Det motsette av Trond Giske

Paneler, forseinka comeback-feiring og tunge, internasjonale gjester. Her er nokre av høgdepunkta frå OCX på Serieteket sist laurdag.

Tekst og fotografier av Trond Sätre og Anne Elisabeth Kaldhol. Forsidebilde av Eden B. Melles.

Satire utan plast
Fadi Abou Hassan skulle eigentleg vere med i laurdagens første innslag, Satire i tegneserier» , men melde avbod. Christian Bloom steppa då inn på kort varsel. Dei andre frammøtte var Jenny Jordahl og Trond J. Stavsås med ordstyrar Kristian Krogh-Sørensen

Jenny Jordahl lagar mest teikneseriar om feminisme og miljø, men også satiriske striper som ho legg ut på Instagram. Desse er basert på overskrifter og ein rar biletekombinasjon. Trond J. Stavås lagar mest humorstriper, og er kjend for Illustrert kommentarfelt. Denne serien blei til når han tilbrakte altfor masse tid på å lese kommentarfelt på ulike nettsider og sosiale medium og ville bruke det til noko. Christian Bloom er, i motsetnad til dei andre, ein tradisjonell avisteiknar, no i Aftenposten

F.v. Christian Bloom, Jenny Jordahl, Trond J. Stavsås og Kristian Krogh-Sørensen.

Alle dei tre paneldeltakarane var einige om at god satire sparkar oppover, ikkje ned. -Den bør vekke ettertanke, seier Bloom. -Og bør treffe litt i mellomgolvet, legger Stavås stil, gjerne litt til ettertanke. Ein bør både le og tenkje litt.

Ein må ha engasjementet for å vere dagsaktuell med ei stripe, for å klare å treffe tidsånda. Det er viktig var det å treffe ein god balanse mellom humor og fornærming, slik at ein faktisk sparkar den vegen ein vil.

Jenny Jordahl nemnte ein ting til ettertanke, nemleg at ein som satirikar og teikneserieskapar i Noreg ikkje risikerer noko ved å publisere ting. Ein blir ikkje straffa, slik ein teikneserieskapar kan bli i Russland. Når ho og Marta Breen hadde besøkt Russland med boka «Kvinner i kamp», hadde ho møtt på kollegaer som risikerte ti års fengsel for å publisere ting om kropp og legning. Nemnte bok er like fullt utgitt i Russland…med 18-årsgrense. Og den må seljast innpakka i plast, på grunn av eit kapittelom LHBT.

F.v. John S. Jamtli, Steffen Kverneland, Sara Hjardar og Anja Dahle Øverbye

Analog eller digitalt?
Hvorfor tegner du sånn? Spørsmålet er generelt, og panelet var då også breitt. Det besto av Sara Hjardar, John S. Jamtli og Steffen Kverneland, med ein annan serieskapar som ordstyrar, Anja Dahle Øverbye. Mange fans og potensielle nye teikneserieskaparar høyrte nok på med øyrer på stilk etter tips og ulike arbeidsmåtar ein kan nytte for å lage ein teikneserie.

Alle tre serieskaparane fekk vist fram arbeidsplassen sin, arbeid i prosess og ulike arbeidsverktøy som dei likar. Med ein stor og lang biletekavalkade var det mykje visuelt å studere for interesserte. Her var det splittpennar og blekk, ein mjuk penn som teikna som med blyantstrek, ulike teknikkar dei brukte, og mykje prat om digital og analog arbeidsmåte og litt om fordelar og ulemper.

Steffen Kverneland jobbar mest analogt, med akvarellpapir og måling, og skannar kvar ferdige versjon av ein illustrasjon. Han liker når det inntreffer «happy accidents» med måling, for då skjer det ofte uplanlagde ting.

John S. Jamtli jobbar kun digitalt. Dei to første bøkene i Sabotør-serien laga han på iPad og dei to neste laga han i Photoshop. Nå held han på å fullføre sitt femte album i serien. Lenge gjekk han med eit ønskje om å lage teikneserie om 2. verdskrigen, men han fann ikkje ein stil som eigna seg. Etter å ha sett «Krüger og Krogh» bestemte han seg for at den fransk-belgiske stilen passa godt og starta på første bok i serien.

Sara Hjardar starta analogt og jobba med det til ho var rundt 20 år, men gjekk så over til digitalt. No prøvar ho å vedlikehalde det analoge med å teikne for gøy. Ho likar å teikne ting med mykje detaljar, spesielt tre, noko ein kan sjå igjen i Mia Myhr-serien.

Mads Eriksen og Jens K. Styve

Til eg møter veggen
-Det motsette av Trond Giske: Det trønderske comebacket vi alle har venta på, var opningsreplikken til OCX-konferansier Christian Nærum. Mykje forventing var knyta til Mads Eriksens opptreden laurdag, sjølv om comebacket hans strengt tatt var gamalt nytt, og boka «Skrattens ridder» blei lansert tidlegare i vår. Jens K. Styve var for mange den første som formidla nyheiten (eller i alle fall ryktet) om Mads’ comeback gjennom ein Dunce-historie frå sommaren 2021. Han var det naturlege valet av intervjuar til seansen.

Som kjent var serien M nedlagt i ti år. Mad var utbrent. Han hadde teikna seks striper i veka, frå søndag til fredag, og la, som Jens formulerte det ekstremt mykje arbeid  ned i kvar einaste rute. Under presentasjonen fekk publikum då også fleire eksempel på korleis Mads gjer det vanskelegare for seg sjølv med detaljrikdom og vinklingar. Den britiske 80-talls komikarduoen Smith & Jones hadde ein tendens stil å la nokre av dei dyraste tv-sketsjane sine ende med veldig teite poeng. På same måte, blei det føreslått under intervjuet, er nokre av dei mest forseggjorte M-stripene også dei særaste.

Men først fekk ein fullsett sal ein kortfatta gjennomgang av Mads’ karriere og vegen til og gjennom M. Planen hans var å bli religionsvitar, heilt til han møtte ein verkeleg religionsvitar og skjønte at han kunne aldri nå opp til det nivået. Så vann han Dagbladet sin teikneseriekonkurrasne av 2002, og M fekk ein plass i avisa som skulle vere roterande, dvs. midlertidig. Før han fekk plassen fornya med to månader til og to månader til, til M var blitt så populær at Mads kunne seie opp dagjobben sin i 2004.

Med andre ord, poengterte serieskaparen, han kan i år feire 20 års jubileum som profesjonell serieskapar

 Til saman blei det 74 utgåver av seriebladet M, og fem bøker. Pluss plassen i diverse aviser. Mads blei kjent som «Bulls-dödaren», mannen som kasta Hårek ut av Dagbladet og Fantomet ut av Nordlys. I sine første åtte år rakk han også å bli anmeldt for blasfemi. Same året seld M-juleheftet ekstremt godt.

-Dette er nesten litt for hyggeleg, meinte han. Berre glede. Eg trudde ingen hugsa serien etter ti år. Typisk norsk beskjedenheit, vil kanskje nokon meine, men Mads hadde sine grunnar til å vere overraska. Den gongen i 2004 var serien hans heldig med timinga, meiner han. M kom midt mellom to bølger: Den nasjonalromantiske teikneseriebølga som fremja norske seriar i blader og aviser, og nerdekultur-bølga som gjorde interessene hans mainstream.  

Og kva er planen nå? Svaret til Mads er greitt: Å lage meir M, til han møter veggen igjen. 

Biance Schaalburg (til venstre) med Erle Marie Sørheim

Det som blei skjult
Ein av dei mest interessante programpostane for meg (Anne Elisabeth) var samtalen Erle Marie Sørheim hadde med Bianca Schaalburg. Schaalburg har laga den grafiske romanen «Duften av furu» om familien hennar før og under 2. verdskrigen. Ho ønskte å fortelje denne til sønene sine.

Mor hennar døde for rundt 20 år sidan, så hennar gjenlevande onkel og sønene hennar gjekk i gang med å forske. Dei besøkte mange arkiv og forsøkte å finne ut meir om kva som hende med familien og kva dei visste. Bestefaren hennar var tidleg medlem av NSDAP, lenge før det blei påbode, og var utstasjonert i Riga under 2. verdskrigen. Mora fortalde at han hadde ein slags kontorjobb, men andre kjelder fortalde at han var involvert i verre ting

Mykje av teikneserien handlar om jakta på kva som faktisk er sant og kva informasjon som finst i arkiva. Bianca fortalde at veldig mange tyskarar hadde det slik som ho, men ingen ville snakke om det.

Schaalburg skifta litt retning på teikneserien etter at ho leste «Heimat» av Nora Krug, ein grafisk blandingsroman som handlar om mykje av det same temaet, og formatet blei då litt endra. Ved oppstarten teikna ho i svart og kvitt, men etter kvart kom det til farge. Kvart tiår fekk sin bestemte farge, sidan teikneserien hoppar mykje i tid.

I huset der mora vaks opp, budde det tre jødar tidleg på 1930-talet. Dei blei kasta ut sånn at familien Schaalburg kunne flytte inn. Desse hamna etter kvart i konsentrasjonsleirar og døde i Treblinka og Theresienstadt. Trass mykje leiting i arkiv, fann ikkje Schaalburg mykje informasjon om desse. Så ho gir dei mogelege livshistorier som ho fortel i boka og gir dei ein plass i historia.

Jennifer Hayden (til høgre) med Tina Søreng-Christensen

Den betrudde
Amerikanske Jennifer Hayden var ein av hovudgjestene på årets OCX. I tillegg til delta i det før nemnte panelet om «grafisk medisin» har ho gitt ut den biografiske teikneseieromanen «The story of my tits». Ho har opplevd at nokon reagerer på tittelen med fnising, men det skulle alltid vere den tittelen, og redaktøren ville ha den. -Amerikanarar kan vere dumme, innrømmer ho, men ikkje i dette tilfellet. Folk skjønner at boka er seriøst meint.

Ho har tidlegare vore i Frankrike for å sjå på mottakinga av boka der.  Dette er første gongen ho er i Norden, og ho brukte laurdagen på å køyre luftputebåt på Oslofjorden, og lære kva ein fjord eigentleg er.

-Kvinner får brystkreft, menn får prostatakreft. Vi må alle bli kastrerte, ellers fell utstyret vårt av, sa ho galgenhumoristisk. Boka skulle handle om korleis ho vann over brystkreften, men enda med å handle om mykje meir, med vekt på familiens (inkludert svigers’) sjukdomshistorikk. Ikkje alle enda like godt som hennar eigen. -Det er lettare, men også meir intimt å uttrykk seg i teikneserieform enn på prosa, meiner Hayden. Først når eg oppdaga teikneseriar såg eg at du kan seie ein ting og vise fram noko anna. For henne som sjølvbiografisk forteljar var det befriande å kunne uttrykk seg gjennom enkle, poetiske bilder.

Høgtlesing med Jennifer Hayden.

Eit av dei viktigaste bildene i «Tits» er fuglen som fortel deg at det er ikkje noko du kan gjere. Når, eller viss du vinner over den tanken, blir ikkje fuglen forvandla til ei gudinne, den blir erstatta med ei gudinne, er hennar symboltunge filosofi.

Ein uunngåeleg konsekvens av å lage ei populær og personleg bok om kreft er at lesarar stadig vekk vil dele sine eigne krefthistorier med Hayden.  Det i seg sjølv er ein stor del av etterarbeidet hennar med denne boka. -Visst kan det vere smertefullt å høyre på historiene, men det er eit privilegium å vere ein som folk betrur seg til, seier ho. Breidda er enorm. 

Hayden deltok også på høgtlesinga etterpå saman med Emily Sørensen, Kjersti Synneva Moen, Jenny Jordahl og Klara Wiksten. Her framførte den amerikanske serieskaparn tre korthistoriar ukjente for dei som berre hadde lest «The story of my tits».

Les også:
KI og anagrammer
Sjokolademjølk til alle
«Et bemerkelsesverdig verk»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *