30 år, men kven teller?

R26 01

For første gongen er Raptus teikneseriefestival gjennomført utanfor Bergen sentrum.

I mai kunngjorde Serienett at Raptus skulle flytte til Åsane kulturhus. Bygget ligger mellom kjøpesentera ved Åsane bussterminal, og huser bydelsbibliotek, kultursalar, aktivitetslokale og  kafé. Dessutan er det er samlokalisert med Åsane vidaregåande skule.

Viss ein først skulle flytte ut av sentrum, er dette langt frå det verste lokalet.

Likevel kjennest det som slutten på ein epoke når Raptus ender opp her. Passande eller ikkje, det er også Raptus’ 30 års jubileum i år. Etter rettare sagt, Raptus er i alle fall 30 år.  Jubileet blei ikkje tydeleg markert under sjølve festivalen.

R26 03
Are Edvardsen (f.v) med Jostein Fyllingen, bidragsytar til årets «Overtrykk»

Raptus blei først arrangert i enkle formar på Verftet i 1996, men allereie året etter hadde den vekse seg stor, med tilstelling på Grieghallen og Bud Grace og Warren Ellis på gjestelista. Seinare fekk festivalen besøk av endå større namn som Don Rosa, Jeff Smith, Sergio Aragones og Will Eisner

Dei siste åra har det imidlertid gått tilbake med festivalen igjen. Arrangementslokale har variert med pris, og det er blitt mykje hopping fram og tilbake. I 2025 blei Raptus redusert frå tre dagar til ein grunna pengemangel. Også i år blei det berre éin dags program.

Tilsynelatande rådar likevel ei viss optimisme. «Vi har nok frivillige for i år, men det kommer nye sjanser senere», kunngjer leiinga på festivalens nettstad, og ber nye frivillige om å melde seg på.

R26 02
Marknadsplassen på årets Raptus

Etter å ha besøkt årets festival sit eg ikkje igjen med inntrykket av at flyttinga har styrka publikumsoppsluttinga, men det er mogeleg at spira er lagt for å appellere til nye generasjonar. Åsane er jo busett av mange barnefamiliar, og fleire av dei var innom kulturhuset i helga.

Alle programpostar blei heldt i Multisalen på Åsane kulturhus, eit stykke inne i foajeen ved området der stands var plassert. Festivalen sjølv, pluss ÜberPress, hadde stand. Det same hadde FoNoMa, Fredrik Rysjedal og Tim Ng «Snakkebob» Tvedt. Are Edvardsen og Bård Lilleøien frå ÜberPress og Mark Egan frå FoNoMa hadde også programpostar. Edvardsen og Egan står (redaksjonelt) bak den eine boka som blei lansert til Raptus i år, Kibo vol 2. Edvardsen beklaga elles at Overtrykk 2026 ikkje var klar til festivalen, men han fekk presentere både den og resten av katalogen frå ÜberPress.

R26 04
Festivalsjef Frode Haaland presenterer deltakarane å «Tidspress».

Teknisk sett var Bård Lilleøien, også lanseringsaktuell, fordi han har eit bidrag i Kibo Vol. 2 – «Dumme sjøfugler (kapittel 3)». Tredje boka i serien «Lunas tåre» er også ferdig, men finpuss gjenstår, og den kjem tidleg til neste år.

Eigentleg var det forresten ein publikasjon til som ble lansert. Tidlegare same veka heldt Da Wang eit teikneseriekurs for ungdommar i regi av Raptus. Utfordringa var deretter lage ein maraton-teikneserie, men dei vanlege 24 timane er kanskje litt mykje for nybegynnarar. Etter ei vurdering av fleire format, landa festivalleiinga på 4 sider på 4 timar. Resultatet var antologien «Tidspress», som blei trykka opp i avgrensa opplag (75 eks.) og seld under festivalen.

Presentasjonen av «Tidspress» ser ut til å ha vore den meste besøkte programposten.

R26 06
Da Wang med Frode Haaland

Nemnte Da Wang er mannen bak «Spirit Gaze», ein horror/action-manhua lagt til Bergen. serien blei lansert i fjor, og har nå fått ein fanskare i serieskaparens heimland, Kina. Han leverte også årets plakatillustrasjon og sikra Raptus presseomtale i kraft av sin popularitet på sosiale media.

Mykje er som før på Raptus, berre i meir avgrensa formar, men på andre måtar kjennest det nesten som om festivalen er fødd på ny. I så fall gjenstår det å sjå om dette er ein gjenfødsel som kan få Norges lengstlevande teikneseriefestival vidare.

2 tanker om “30 år, men kven teller?

  1. Oi, var det faktisk marknadsplass i år? Eg var sikker på at Raptus hadde gått bort frå det når Stands-sida på raptus.no gjekk frå «Mer informasjon kommer» til «Vi tar ikke imot nye søknader» over natta og e-post til stands-adressa forblei ubesvart. Men det ser jo ut som om det har blitt ein glimrande festival budsjettet teke i omsyn, så eg tillet meg å seie bra jobba!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *