Pustepause i orkelandet

0 mandum front

«Mandumsprøven» er etter alt å dømme eit mellomspel, men eit særs velkomen såleis i Lunas tåre-sagaen. Bård Lilleøien er blitt betre både på drama og karakter.

Andre bindet av Lunas tåre held fram der vi vi slapp i første, «Over dal og berg». Perle og Rebekka har forlete byen Dalberg, men har ikkje rista av seg den mystiske og trugande Fendrick von Fandenskap ennå. Og viss du ikkje har lest første boka er ikkje det noko problem, for den gale guden Xut (endå ein figur som heng med frå denne seriens forgjengar, Sagaen om Dadaph Serraph) gir oss eit synopsis innleiingsvis. Dei to jentene har eit kart over seriens verd, Dumroth, men kan ikkje lese skrifta.

(Kartet på innepermen hadde leseleg skrift i første boka, men er skrive med «kræletær» i andre, eit kjekt og spissfindig lite grep til glede for dei mest observante lesarane)

På ein anna side av skogen blir den nerdete orkeguten Grorg (Georg blant venner, som han moglegvis ikkje hadde nokre av før i denne boka) kjeppjaga frå orkebyen fordi han ikkje vil gjennomgå den titulære manndomsprøva på kamparenaen. Han kans lese skrifta på kartet…kanskje I mellomtida, medan Perle og Rebekka er på leiting etter varme (dvs. aktive) ønskesteinar, møter dei på to omflakkande poetiske emo-alvar, Malekitt Månestein og Bastian.

0 mandum 01

Både dei og Georg blir i tur og orden følgjesvener for våre to heltinner og alle tre er definitivt meir enn berre vitsar og arketypar, sjølv om dei kan verke slik ved førsteinntrykka.. For karakter står sentralt i «Mandumsprøven». Sjølv orkane, som visstnok berre bryr seg om slåsting og fråtsing (unntatt Georg), har nokre nyansar. T.d er dei stort sett høflege mot besøkande, også dei som ikkje er orkar. Introduksjonen av nye figurar og kulturar opnar dessutan for å krydre dialogen med fleire talemåtar, eit grep som Lilleøien ser ut til å ha ei viss begeistring for: Orkane snakkar bergensdialekt, og alvane snakkar nynorsk. 

Også Perle og særleg Rebekka modnast i omgang med sine nye venner, i tillegg til at dynamikken mellom dei to er i stadig utvikling, noko som gjer historia desto meir engasjerande.

Sjølv om vi får godt med høve til å bli kjent med alle dei nye bifigurane, lot eg meg sjarmere meir av dei to alvane enn av den nervøse orken Georg. Mykje fordi dei viser seg å ikkje vere så stoiske som den suverent kule veremåten deira først tyder på. Skjønt, ettersom dei kallar seg emoar er dette kanskje ikkje for overraskande.

0 mandum 03

«Mandumsprøven» er ei forbetring av den første boka, mykje nettopp fordi den gir oss høve til å bli nærmare kjent både med nye og attendevendande figurar og med ulike fantasy-kulturar. Ulike fantasy-landskap også, for den saks skuld. I kontrast til den urbane settinga i første boka, er denne full av fagre naturmotiv. På endå fleire måtar enn eg kan røpe her, tek boka inspirasjon frå filmversjonen av «Ringens brorskap» (2001).

Eg har tidlegare kommentert, basert på førehandskikk, at Lilleøien ser ut til å ha endra stil, at streken hans er blitt lausare enn i førre boka.  Dette viser seg nå å ha vore ein forhasta slutning, for streken ser slett ikkje så annleis ut. Litt rundare er den blitt, og men framleis lett attkjenneleg i sin besnærande breiale intensitet. Ein merkar seg dessutan at ruteoppsettet er meir kreativt i enn førre boka. Særleg gjeld dette scenane frå orkebyen, men tendensen er gjennomgåande også i andre scenar med høgt tempo, eller berre mykje mobilitet.

0 mandum 04

Etter Bård Lilleøiens eiga oppfatning er dette kanskje en morosamaste boka i serien (jf.  eit intervju nyleg). Samanlikna med «Over dal og berg», joda, men humoren ikkje det viktigaste. Tvert imot er det når historia tek seg sjølv litt meir alvorleg, og det gjer den lenge, at den er på sitt beste. Noko humor er det alltid på botn, men stort sett er det av den litt meir underfundige typen, som når Rebekka prøver å forstå Perles forklaring på korleis årstidene fungerer i denne verda.

Både Lilleøiens meir utagerande humor frå Dadaph og sjøfugl-seriane spelar rett nok ei mykje viktigare rolle i bokas siste tredjedel. Akkurat som i «Over dal og berg» kan ein her snakke om eit markant stemningsskifte, berre i omvendt rekkefølge: Først drama, så komedie. Ikkje alle utslag av det eg vil kalle for Lilleøiens humoristisk kaos kler serien. Vegen er kort frå lågpanna til sofistikert, frå folkeleg til super-nerdete  Vendinga er likevel mindre påfallande enn i første boka; eit par plottelement frå tidlegare i historia spelar inn, og spreke grafiske framstillingar reddar mange av vitsane.

I etterordet til boka fortel Lilleøein at «Lunas tåre» eigentleg skulle vere ein trilogi utan mange av dei elementa som kom til å utgjere «Mandumsprøven». Bok to er at såleis er eit mellomspel (for plottet går strengt tatt ikkje så mykje framover) for å gi plass til noko meir karakterutvikling. Utan tvil var dette rett prioritering, og serieskaparen skal ha takk for at han tok avgjerda om å gi både seg sjølv og oss som lesarar tid til å bry seg meir om personane og den vidare verda som er Dumroth. Plottet kjem vi nok tidsnok attende til.    

0 mandum cover

Lunas tåre 2 – Mandumsprøven
Av Bård Lilleøien
Etterord av forfattaren
142 sider
349 kr.
ÜberPress

1 tanke om “Pustepause i orkelandet

  1. Podern og Lars Christian Beitnes skulle spise surstrømming. Beitnesen ble så sjokkert over lukta at han mistet gebisset sitt opp boksen. Da slo plutselig lynet ned i boksen og sveiset gebisset fast i surstrømmingsboksen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *