24 timar vel anvendt

Romantasy forside

Heile 22 bidrag kom inn til Oslo 24 timers tegneseriemaraton i år. I juli og august har Serienett gått gjennom alle i ein spesialserie på våre sosiale media.

Maratonen blei gjennomført i løpet av 24 timar Lillestrøm bibliotek, like før OCX. Som vanleg blei alle bidrag trykka opp i individuelle fanziner i tide til marknadsteltet, som opna på OCX fredag 12. juni

Sjølv med mange debutantar, er årets Oslo 24t prega av profesjonalitet. Dei færraste av bidraga har endt i noko som liknar eit skissestadium mot slutten, og bruken av store ruter har ikkje vore veldig påfallande. Ein får inntrykk av at kvar teiknar har hatt ein plan hen greidde å halde seg til, med ein ganske konsistent strek. Tematisk er variasjonen stor, rett nok med mange sjangerteikneseriar, men like mykje fabel og satire som reindyrka fantasy. 

Denne artikkelen samlar alle anmeldingane til Serienett, unntatt dei som var omtalar av 24 timars-hefta frå Buskerud Folkehøgskole i vår. Desse kjem i ein eigen artikkel.

Hefta er ikkje i vanleg sal (ein kan typisk berre vere sikker på å finne dei under årets OCX). Er du interessert i å kjøpe og lese nokre av dei sjølv, har du kanskje best sjanse om du oppsøker dei individuelle bidragsytarane direkte. Men Überpress har ennå nokre få komplette sett til sals.  


I samme båt – En romantasy (sjå forsidebilde) av Linn-Catherin Hansen og I samme båt – En sjørøverhistorie av Bård Lilleøien

Eg begynner med desse to hefta med parallelle forteljingar som Linn og Bård har laga i kompaniskap. Begge historiene går føre seg på same skipsreise, og følger to ulike hovudpersonar som ønsker å bli kunstnarar av eit slag. Dei er på det same skipet fordi dei søker inspirasjon.

Begge serieskaparar er profesjonelle nok til å halde på ein jamn og sikker strek gjennom kvart sitt hefte. Som forteljar er det imidlertid Linn som er best på å operere med eit avgrensa sidetal. Bård treng litt meir plass for å finn forma. Begge har ein litt sær humor som kler miljø og format, men Linn får meir ut av sitt hefte. Det hjelper kanskje at ho har valt å spele vidare på ein påbegynt mytologi: «En romantasy» er eit direkte framhald av fjorårets «Den søte døden».


Lille Oslo
Av Jone Skjære.

Triveleg liten sak om kvardagen til ein trikkeførar. “En mann med godt humør” hadde vore ein passande alternativ tittel. Streken er brei, utflytande og todimensjonal og Skjære er betre til å teikne folk enn trikkar. Men han har ein teknikk for å få det til å sjå bra ut under ei stram tidsramme. Han har humor, eigenart og spenst, og fonten er like brei og grov, og samstundes like lettfatteleg som teikningane.


24H Grammatikk

Grammatikk Grimoire
Av Knut J. Håland

Ein surrealistisk historie om ordbruk. Ikkje så moraliserande som eg først frykta, men opent for sjeldan mange tolkingar til ei 24t-fanzine å vere. Visse denne karen får prøve seg som auteur på ein fullgod norsk teikneserieroman noko gong, kan han enten bli hylla som eit geni eller drive folk som meg til vanvit. Uansett, han er ganske god som teiknar også. Han har ein vestleg orientert stil, konsekvent gjennomført, men med ei breidde som står i stil med hans surrealistiske forteljarmåte.


24T Stjernekikkeren

Stjernekikkeren
Av Ruben Olsrud

Ein slags “origin story”- ein teikna fanfic om du vil – for Tobias i Tårnet. Ja, han frå Kardemomme By. Serieskaparen har vore kreativ med korleis han bygger historia opp mot dette sluttpunktet, og det forklarer også kvifor han er så nøye med å teikne den unge Tobias’ stjernekikkartårn ordentleg kvar einaste gong. Han har elles lagt seg på ein moderne norske stripestil i teikninga, og om han tek visse grafiske snarvegar, er han veldig nøye med alltid å teikne ikkje berre tårnet, men også figurare så dei ser konsistente ut. Dei, og kardemommeplantane, som naturleg nok blir eit viktig frampeik. Ein frisk, men respektfull alternativ tolking.


Fugleperspektiv

Fugleprespektiv
Av Kelly Andersen

Fabel om ei jente som ved hjelp av ein kjempefugl får nytt perspektiv på den Lofotaktige heimstaden hennar.

Streken er god, det sjøgrøne fargemotivet er komfortabelt og ideelt for stemningsskaping. Teiknaren er også nøye med å teikne landskap på praktisk tala kvar einaste side, noko som eit rosverdig omsyn til detaljar. Bakgrunnar er ofte det første som blir prioritert vekk når ein skal prøve å teikne 24 teikneseriesider på eit døgn.

Teiknaren bruker også digital font, noko som mange 24t-deltakarane ser ut til å bevisst unngå. Viss det er lov, så gjerne for meg, for handskrive tekst mistar litt av sjarmen når dei blir vanskelege å lese. Sjølv om det er så som så med serieskpararens grammatikk i dette tilfellet.

Forresten er det ein feil i trykket av heftet. Ein seks siders sekvens om kvalsafari er kome på slutten, etter at historia eigentleg hadde fått ei naturleg konkusjon og avslutting. I den digitale versjonen som eg fekk lese etterpå, kjem sekvensane i rett rekkefølge.


24H 26 ranter

Jeg ranter, derfor er jeg!
Av Inga H. Sætre (usignert)

Eg måtte bruke qr-koden for å identifisere serieskaparen bak dette heftet. Grunnen til at det er anonymisert, skuldast kanskje at Inga Sætre syntes serien blei så personleg at ho ville skape i alle fall litt distanse? Den begynner med at Inga har skrivesperre når ho er på veg for å delta på 24t-maratonen i Lillestrøm, og løysinga hennar blir å tenke høgt. Inga er er ein profesjonell, så det viser seg å vere eit system i det ho kallar “ranting”. Ho er flink med ord. Og fordi ho er profesjonell, passar ho også på at handskrifta hennar er lesbar. Ein veldig viktig detalj ein 24t-serie der teksten står sentralt, og der det er så mykje av den at det faktisk tek litt tid å lese. Ikkje for det, ”Ranter” er også visuelt allsidig og kreativ, og dessutan delvis i fargar.


24H 25 hender

Hender
av Hanna Nikoline Støen

Hender er vanskelege å teikne, er eit slags mantra for teiknarar, og i sitt 24t-bidrag av 2026 verkar det som Hanna Nikoline Støen rett ut utfordrar denne tankegangen. Er det ikkje rart at folk er redde for å teikne hender, spør ho innleiingsvis. «Hender» er ei døme på det eg vil kalle ein essayteikneserie, dvs. at serieskaparen illustrere sine personlege tankar om eit tema, i dette tilfellet – Det tittelen seier. Og ho er ganske god til å teikne hender – knudrete og til dels uregelmessige rett nok – men også visuelt er serien meir allsidig enn som så. Konklusjonen er meir banal enn i «Ranter» ovanfor, men poenga er ikkje så dumme, og teksten er underhaldande.


24 T opp ned

Opp-ned
av Sjur Sørli

Ei forteljing om ei jente som, vel, tyngdekraften ikkje fungerer for, og kvardagen hennar. Ein kvardag som er like vanskeleg som den høyrest ut til, og serieskaparen utnytter slapstick-potensialet i konseptet til fulle utan at det bikker over i rein komedie. Inga forklaring, og heller inga løysing, men historia får ei tilfredsstillande avslutting likevel.

Sjur Sørli er storyboarder av yrke, noko som kan forklarer korleis serien kan vere så gjennomført, om enn grov, i streken, og ha så mange detaljar.


24H 26 Jotunheimen

Vandring i Jotunheimen
Av Eivind Eriksrud

Eivind Eriksrud hadde eit bidrag i første utgåva av manga-antologien Kibo i fjor, men det ser ikkje ut til å ha nokon klar samanheng med dette heftet. Likevel så kjennest “Vandring i Jotunheimen” som vi kjem midt i ei historie. Ein ikkje namngjeve manga-actionhelt (eller parodi på ein slik) befinner seg i eit Jotunheimen som er ei blanding av nasjonalparken, det mytologiske Utgard, og ei dystopisk fabelverd befolka av monstrøse insekter. Om historia gir lite mening utan kontekst, fungerer den som ei rein actionsekvens, Teiknaren si surrealistiske tilnærming til omgjevnadane gjer det dessutan lett for han å fylle rutene med spennande og litt gufne detaljar.


24H 26 Reverie

Reverie – An angel’s observation log
Av Heidi Yi

Kanskje den mest ambisiøse 24T-serien eg har lest hittil i år, narrativt og filosofisk. Tittelen seier det meste; historia består av refleksjonane til ein skytsengel med eit eigentleg ganske ambivalent forhold til si oppgåve. “Reverie” er endå meir ordrik enn Inga Sætres “ranter” utan at det går på bekosting av teikingane. Den manga-inspirerte teiknaren Heidi Yi (truleg den same Heidi Yi som nyleg har halde “Tegnetid” på Risør bibliotek) har eit mangfaldig grafisk uttrykk, og får ofte sagt meir med bildene enn med teksten, tross alt.


24 T Sonja

Sonja
Av Remi Schøyen

Denne spøkelseshistoria er nokså ambisiøs, i sin grafiske presentasjon, til formatet sitt å vere: Få til inga heilsides ruter her. Derfor er det synd, men kanskje naturleg, at teikneserien blei redusert til skisseformat i andre halvdelen (noko teiknaren innrømmer i etterordet). Men ein ser at utøvaren eit talent, og at han er på veg oppover.


24T Ella 12

Ella XII
Av Regine Toften Holst

Etter tretten historier (inkludert ein julespesial) greier Regine å halde soga om den uheldige eventyraren Ella frisk, om enn noko formularisk. Denne gongen går det ikkje så aller verst for henne når ho prøver å skaffe ein dusør for å betale ein billett.

Regine bruker det som eg i 24t-samanheng vil kalle bokstøtte-teknikken. Dvs. at ho teiknar 24t-serien sin så den ser best ut på begynnelsen og slutten og – om nødvendig, og av tidshensyn – slurver litt med midten. Betre det, enn å gradvis la det flyte ut. Det hjelper at ho som alltid er ein dyktig og allsidig teiknar, sjølv om ho ser ut til å ha trappa ned på teikneserieaktivitetar.


24H Dawgs

Dawgs
Av Alexandra Leong

Teikna i ein litt meir retro stil som minner om klassiske stripeseriar, kanskje til og med litt om claire ligne. To venner må spore opp to løpske hundar. Lite tekst, mykje rørsle. Eit så enkelt plott passar bra til både tidsfrist og teiknarens evner, og ho får det til å sjå pent ut, sjølv om ho må ty til dei vanlege 24t-verkemidla som store ruter og mykje tomrom.


24 T Yoichi

Ashes of Yoichi
Av Ellen Zhang Chang

Som allereie tittelen tydeleg hintar om, er dette introduksjonen til ein planlagt lenger historie. Ikkje noko gale med det, eg er overraska over at ikkje fleire serieskaparar bruker 24t-arrangementa til å lage slike. Konseptuelt og av utsjånad framstår dette som ein mørk manga-fantasy. Dei to karakterane vi blir kjente med verkar litt interessante, konseptet er greitt forklart og teikneserien er teknisk god. Einaste problemet er at serien er visuelt kjedelig fordi den er så tekstbasert


24H 26 speil

Speil
Av Sanne Bach-Gansmo

En psykologisk grøssar om ein spegel som rotar med verkelegheita di. Eg sit igjen med ei kjensle av at historia hadde trengt meir plass for å fungere ordentleg, men den semi-realistiske streken er konsistent, og serien ser god ut. Ikkje minst fordi den er heilt i fargar, som den første av årets Oslo24t-hefter eg fekk sjå på.


24H 26 Hjertesten

Hjertesten
Av Erica Hodne

Teiknaren kjenner eg ikkje frå før, men eit raskt søker viser at Erica Hodne er ein fantasy-kunstnar med eit femsifra antal følgjarar på Instagram. Tonen hennar kan beskrivast som mørkt stemningsfull, med Tove Jansson og Miyazaki som sannsynlege inspirasjonar. Det siste er særleg tydeleg her.

Historia om ei lita jente som må finne den titulære hjartesteinen for magiske vesen har ein veldig enkel handling og bodskap, men det er stilen og den før nemnte tonen som griper lesaren. Hodne meistrar skraverings -og skuggeleggingsteknikkar som gir djupne og fylde til seriens vesle univers (som kanskje slett ikkje er så lite likevel). Ja, ho er mest på nivå med Tuva Synnevåg, og det er eit stort kompliment.

Då får det heller våge seg at strengt tatt er serien på 22 sider i staden for dei vanlege 24. Og at den kunstferdige fonten kan vere vanskeleg å lese fleire stader.


24t Mistet og funnet

Mistet & Funnet
Av Aiden Østby Johansen

Ein ung mann finner ei leiken eldfuge på eit antikvariat. Eller er det noko heilt anna, og magisk? Det meste av historia handlar i alle fall om at han jagar det.

Bodskapen rundt kva den flygande lyse tingen er, var heilt sikkert velmeint, men historia fungerer aller best som eit påskot for å lage ein visuelt aktiv teikneserie med mykje rørsle og variasjon. Dei tjukke, grove linjene sørger for ein konsistent strek, men fargane er så mørke og dempa at dei øydelegger noko av heilskapssinntrykket. På den andre sida er dette ein av få 24t-fanziner i år som er forsøkt laga heilt i fargar, og det tel for noko.


24H 26 Hakari

Hakari og det snakkende sverdet
Av Tomas Ryden Klingenberg

Alt ved coveret til dette heftet roper “mangakomedie”, og den noko enkle kategoriseringa passar delvis på denne (introduksjons-) forteljinga om ein samurai og det forheksa sverdet hans. Men teiknaren er ikkje bunden av mangaens visuelle konvensjonar. Vinklingar, positurar og karakterdesign tyder på eit breitt inspirasjonsfelt. Streken er noko ujamn, men Klingenberg – som var med på Oslo24t i fjor også – har ein energisk og kreativ stil. Dette såg vi også i fjor.


24H 26 New life

New life
Av Liana Hennum Aas

Ei ung jente blir venn med ein drake. Det er ein populær og klassisk fantasi, fortald i mangastil. Todimensjonal, men rein, pen og gjennomført. Og berre roleg, det er konflikt her også, og ein moglegvis litt uventa vending. Ikkje nødvendigvis i den rekkefølga. “New life” er nok ein av desse 24t-seriane som verkar å vere starten på ein lenger føljetong, og historia sluttar med mange spørsmål. Eg tek gjerne ein kikk på den eventuelle oppfølgjaren også, kor og korleis den nå enn måtte komme.


24 T Fenris

Fenris stikker av
Av Alf Christian Saasen

I Saasens tredje bidrag til ein 24t-maraton held han fram med det norrøne mytologi-temaet, men denne gongen mykje meir spesifisert enn i fjorårets “Krigsgudinne”. Ulven er laus, for å sitere ein annan teikneserie om norrøn mytologi, og oppassaren hans blir sendt ut av Odin for å finne Fenrisulven.

Kven er opppassaren? Loke, Ty eller ein heilt anonym ås? Interessant nok får vi ikkje vite det, heilt i tråd med Saasens kokette og minimalistiske forteljarstil (det er ikkje Tor, han har ein annan rolle i serien). Også i tråd med Saasens stil er monsteret godsleg, men ikkje ufarleg, og mykje av humoren spelar på denne kontrasten.

Serieskaparen bruker nokre store ruter (mest med Fenrisulven som spring) for å fylle plassen, men er nok ein gong dyktig på komposisjon.


24 T Dekomp

Dekomposisjon
Av Vivian Nguyen

Ei ordlaus forteljing om å plante og å dyrke. Men siden den er signert av serieskaparen også kjent som LaweyD, har serien sjølvsagt ei mørk og forstyrra kjensle. I tillegg til hint om det surrealistiske, som blir veldig tydelege mot slutten. Bruken av gråtonar, som Nguyen er så nøye på, sørgar for ekstra fylde.

Nokre av sidene består berre av ei rute, men andre sider består av ein masse små ruter med fleire detaljar, så du får ikkje inntrykk av at dette er noko Nguyen sleit for å fullføre i all hast. Heile produktet har noko verdig og andektig over seg.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *