Øyer i et japansk hav

Øyer i et japansk hav

Anja Dahle Øverbye og ei handfull andre europeiske serieskaparar hadde eige program på den tidlegare reint (kulturelt) japanske festivalen Natsucon denne helga.

Cosplayarar på årets Natsucon
Cosplayarar på årets Natsucon

Trond Sätre

Den viktige festivalen Komiksfest i Praha, der norske serieskaparar har vore hyppig representert, kjem ikkje til å gå av stabelen denne hausten. I staden vil festivalen i ein annan tsjekkisk by, Brno, overta mykje av programmet. Men også den beslekta festivalen Natsucon har bidrege til å halde liv i ein tsjekkisk festivalkultur. Festivalen Natsucon, som i år vart arrangert den 19-21. august, er eigentleg ei feiring av japansk populærkultur, eller i alle fall det som vestleg (inkl. sentraleuropeisk) ungdom forbinder med japansk populærkultur. Festivalen, som finn stad i fem etasjar på rekneskapsskulenVOSE i Praha, har eit tett program, men ved hjelp av litt trådtrekning vart det også plass til innslag om europeiske teikneseriar. Rett nok berre tre timar (frå kl. 11.00-14.00) på søndag den 21., og i kjellaren der ein elles viser anime-filmar under festivalen. Det korte programmet var likevel allsidig og omfangsrikt.

Kristian Hellesund
Kristian Hellesund

Kristian Hellesund, som har vore aktiv i arbeidet med å promotere norske serieskaparar på Komiksfest gjennom fleire år, hadde ansvaret for programmet som hadde fått namnet Komiksblok. Han opna med sitt standardføredrag om interessa si for dei norske teikneserianes historie, inkludert proto-teikneseriar og ur-teikneseriar frå middelalderen fram til ca. 1900.

Rufina Bazlova
Rufina Bazlova

Rufina Bazlova frå Kviterussland er truleg ein av Aust-Europas mest originale teikneseriekunstnarar av i dag, og det norske publikum hadde høve til å bli kjent med henne på Stribefeber i fjor. Til dagleg bur ho i Tsjekkia, og leverte denne søndagen ein presentasjon av nokre av sine meir spesielle teikneserieuttrykk fortald på m.a. kjolemønster og bos.

Karolina Chyżewska som forteljar under “motion comic”-presentasjonen av hennar eiga bok
Karolina Chyżewska som forteljar under “motion comic”-presentasjonen av hennar eiga bok

Karolina Chyżewska hadde ein lovande debut med teikneserieboka Fast Wie Zu Hause (Nesten som heime) i fjor. I denne teikneserien tek ho, som andre generasjons innvandrar frå Polen til Tyskland, for seg jakta på sine røter i Krakow. Natsucon representerer også på ein måte røtene hennar, ettersom ho vaks opp med manga og anime, og ho innleia presentasjonen med ein kort «motion comic» basert på ei scene frå boka hennar. Karolina begynte å teikne i 10-årsalderen, og bestemte seg for å bli proff då ho var 14. Sjølv om hennar sjølvbiografiske teikneserie er eit godt eksempel på moderne, tysk teikneserietradisjon, fekk ho ikkje napp hos nokon forleggar før ho drog til Angoulême. Så langt er Fast Wie Zu Hause utgjeve på tysk, fransk og polsk.

2614
Det falt lett for meg å bruke situasjonar frå livet mitt, fortalde Karolina på presentasjonen. – Alle går gjennom identifikasjonsproblem. Hennar er kanskje forsterka av det faktum at ho er den einaste i familien som er fødd i Tyskland. Nå bur ho i Berlin, der ho oppdaga at boka har fått mest merksemd frå russiske og tyrkiske innvandrarbarn. Hennar neste prosjekt er ei samling med kortare historier, og ho venter også på eit manus frå ein polsk forfattar.

Anja Dahle Øverbye var som sagt den norske festivalrepresentanten i Praha i år. Ettersom «Hundedagar» ennå ikkje har blitt omsett til tsjekkisk, måtte ho sjølvsagt presentere serien frå botnen av. Men presentasjonen hennar opna med ei påminning til det tsjekkiske publikum om at Anja vann den første «Årets Tegneserie»-prisen på OCX i år. På spørsmålet om kva ho skulle bruke prispengane på, svara ho «å kjøpe meg tid». Mykje tyder på at Anja kjem til å bli meir involvert i teikneseriebransjen framover, sjølv om ho på arrangementet innrømmer at ho framleis ikkje les mykje teikneseriar. I mars i år flytta ho (med mann og barn) frå Kongsberg til Oslo, og kort tid før Praha-reisa kunngjorde ho opprettinga av eit nytt forlag, Blokk, med Ingrid Brubaker. Av meir konkrete planar arbeider ho med ein teikneserieroman tilsvarande «Hundedagar» frå studietida si i Bergen. Dessutan kjem lagar ho ein kort science fiction-serie saman med Anders Kvammen. Det vil seie, historia har dei laga saman, mens av sjølve serien lagar dei halvparten, 12+12 sider, kvar.

Elles vart det sjølvsagt mykje snakk om dei sjølvbiografiske trekka i serieproduksjonen hennar – Eg fortel om meg sjølv fordi det er det eg synes er interessant å dele, fortalte ho, men innrømme at det ikkje alltid fungerer så bra i ettertid. – Nokre gonger kan du angre deg, og vil ikkje snakke om det du har, men føler at du må.

Anja Dahle Øverbye (t.v.)
Anja Dahle Øverbye (t.v.)

Kvinnelege serieskaparar er stadig eit heitt tema, og vart uunngåeleg eit tema då Kristian Hellesund, tru mot vanen, avslutta programmet med ein paneldebatt. Deltakarane var i tillegg til dei tre tidlegare nemnte gjestene, Kristian sjølv og Tereza Drahoňovská, teikneseriejournalisten bak bloggen Laydeez Do Comics Praha .

Er det eit stigma mot kvinnelege teikneserieskaparar, ville Kristian vite, men fekk diffuse svar. Paneldeltakarane ga ikkje inntrykk av å ha merka så mykje til dette. – Berre journalistar spør om sånt, meinte Anja. Tereza Drahoňovská fekk ideen til Laydeez Do Comics Praha frå ein britisk blogg med same namnet, som presenterer seg som det første kvinneleia teikneserieforumet i UK. Ho oppretta ei tilsvarande blogg på tsjekkisk fordi ho ville snakke med andre jenter om teikning. Ho vil rekruttere jenter til teikneseriemiljøet, og har planar om å arrangere faste møter, men understreker at ho ser meir på dette som ei sosial greie enn som ei «kjønnsgreie».

Andre tema som vart tekne opp var format – med vekt på fråveret av ruter i delar av Anjas arbeid, og Rufinas bruk av alternative materiale. Festivalar – Anjas råd er å ikkje prøve å gjere seg større enn ein er, og framheva elles behovet for gode utstillingar. På det heilt konkrete spørsmålet om kva serieskaparane gjer med originalane sine, svarte alle saman at dei har dei heime, skjønt Anja la til (som eit slags apropos til siste tema) at ho hadde også prøvd å legge dei ut for utstilling og sal.

F.v. Kristian Hellesund, Karolina Chyżewska, Anja Dahle Øverbye, Rufina Bazlova og Tereza Drahoňovská
F.v. Kristian Hellesund, Karolina Chyżewska, Anja Dahle Øverbye, Rufina Bazlova og Tereza Drahoňovská

Sjølvbiografiske seriar var eit anna uunngåeleg tema, sjølv om mykje var sagt før, på dei individuelle presentasjonane – Mora mi gret av glede då ho fekk sjå boka mi, og det gjorde meg svært lukkeleg, fortalde Karolina. – Nå er eg berømt, sa mora, og la nok urealistisk mykje vekt på gjennomslagskrafta til ein debutants teikneserie. Faren kommenterte at ho kunne då teikne han betre enn dette.

Frå salen fekk den tsjekkiske teikneserieveteranen Lucie Lomová inn eit spørsmål kva paneldeltakarane liker best av å skrive eller teikne. – Å lages skisser, det er som ei pusleoppgåve, som sodoku, svara Anja. Når eg har historia klar er den beste følelsen, svara Karolina, – for å planlegge ei historie tek like lang tid for meg som å teikne den. – Leite etter idear, og finne gode idear, svara Rufina.

Det avsluttande spørsmålet var om det er nokre tema som er tabu for serieskaparane. – Nei, ikkje frå mitt eige liv, svara Anja. – Pedofili, svara Karolina først, men etter eit sekunds tenking la ho til at ho vel meinte å svare det same som Anja. Rufina svara avsluttingsvis: – Veit ikkje, vi får sjå. Men presise, sjølvbiografiske teikneseriar vil eg ikkje lage.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *