Teikneserietreff

Midtsommar-edition

Å koordinere eit treff tett opp til fellesferien blir som regel komplisert, skjønt med tanke på seriX-medlemmene sine rutiner for ferie og avkopling viser det seg ofte å vere problematisk når som helst på året. Men på teikneserietreff hos Barbarista torsdag 20. juni var både Kristian Hellesund, Arild Wærness, Øystein Nordvik , Trond Sätre og Frank Flæsland til stades for å drøfte aktuelle saker frå det norske teikneseriemiljøet (mykje av det klassifisert). Men dei medbrakte publikasjonane som blei drøfta var:

Phantom Christmas Special. Australsk privatimport som blei trukke fram fordi heftet inneheld den siste Fantomet-historia som gjekk i Aftenposten.

Phantom 2019 Annual – War. Også australsk privatimport, ei samling krigshistoriar med Fantomet som varierer frå ein Moore/McCoy-teikna propagandaserie frå 2. verdskrigen til «It Tolls For Thee», ein Vietnam-historie laga i Australia.  

Wake Up: Frame Prague Comic Art Festival – Antologi frå Centrala, fyldig og variert, om nødvendigvis ujamn samling med aust-europeiske teikneseriar.  

Hit-Girl av Pernille Ørum

Hit-Girl i Hollywood # 1 av Kevin Smith og Pernille Ørum. Dansk utgåve av amerikanske Hit Girl Season 2 # 1. Utgåva er på fint papir, men er overprisa, særleg samanlikna med originalutgåva. At danske Ørum teikner heftet er sjølvsagt ein viktig årsak til at denne omsetjinga ser dagens lys (rett nok er det lite dialog i første nummer, men det tek seg opp seinare)

The Cartoon Guide to Chemistry av Larry Gonick og Craig Criddle. Gonick har tidlegare laga verdshistoria i teikneserieform, Cartoon History of the Universe (deler av den blei omsett til norsk med tittelen «Ned Fra Trærne»). Her gir Gonick og Criddle same infortainment-behandling til kjemien.

The Physics of Superheroes av James Kakalios. Ei svært vitenskapeleg og nesten utelukkande tekstbasert analyse av fysikk i superheltane si verd.

Cells at Work av Akane Shimizu. Osmosis Jones, Jakten På Nyresteinen eller Øystein Rundes Stamceller – samanlikne med kva du vil, men premisset er uansett at denne mangaen følger eventyra til antopomorfe celler i ein menneskekropp. Dei to heltane er henholdsvis ei raud og ei kvit blodcelle sin endalause kamp mot bakteriar.

Daniela Schreiter om autisme

Schattenspringer 3 – Spektralfarben av Daniela Schreiter. Tredje bindet i serieskaparens føljetong om korleis det er å vere autist i eit moderne samfunn. Mens dei første to bøkene var sentrert rundt Danielas eigne erfaringar, er denne basert på intervju med andre menneske som lid under ulike variantar av autisme.

Nimona av Noelle Stevenson, norsk utgåve. Fantasyserie som imøtegår og subverterer tradisjonelle oppfatningar om kva som gjer folk til «dei gode» og «dei onde» i sjangerteikneseriar.

Desse korte tekstane til bøkene er skrive av meg, og er ikkje nokon nøyaktig presentasjon av kordan dei blei drøfa på treffet. Still gjerne opp neste gongen og ta med ein venn eller to.

Kvar omtalte publikasjon er lenka til ein stad der ein kan kjøpe denne, men for ordens skuld, ingen tener nokre pengar på desse affiliatelenkene. Alle lenker er søkt opp med Google, og er kontrollerte til å vere i presentabel stand. Handle teikneseriar der du er komfortabel med det, så lenge du betaler for deg. 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *