Gestapo er neste

Journalist gjennom ein kvinnsalder, og no teikneserieskapar gjennom tjue år. Sist helg heldt Ingebjørg Jensen foredrag om dei historiske teikneseriane sine i Bergen. Og det kjem fleire seriar.

Fotografier av Arild Wærness.

Arrangør var «Stiftelsen Lenken» og Gestapomuseets Venner. I den forbindelse mottok ho «Stiftelsen Lenkens formidlingspris 2024» for arbeidet hennar med å synleggjere menneskerettanes kår under og etter krigstilstand.

Til Serienett fortel Jensen at ho, i alle desse åra med krigsteikneseriar, aldri har tenkt eller fokusert på menneskerettar generelt. Ho har kun hatt fokus på å fortelje dei gløymde historiene om urett og overgrep, gjerne mot born og andre uskuldige offer for krigsvald.

Samarbeidet med Rafto-stiftelsen gjorde dette fokuset aktuelt, og det i endå større grad etter «Lenken» .

Paradoksalt, men likevel tematisk passande, vart foredraget  heldt til i Rick’s-kjellaren, ein klubb/teatersal som samstundes har vore åstad for forferdelege overgrep i Gestapo-tida under krigen. Slik fekk foredraget hennar fekk eit skjær av melankoli, noko som forsterka forteljingane i dei fire – snart fem – bøkene hennar.

Gestapomuseet i befinner seg i fjerde etasje i same bygget. På mandag opnar det for sesongen.

Ingebjørg fortalte på ein liketil og underhaldande måte om oppvekst med skriving og teikning (og forteljing) som hovudinteresser, der brørnes krigshefte (Kamp-serien) står som grell kontrast til dei heltelause historiene ho seinare har skildra.

Ho debuterte som teikneserieskapar på eit lokalt Bergensforlag med boka «Bomber Over Barneskolen». Dette har vore hennar mest kjende bok, og ein lokal bestseljar. Seinare kom tre bøker på eige forlag, alle med fokus på borns lagnad under krigen.

Ho presiserte kor viktige Raptus sine seriekurs var for hennar utvikling, ettersom ho måtte lære seg eit heilt nytt fag i godt vaksen alder. Ho heldt fram kurshaldaren Pat Mills som ein framifrå inspirator, men også serieskaparane Michael Avon Oeming og Mike Collins har vore viktige i utviklingsarbeidet. Teikningane hennar kan verka enkle, men dei er vel gjennomtenkte, og ho brukar mykje tid på å få detaljar korrekt, slik at bilar, klede, gater, uniformar og våpen vert rett skildra.

Hennar til no siste bok; «Gestapos Usynlige Fiender» er ferdig teikna og vert utgjeven i november i år. Boka tek utgangspunkt i nett dette litt dystre bygget som foredraget vart framført i.



Les også:
Anmelding av «Bomber over barneskolen»
Anmelding av «Flukt og flammer»
Anmelding av «Døden i Beisfjord»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *