Serienett gir ei litt nærare analyse og vurdering av sentrale plottelement i “Lunas tåre 2- Mandumsprøven”. NB! SPOILERAR!
Denne artikkelen er meint å vere eit supplement til (den spoiler-frie) anmeldinga vår av same boka. Viss du ikkje har lest “Mandumsprøven” ennå, bør du vurdere om du skal lese vidare eller ikkje. Du er advart.

Ringskrømt over elva
Eg omtalte Fendrick primært som ein Darth Vader-imitator i anmeldinga av førre boka, men i denne boka er det tydeleg at Bård Lilleøien vil vi skal tenke Ringenes Herre når vi ser han. Akkurat som ringskrømta, som han også liknar på, unngår Fendrick å krysse rennande vatn, og eg trudde først det var ein logisk inkonsistens i historia då han til slutt likevel prøvde krysse ei elv i eit forsøk på å nå igjen Perle og Rebekka. Ved nærmare undersøking viser det seg imidlertid at det stemmer overeins med inspirasjonskjelda. Ringskrømt er redde for å krysse rennande vatn, men det er fysisk mogeleg for dei å gjere det. Akkurat som ringskrømta i “Ringens brorskap” blir Fendrick tatt av ei bølge når han omsider prøver å krysse vatn, men i motsetning til i Ringenes Herre nektar alvane for at det var dei som sendte bølga.
Kven som gjorde det då, er ikkje klart, men eg har ein teori om det var Rebekkas bestemor(!). Vi har aldri sett henne, og det er meininga at ho skal vere død, men basert på kva Rebekka fortel oss om henne i denne boka, vil eg kalle dette ei kvalifisert gjetting.
Frå gamalt av elskar Bård Lilleøien populærkulturelle referansar, men denne gongen overforklarer han det; Rebekka beskriver scenen frå filmversjonen medan ho ser det same skje med Fendrick. Kanskje serieskaparen ville hjelpe yngre lesarar på veg?
Ambivalent ork
Sjølv om eg likte alvane best av de i nye bifigurane, skal eg seie til orkeguten Georg (Grorg) sitt forsvar at han er ein meir kompleks skikkelse. Han vil ikkje svikte dei nye vennene sine, Perle og Rebekka, men veit at orkane er på sporet av han, og at dei kan begå æresdrap på han, med farens godkjenning, viss han ikkje kjem tilbake med noko nyttig Dette som straff for at han rømte frå manndomsprøva i kamparenaen. I eit desperat trekk stjeler han kartet over Dumroth som jentene har prøvd å følge, sjølv om samvitet tydeleg plagar han.
Ambivalent orkesamfunn
Men tilsynelatande er sviket til inga nytte. Som nemnt i den spoiler-frie anmeldinga har kartet ei ukjent skrift (“kråketær”), og Georgs forsikringar om at han kan lese det blir ignorert. I staden blir han sendt til kamparenaen.
Utfallet av Georg si historie er det som forvirra meg mest med “Mandumsprøven”. For synes Gargarok, faren til Georg, at det under visse omstende er greitt at sonen skriv og les? Ein får inntrykk av det på slutten av boka, men ikkje på begynnelsen. Det som skjer i bokas tredje halvdel, er at Perle slenger ned ei flaske med eliksir (som ho fekk av alvane) til Georg. Ho veit frå tidlegare i boka at denne eliksiren gjer han modig (for ikkje å seie overmodig), og ganske riktig: Plutseleg går han med dødsforakt laus på trollet som han slåst med på arenaen. Rett nok blir han straks knust uansett. Perle og Rebekka tilbyd seg å ta hans plass (sjølv om Rebekka gjer det noko motvillig) og det er berre takka vere eit par blaute tyrefektingsvitsar at dei alle saman overlever kampen.
Og så er plutseleg Gargarok stolt av sonen og heilt okay med at han vil bli både diktar og litterær. Så det einaste kravet han eigentleg stilte til Georg er at sonen skulle vise seg modig (sjølv om han berre var modig på grunn av ein eliksir som Gargarok såg at Perle slengte til han) – Ikkje at han kan slåst? Orkesamfunnet er, som eg igjen har nemnt i den tidlegare teksten, litt meir komplekst enn det reint giftig maskuline inntrykket vi først får. At orkane kan verdsetje skriftkompetanse, kom likevel ut av det blå.

Ei venta overrasking
«Mandumsprøven» er som sagt eit mellomspel, og ender med at Perle og Rebekka blir henvist til ei sibylle som kan fortelje dei kor ønskesteinen «Lunas tåre» er. Berre for å få det sentrale plottet i gong igjen.
Men så er det ein viktig epilog: Ein scene der ein mystisk framand kjem inn på vertshuset Øltønna (som vi kjenner frå førre boka) i Dalberg ein sein kveld, og spør etter ei jente han omtalar som dottera si – vår Perle. Denne mannen er Mort Daurond, skurken frå Dadaph Serraph. Sjølvsagt er ikkje dette eigentleg ei stor avsløring. Dei som har lest Dadaph Serraph visste det heile tida. Hinta var så tydelege at hadde vore ei meiningslaus subversjon å skulle bryte med den forventinga. Og dei som ikkje har lest Dadaph Serraph forbinder jo ingen ting med namnet Mort Daurond frå før.
Men avsløringa var obligatorisk, og den kom til rett tid. Viss den hadde kome på slutten av førre boka var det kanskje for tidleg til at nye lesarar hadde rukke å bli tilstrekkeleg engasjert i spørsmålet om kven faren til Perle er. Dei to planlagde bøkene som gjenstår er passe med tid til å involvere og gi nok plass til Daurond, og dermed bygge vidare på Dadaph Serraph-Lunas Tåre som eit felles univers.













Mye gøyal gjetning her.
Skal ikke si for mye, men det med ringskrømt og vann stemmer, Tolkien nevnte det spesifikt. Men i myter om vandøde skapninger, er det flere som ikke kan krysse rennende vann, deriblant vampyrer. Hvorfor dette gjelder Fendrick, gjenstår å bli sett, men det er noe som vil komme opp i tredje bok.
Hva flasken angår, sitter Gargarok og drikker sin egen modighetseliksir(orkeøl) hele tiden. Jeg tror ikke han tenker spesielt over hva nå sønnen heller i seg.
Ja, kanskje han trudde det var vanleg orkisk himkok.