Intime fantasier

Intime fantasier

Den Chicago-baserte teiknaren Gina Wynbrandt har dei siste åra fått mykje omtale og vunne prisar for dei seriane ein finner i denne boka. Det er lett å forstå.

Boka er ei samling i pocketformat med fem historier i fanzinelengde, trykt i rosa og blått, som for enkelte vil minne om Risograf-estetikken som har vore så populær dei siste åra.

Eg er såpass gamal at i min ungdom så var det kun gutar som i populærkulturen var kåte og desperate,  med den kanadiske komedien «Porky’s» frå 1981 som eit lysande eksempel. No er det vel nokre år sidan det vart «ok» for jenter å køyre det same,  og Wynbrandt er til dels eit eksempel på vegar jenter no kan gå i slike historier, som gutar ikkje kan.

I historier som startar som dels sjølvbigrafiske men som ho sjølv skildrar som ca 70% vill fantasi,  er Wynbrandt sjølvutleverande og grenseoverskridande, men utan å vere klein då humoren mest går utover ho sjølv. Frå historien om henne som fanatisk belieber til ungdomsminner til ein erotisk kattefantasi og ein mjukpornografisk detektivhistorie, så er dette ei salig blanding av jordnær sjølvironi og sexhungrig fabulisme.

Mennene i serien er så absolutt berre med for å vere sex-objekt, utan at eg skal klage for mykje på det. Eg fann boka morosam og velgjort, men eg mistenker at hovudmålgruppa er unge kvinner og at dei kanskje vil motta den med meir entusiasme.

Wynbrandt startar med det nære, gjenkjennlege, og tek oss steg for steg, utan at vi heilt er klar over at vi krysser over ut av røynda, inn i noko heilt anna – Inn i  frenetiske, tidvis desperate, nevrotiske feberfantasier, der ho, som ein slags anti-barbie, framstår som inkongruent i forhold til korleis vi er vane med å sjå slike fantasier. Frå å verke ukomfortabel i sin eigen, noko lubne, kropp til å framstille seg sjølv i forlokkande «Playboy»- positurar utan hemningar, utan tvil, utan skam, utan å kjenne seg  uattraktiv.  Hennar fantasipersona er til tider så trygg på seg sjølv at det vert hypnotisk å sjå ho legge seg etter og erobre unge menn med modellkropper.

Og til tider er ho så langt nede at ho let seg bruke utan sjølvrespekt.

Motsetningane, kontrastane og den elegante måten desse vert bunde saman på er veldig engasjerande. Det er ei framstilling som eg tenkjer det vil vere vanskeleg å forholde seg nøytral til. Eg merka sjølv at her var det bølgedalar der eg sat med tanken at «eg kan ikkje tru at ho gjekk så langt de vegen – og deretter så langt hin vegen».

Absolutt eit friskt pust i teikneserievrimmelen, sjølv om mine gamle auger sleit litt med nokon sider med liten tekst.

Kan noen vere så snill å ligge med meg
Av Gina Wynbrandt
ISBN: 978-82-93583-01-1
144 Sider
280 kroner
Blokk Forlag

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *