I januar kunngjorde Strand forlag sin store teikneseriekonkurranse for 2024. I den samanhengen blir det i mars arrangert teikneserieworkshops i Bergen og Oslo.
-Dette er ein stor sjanse for nye og meir etablerte teikneserieskaparar til å få nyttige råd frå veteranar innan bransjen, og å få finpussa bidraget sitt til konkurransen, heiter det frå Strand.
Workshopen i Bergen er søndag 3. mars klokka 12-18 på Litteraturhuset. Kursleiar er Are Edvardsen, serieskapar, Überpress-forleggar og arrangør for 24h Challenge i Oslo/Bergen.
Andre medverkande er John S. Jamtli, som skal fortelje om sine erfaringar, og Strand-redaktør Hans Ivar Stordal. Han er jurymedlem for konkurransen, og vil fortelje om kva han ser etter når han vurderer nye teikneseriar. Han kjem også for å også informere om støtteordningar og finansiering av teikneserieproduksjonar.
Workshopen i Oslo er søndag 10. mars klokka 12-18 på Serieteket, Deichman Grünerløkka. Kursleiar er igjen Are Edvardsen. Andre medverkande er Jenny Jordahl, Lasse Espe og Håkon Strand. Jenny vil fortelje om sine erfaringar, og informere om støtteordningar og finansiering av teikneserieproduksjonar. Strand-redaktør Lasse Esper er også jurymedlem for konkurransen, og vil snakke om kva han leiter etter når han leser nye teikneseriekonsept. Forleggar Håkon Strand vil også være til stades og tilgjengeleg for spørsmål og dialog.