KVA ER SERIEFERIE?

00 SerieFerie 01

Tore Strand Olsen og Berit Petersheim tenker lenger enn berre til Serieteket. Dei vil gjere 2018 til SerieFeries år.

På eit seminar som blei arrangert i samband med Seriefest i november 2017 var det at serieskapar og kurshaldar Tore Strand Olsen, samen med dagleg leiar for Serieteket, Berit Petersheim, kunngjorde planane for eit ambisiøst kursprosjekt. SerieFerie er meint å vere eit teikneseriekurs for barn og unge som ikkje reiser vekk i skuleferiane.

Berit Petersheim 02
Berit Petersheim på Seriefest

Petersheim har begynt å sende ut invitasjonar og informasjon om SerieFerie til bibliotek, kulturhus, fritidsklubbar og liknande institusjonar. Dei som måtte vere interesserte får tilsendt kursmateriell, og initiativstakarane håper at dei første SerieFerie-kursa kan vere klare til sommarferien 2018.

Det dei kan tilby interessentane, i tillegg til kursmaterialet, er kontakt med profesjonelle kurshaldarar, teikneseriehefter og tilbod om publisering av dei resulterande teikneseriane på nett, Til det sistnemnte føremålet ønskjer Olsen og Petersheim å opprette ein SerieFerie-nettstad. Arrangørane må sjølve søke om middel til å arrangere kurs og til å lønne kurshaldarane.

00 tegn serier 01
I fjor ga Tore Strand Olsen som kjent ut «Tegn Serier!», ein grunnleggande innføring i korleis ein lager teikneseriar. I år han eit skritt vidare med sine pedagogiske prosjekt,

Målet er vidare å involvere så mykje som mogeleg av Teikneserie-Norge. I byar som Oslo, Bergen, Stavanger, Kristiansand og Mosjøen (kanskje etter kvart også Trondheim, Tromsø, Bodø og Akkerhaugen) finst det miljø for serieinteresserte og/eller serieskaparar. SerieFerie ønskjer å samarbeide med desse miljøa. I 2018 er det dessutan planar om å presentere SerieFerie på så mange festivalar som mogeleg, inkludert OCX, Raptus, Comnicon, Stribefeber, Seriefest og Mosjøen Comix Con (med førehald om at alle desse vert arrangert etter planen i år).

SerieFerie er ein måte å gjere Seriefest nasjonalt på, forklarte Tore Strand Olsen på Seriefest-seminaret i november. Han legg ikkje skjul på eit av siktemåla med SerieFerie er å opprette eit nytt antologiblad med teikneseriar for barn og unge. Tidlegare var han involvert i «Propell», eit stranda forsøk på å opprette eit barneblad med nye, norske barneseriar (det resulterte i ei enkelt bok, i 2006). Bladet som Olsen og Petersheim ser for seg, skal kome ut tre gonger i året, til haust, vinter, og sommarferien, men kjem etter alt å døme ikkje til å trykke kursseriar. I staden ser han for seg at dei skal innehalde seriar laga av profesjonelle serieskaparar. Men bladet skal også ha seriar av nye talent, og bidrag frå lesarane, i form av t.d. historiar og manus skrive av barn, og teikna av profesjonelle serieskaparar. Her skal det ikkje nølast lenger enn strengt nødvendig: Eit prøvenummer kjem til sommarferien 2018, og første ordinære utgåva kjem til haustferien.

00 bloksberg
«Bloksberg» var ein av to seriar som Tore Strand Olsen var involvert i med Propell-prosjektet

Alle teikneserieblad for barn er merkevarer i dag, ingen er norske, forklarte Tore Strand Olsen på Seriefest. – Norske teikneseriebøker for barn finst, men ikkje blader. Er det mogeleg å konkurrere med Donald Duck?

Draumen om eit heilnorsk teikneserieblad for barn er altså ikkje lagt daud ennå.