Årets nordiske teikneseriefestivalar går stort sett som normalt, men kva skjer med Raptus?
Forsideteikning av Michelle Hvidsten, etter ein ide av Trond Sätre.
Stockholms Internationella Seriefestival er den første store nordiske festivalen av dette slaget i år. Den blir arrangert 16-17. mai, med oppvarming den 15. Som vanleg føregår den på kulturhuset Stadsteatern i Stockholm sentrum. Norske gjester er Kjersti Synneva Moen og Nora Dåsnes, og andre internasjonale gjester er Fumettibrutti,, Marco Taddei, La Came og Sophie Labelle. Den nasjonale teikneserieprisen Urhunden blir delt ut, og ein markerer også 60-årsjubileet til Bamse Verdens Sterkeste Bjørn og 30-årsjubileet til Serieteket.
Veka etter, den 23-24. mai, er det Copenhagen Comics. Gjestelista kan du sjå her. Den består for det meste av danskar, men av internasjonale gjester finner vi Alain Poncelet, Amanda Conner, Barry Kitson, Jimmy Palmiotti, Hugleikur Dagsson og Ngozi Ukaz. Festivalen er i Valbyhallen i København.
Uppsala Comix blir ikkje arrangert i år, men Ystad Seriefestival 2026 går etter planen 4-6. september. Helsingin Sarjakuvafestivaalit blir arrangert 19-20. september på Cultural Centre Stoa i Helsinki. Her er ikkje gjestenamn klare.
Norsk Litteraturfestival i Lillehammer var tidleg ute med eit fyldig program som også omfattar fleire serieskaparar – Nora Dåsnes, Øyvind Holen, Mikael Noguchi, Nils Axle Kanten, Håvard S. Johansen, Kristoffer Kjølberg, Kjersti Synneva Moen. Hans Jørgen Sandnes, Tonje Tornes og Elias Våhlund. Fantasyfest er eit eige program under Litteraturfestivalen. Her er konferansier Joseph Ampofo, og stadfesta gjester er Helen Kaldheim og Siri Pettersen.
Festivalen blir arrangert 2-7 juni over heile byen.
Så er det Oslo Comics Expo (OCX), som ennå ikkje har gått ut med programmet sitt. Men vi veit at festivalen er tilbake på sommaren, nærmare bestemt den 11-13. juni.. Grunna oppussing av Deichmanske Grünerløkka blei den utsett til september i fjor. Uansett så blir det utdeling av prisen Årets Tegneserie den 13, marknadsplass den 12-13, og 24 timars teikneseriemaraton på Lillestrøm bibliotek den 10-11. Den siste veka har festivalen også gått ut med fleire gjestenamn – Lars Fiske (teiknar av årets festivalplakat), Emily Sørensen, Kristian Krohg-Sørensen, Inga H. Sære, Dash Shaw, Jenny Jordahl, Tore Strand Olsen og Tonje Tornes. Amerikanske Dash Shaw var sist gong gjest på OCX i 2011.

Når det gjelder Raptus teikneseriefestival i Bergen så har den framleis ein usikker økonomi, og i fjor blei den arrangert i litt meir avgrensa formar. Under det tronge kåra kunne ein likevel kalle arrangementet for ein suksess. I ein søknad til Vestland fylkeskommune ber dei i år om stønad til festivalen «Raptus Ung: Arven videre», med sikte på å arrangere denne 12. september på Åsane kulturhus. Heimesida til Raptus stadfestar nå at dette er dato og stad for årets Raptus. Dermed blir det første gongen Raptus finner stad utanfor Bergen sentrum (men til opplysing for dei som ikkje kjenner den lokale geografien så er Åsane ein del av Bergen kommune).
Andre konkrete detaljar som gjesteliste finst ennå ikkje, men det blir lova utanlandske gjester. Serix’ eigen teikneseriefestival, Bergen Tekst & Teikning (BTT) blei i fjor flytta til juni, men i år er den tilbake på seinhausten, 13-14. november. Lokale er Litteraturhuset i Bergen, og stadfesta gjester er Oda Valle, Therese G. Eide, Gert-Olav Stene, Daa Wang og Rolf Classon.









