Stemninga verkar liksom rett for ragnarok nå om dagen. Så la Gaiman og Russell fortelje ferdig i «Norrøne guder – Bok 3»
Outland Forlag har gått gjennom teikneserieversjonen, fortald av P. Craig Russell og ulike teiknarar etter Neil Gaimans attforteljing av Edda, i ein rasande fart. Tre bind på eit år, og vi er ved vegs ende. I alle tydingar av ordet, for alle veit vel korleis den norrøne mytologien ender. Bind 3 er ragnarok, og tradisjonen tru er den i tre delar: 1. Balder døyr. 2. Loke blir straffa. 3. Undergangen, og ei ny byrjing. Denne kan eg utanat (trudde eg i alle fall); eg hadde om den på barneskulen.
Men først får vi forteljinga om Tors fisketur med Hyme. At nettopp denne blei slått saman med den mytologiske endetida, overraska meg. Den kjem ikkje i akkurat same rekkefølgja som hos Snorre, så mykje har eg slått fast, Dessutan har eg alltid oppfatta den som ganske humoristisk, og denne versjonen, teikna av David Rubin, gjer ingen ting for å endre på oppfatninga. Ikkje minst serieskaparane si portrettering av jotnen Hyme. Rubin sin strek, som er mindre rund og meir detaljorientert, tilsynelatande sterkt inspirert av Arthur Adams, skil seg ut frå resten av dei grafiske bidragsytarane. Colleen Doran («Balders død»), Lovern Kindzierski («Lokes siste dager») og Galen Showman («Ragnarok: Gudenes endelige skjebne») har alle sine særpreg, og Kindzierski har enkelte likskapstrekk med Rubin, men overgangen mellom dei tre siste segmenta er meir smidig enn frå det første.
Kapitla er ganske jamne i sidetal, men forteljinga om Balders død er den mest solide leseopplevinga. Her har både Gaiman og tilretteleggjarane fått maksimalt ut av soga, både i grafiske detaljar og karakterisering. Ei lita hake er det likevel at teiknar/fargeleggjar Coleen Doran ikkje er heilt på det jamne. Alt ser mykje betre ut i dei mørke scenane samanlikna med når det er dagslys. Fargane verkar så mykje meir levande når dei krinsar om mørke og eld.
Eg trudde at eg kjente mytologien, men det er alltid spennande å kunne oppdaga nye detaljar. Sjølvsagt hjelper det at eg ikkje har lest Edda frå perm til perm (ikkje Neil Gaimans prosaversjon heller, for den saks skuld). T.d. hadde eg ikkje tidlegare høyrt at Tor drog på fisketur med Hyme for å skaffe havjotnen Æge ein ølkjele. Heller ikkje at Odin fekk ein ny son etter Balders død, Våle, som drap Hod då han var berre ein dag gamal. Eg stolar fullt og fast på Gaimans litterære etterrettelegheit, men fell likevel for freistinga til å få desse opplysningane stadfesta av leksikalske kjelder.
Kjeldene til andre delar av historia kan variere litt meir. På eit punkt lurer eg på om Gaiman heldt seg så slavisk til kjeldene at han måtte gjere seg uklar. Soger er litt annleis kva gong dei blir fortalde, og ikkje minst er dette tilfellet for dei mytologiske. Versjonen eg festa lit til, var at ingen kunne bevise at Loke utførte eit komplott for få Balder drepe før han begynte å skryte av det i fylla. I denne versjonen vert det antyda at alle visste at Loke sto bak. Likevel kjem han til Gudane sitt årlege haustgilde hos Æge og først morgonen etterpå blir han pågripe av gudane – Fordi han generelt oppførte seg veldig dårleg på gildet.
(For øvrig kan eg legge til i parentes: Så det er derfor den lette og humoristiske snutten om Tors fisketur har fått plass i boka som elles er dedikert til den norrøne mytologiens utvida «endetidsforteljing». Eg veit ikkje om det var Gaimans eller Russell ide, men snedig er det uansett.
Deretter bruker teikneserien veldig mykje plass på å forklare og illustrere scenen der Loke omskapar seg til ein fisk for å flykte. Så interessant er det ikkje, men var serieskaparane nøydde til å dra det ut for å følgje Snorre? Slike fallgruver var det sikkert mange nok av undervegs i både den eine og den andre adapsjonen, men Gaiman og serieskaparane snublar elles sjeldan . Nå som vi har fått førelagt heile verket i teikneserieform, kan eg konkludere med at mesteparten av Dark Horse Comics sin versjon er tilpassa teikneserieformatet med stålkontroll. Sjølv om eg kanskje kunne ønske at Russell valte ein enkelt teiknar/fargeleggjar til å fortelje Gaimans bok meir gjennomført.
Soga om ragnarok er kva den alltid har vore. Men i ei tid då ragnarok kjennest som den er i ferd med komme litt for nærme i verkelegheita gir det ein god, bittersøt kjensle å lese teikneseriens samtale mellom Heimdall og Loke, heilt til slutt i ragnarokslaget. Verda står i flammer, eg har vunne seier Loke. Eg kan sjå lenger enn deg, seier Heimdall.
Ein kan ane parallellane til Neil Gaimans mest kjente forteljing om mentale duellar, i Sandman # 4: Eg er mørke på slutten av alt, slutten på universa, gudane, verdane, på alt. Og kva er du då, drøymeherre?, spør ein demon. Eg er håp, svarar Morpheus.
Norrøne guder – Bok 3
Av P. Craig Russel etter Neil Gaimans bok, teikna av David Rubin, Colleen Doran, Lovern Kindzierski og Galen Showman
Omsett av Daniel Reinsfelt
120 sider
399 kr.
Outland Forlag
Les også:
Neil Gaimans Edda
Friske vindar frå Valhall