ein historie som eg etter gjentekne lesingar ikkje greier å finne ein god samanheng i. Nokre gonger får ein inntrykk av at forfattarane er litt meir ambisiøse enn dei har talent til, men det kan også vere eit tilfelle av for mange kokkar. Den mest lettfattelege historia, «Dobbeltagenten» er skrive av Camerini aleine.  

Mykje er då opp til den faste teiknaren, Giada Perissinotto. Ho er tidlegare kjent frå WITCH, og har nok tatt seg manga-estetikken derifrå, men i «Dolly og Minni» er denne estetikken mykje meir aksentuert, og det berande uttrykket i serien.

På leiting etter eit litt meir originalt grafisk element å krydre med, har ho valt å gjere utstrekt brukt av etikettar (kjent som «stickers» på internasjonalt online-kommunikasjonsspråk) som ei erstatning for chibiar. Det er ein rein gimmick utan dei heilt store potensialet for verken komedie eller handlingsframdrift, men nokre gonger treng ein berre litt ekstra kulør.

Og chibiar er berre så 2008, ikkje sant. Disneys førre store teikneseriesatsing for jenter, Real Life, elska chibiar, og den varte ikkje lenge.  Dolly og Minni Superspioner har i alle fall fordelen av velkjende figurar, noko som kanskje kan sikre serien ei handfull pocketbøker på norsk.  I beste fall gjettar eg på ein moderat suksess på linje med Fantasy-Donaldpocketane.



Donald Pocket Presenterer: Dolly og Minni (er) Superspioner
Skrive av Valentina Camerini og Riccardo Pesce
Teikna av Giada Perissinotto
Fargar av Arcania Stuios
Omsett av Jens E. Røsåsen
200 sider
99 kr.
Egmont


Les også:
Anmelding av Minni & Dolly (2012)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *