Astrid Løkens skjulte krig

Den uimotståelege kombinasjonen av humleforsking og motstandsarbeid under krigen blir respektfullt teikna fram i Lene Asks biografi, «Astrid Løken – Å sloss med varsomme hender.«

Eg har aldri vore spesielt oppteken av insekt, men som dei fleste barn har også eg lefla med entomologi. Sæleg hugsar eg ein sommar då eg og ei venninne fanga humler i glas for å studere dei. Sjølv om glasa hadde luftehôl, må det ha vore så dårleg med luft at dei blei slappe. Me trudde me hadde temt dei og knytte hyssing rundt dei lubne kroppane slik at me kunne gå tur med dei, sløvt summande etter oss. Kanskje like greitt at humlene raskt gjorde motstand mot undertrykkinga og jaga oss vekk.

Motstand mot okkupasjonsmakta er også ein nøkkelingrediens i Lene Asks nye teikneseriebiografi, Astrid Løken – Å sloss med varsomme hender. Astrid Løken var ein av Noregs fremste insektsforskarar, men under den andre verdskrigen var ho også eit sentralt medlem i den illegale etterretningsorganisasjonen XU. I motsetnad til den meir kjende motstandsgruppa Milorg, dreiv ikkje XU med sabotasje, men med å samle informasjon om til dømes festningsverk og infrastruktur, og å formidle dette til Forsvarets overkommando. Gjennom heile krigen dreiv Astrid Løken feltarbeid på norske humler, samtidig som ho dreiv med spionverksemd. Det var eit perfekt skalkeskjul. Kven ville mistenke ein insektforskar for å vere spion?

Løken er skildra som ein dedikert forskar og ein beintøff agent. Ho sykla rundt i Oslo og leverte og henta ulovlege dokument, øvde på å skyte med pistol, og gjekk med cyanidtablett i munnen under farlege oppdrag. Ho oppsøkte Josef Terboven, leiaren for det tyske sikkerheitspolitiet, for å få løyve til å drive feltarbeid på Hardangervidda då denne blei stengt etter Vemork-aksjonen i 1943. Feltarbeidet var like mykje humleforsking som spionasje på tyske anlegg. Etter krigen haldt ho fram forskinga si. Ho blei den første kvinnelege medlemen i Norsk entomologisk forening og doktorgradsavhandlinga hennar frå 1973 blir av mange framleis rekna som bibelen når det gjeld nordisk humlebestand. Dobbeltlivet hennar kom ikkje fram før mange år seinare. Det meste av XU si verksemd var hemmelegstempla fram til 1988.

Den litt spesielle kombinasjonen av humleforsking og spionasje ­er biografisk gull, og Lene Ask fortel historia like varsamt og respektfullt som Astrid Løken handsama naturen. Som i dei fleste bøkene til Ask (til dømes O bli hos meg og Kjære Rikard, også historisk-biografiske verk) er verbalteksten eit supplement til illustrasjonane snarare enn å vere ein del av dei. Nokre vil kanskje hevde at dette er meir illustrert tekst enn teikneserie, men denne forma er ein tradisjon som skriv seg tilbake til dei eldste teikneseriane. Boka har eit mangfaldig uttrykk som bidreg til å gjere både Løkens og humlenes liv meir levande. Sidene si utforming vekslar mellom ruter, heilsider, foto og lengre tekstutdrag, og mellom maskinskriven og handskriven tekst. Illustrasjonane er ein kombinasjon av tusj, kolstift og akvarellar, både i fargar og svart-kvitt. Fleire stader i boka teiknar ho også opp oversiktsbilete av humler som kan minne om plansjane ein kunne finne i norske klasserom før i tida. Desse er vakre kvileskjær i det løpande narrativet.

Sjølv om mykje av handlinga i boka er dramatisk, er framstillinga nøktern. Lene Ask har det ikkje travelt, noko som er typisk for forteljarstilen hennar. Trass alt er det snakk om grundig historisk sakprosa. For ein lesar som blir trekt til boka grunna interesse for krig, vil ho kanskje verke litt saktmodig, men så er det personen Astrid Løken som er fokuset her; den andre verdskrigen ligg i store delar av boka meir som eit bakteppe. Mot slutten blir også Løkens arbeid aktualisert og løfta ut av det historiske. Allereie i 1973 åtvara Løken om tilbakegongen av pollinerande insekt i Noreg grunna industrialisering og kultivering av udyrka mark. «Når villblomstene blir borte, forsvinner humlen», skriv Lene Ask (og ser kanskje strengt på deg som let robotgrasklipparen dure på gjennom sommaren).

Me treng humlene, og me kan la lære av dei. Av dei 35 norske humleartane er 28 sosiale. Desse arbeidsame insekta lever i avanserte samfunn der oppgåvene blir fordelte mellom dronningar, dronar (hankjønn) og arbeidarar (hokjønn). Humlene kan også regulere kroppstemperaturen sin, slik at dei har større rekkevidde enn mange andre insekt. Slik sett fungerer humlene som ein fin metafor for Astrid Løkens inspirerande livsverk.

Astrid Løken – Å slåss med varsomme hender
Av Lene Ask
168 sider
380 kr.
No Comprendo Press

Les også:
Når kommer du hjem, far?
Det sterkeste kallet

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *