Friske vindar frå Valhall

Gaiman og Russells teikneserieversjon av Norrøne guder held i del to fram med å puste nytt liv inn i nesten tusen år gamle tekstar. Med humor og truskap til kjeldene gir boka ei spanande og underhaldande innføring i norrøn mytologi.

Den norrøne litteraturen er ein viktig del av verdsarva, og for oss nordbuarar er han i tillegg ein del av identiteten og sjølvforståinga vår. Ofte er denne sjølvframstillinga prega av snarrådigskap, styrke og staheit, trekk me finn igjen i dei norrøne gudane. Dei er liksom våre, dei er oss. Difor møter mange skandinavar ofte engelskspråklege versjonar av gudeforteljingane med skrå smil eller hovudrysting. Neil Gaimans omarbeiding av mytologien i boka Norrøne guder (på norsk i 2017), er ein meir trufast adaptasjon av Den eldre og yngre Edda. Tonen er umiskjenneleg gaimansk, men tekstane er samtidig tydeleg inspirert av kjeldematerialet. Det viser seg mellom anna i den narrative strukturen, som i større grad nyttar seg av underdriving og plutselege sprang enn moderne forteljarteknikk. Forteljingane held seg overraskande friskt, også i P. Craig Russells teikneserieversjon som no er ute i norsk omsetjing med sitt andre band.

«Skaldens mjød»

Også denne gongen har Russell alliert seg med eit knippe teiknarar for å illustrere gudeforteljingane. Der den førre boka inneheldt sju kapittel, består Norrøne guder – bok 2 av berre fire, men dei er til gjengjeld ein god del lengre. I den første boka skulle den norrøne gudeverda byggjast ut, og no som ho er godt etablert får tekstane meir rom til å puste. Plassert mellom byrjinga og slutten, som blir ein større del av siste bok, er forteljingane i denne boka mindre prega av alvor. Her er nok av underbuksehumor til å halde på interessa til ungdommen, fortalt på ein friskt og muntert måte.

«Tors ferd til jotnenes rike»

Det første kapittelet, «Skaldens mjød», er den lange og kompliserte forteljinga om korleis skaldekunstens mjød blei skjenka til verda. Lang historie kort: Spytt blir til gud blir til mjød som blir kapra av ein jotun, men lurt tilbake til gudane av Odin. Odin lar noko av mjøden kome som spy (den gode), og noko som avføring (den dårlege) slik at me har eit greitt system for å kvalitetsvurdere litteratur. Passe koko opplegg, men svært underhaldande. Boka held fram med «Tors ferd til jotnenes rike», som handlar om korleis Tor og vennane blir lurt av ein jotun til å tvile på evnene sine, men eigentleg er forteljinga ein demonstrasjon over kor makelause dei er. I «Udødelighetens epler» får me forklaringa på kvifor gudane held seg så godt. Her er det Loke som er i sentrum. Typisk nok set han i gong konflikten og blir tvungen til å gjenopprette balansen ved å audmjuke seg sjølv. Boka avsluttar med «Fortellingen om Gerd og Frøy», som er ei kjærleiksforteljing som samtidig er eit frampeik til Ragnarok. Kapitla er sjølvstendige historier, men har nokre lause band. Dei er ein kombinasjon av skrøner og ytterlegare mytologisering av den norrøne gudeverda.

«Udødelighetens epler»

I den første boka var teiknestilen i dei ulike kapitla temmeleg variert, på godt og vondt. I bok 2 er variasjonen mindre, noko som bidreg til ein jamnare flyt. Eit unntak er «Udødelighetens epler» teikna av Gabriel Hernández Walta, som i mangel på betre ord verkar meir europeisk i stilen. Alle teiknarane har erfaring frå amerikanske superheltseriar, noko som eigentleg ikkje gjer noko i denne samanhengen. Gudane er jo ein slags superheltar uansett. Litt irriterande er det likevel, til dømes når Matt Hornak utstyrer Odin med ein augelapp med eit lyn på. Det er meir teit enn tøft. Likevel er det jamt over godt handverk. Som i førre bok er det ganske mykje tekst, ofte direkte henta frå Gaimans bok, men det passar godt med den litt høgtidelige stilen og gjer at seriane verkar tettare knytt til kjeldematerialet.

«Fortellingen om Gerd og Frøy»

Dei kjappe og handlingsmetta forteljingane er ei kjekk og interessant innføring i den norrøne mytologien, men me har jo allereie eit standardverk i skandinavisk samanheng: Peter Madsens Valhall (1979-2009). For ein som har lese Madsens teikneserie, kjennest Norrøne guder litt amerikanisert, og antologiformatet bidreg til ein noko ujamn kontinuitet. Peter Madsen tok seg kanskje større friheiter, men også betre tid. Han fekk fram ein varme og intimitet med karakterane som ikkje alltid er like mykje til stades i Norrøne guder. Bøkene utfyller likevel kvarandre godt: Saman gir desse verka eit rikt og nyansert bilete av den norrøne mytologien, som både utforskar den gamle verda og gir henne nytt liv for dagens lesarar.


Norrøne guder – Bok 2
Av P. Craig Russel etter Neil Gaimans bok, teikna av Matt Horak, Mark Buckingham, Gabriel Hernández Walta og Sandy Jarrell
Omsett av Daniel Reinsfelt
152 sider
399 kr. (vegl.)
Outland Forlag

Les også:
Neil Gaimans Edda

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *