Ei herleg eskalering

Tolv år er ein lang pause, men for Abouet og Oubrerie er det som om inga tid har gått når dei held fram «Aya fra Yopougon» med bind 7.

«Aya fra Yopougon» var noko av eit unikum då den debuterte på norsk i 2010, og er det vel ennå. Ein afrikansk teikneserie (rett nok med ein fransk teiknar) om eit moderne afrikansk samfunn – Nærmare bestemt Elfenbeinskysten i tiårskiftet 1970/80, då landet var eit av dei meir velståande og stabile på kontinentet. Attpåtil snakkar vi om ein teikneserie utan nokon framtredande bodskap (sjølv om den har mykje sosial samvit), berre ein kabal av intriger og små og store drama som går fram og tilbake – Med andre ord, ein såpeopera. 

Serien på seks bøker blei samla i to omnibus-bind (sesong 1 og 2) på forlaget Minuskel frå 2012 til 2013, og så var det ikkje meir, verken på norsk eller fransk før serien blei gjenoppliva i 2022. Då hadde det gått 12 år sidan den førre franske originalutgåva. Minuskel førebudde ei norsk utgåve, men av omsyn til nye lesarar blei dei seks første binda utgitt på nytt i 2023 (som individuelle bøker denne gongen). Dei er tidlegare omtala på Serienett i omnibus-form, så det er med bind 7 at vi igjen går inn i historia.  

Sjølv ei tv-stjerne som Bintou kan føle at visse folk ser for mykje på tv

Å skulle summere opp handlinga ville vere å gå for langt i detalj, men to element er sentrale. Den bedrageridømde «pastoren» Grégoire har innynda seg hos direktør M. Sissoko, til stor uro både for Aya, far hennar og Sissokos familie. Ayas venninne Bintou er blitt stjerne, men blir utsett for trugsmål gjennom heile boka. Eit lite sofistikert såpeopera-publikum greier ikkje å skilje mellom henne og den vondsinna lukkejegeren ho spelar i tv-serien «Den andre kvinnen» .

Teikningane til Clément Oubrerie, den afrikanskfødde forfattaren Marguerite Abouets partner, er blitt noko meir faste og strigla sidan sist. At det skulle ha gått 12 år sidan førre bindet, er likavel vanskeleg å sjå. Serieskaparane går inn i Ayas univers så smidig som om dei sendte bind 6 til trykkeriet førre månad. Eit veldig kjapt resymé var alt eg trong for å komme inn i handlinga like smidig som dei. Mindre enn 15 sider inn, og ein er fullstendig rive med i alle eller dei fleste subplotta.

Einaste delen eg moglegvis er noko mindre engasjert i, er Innocents opplevingar i «homofilt eksil» i Paris. Ikkje fordi den delen er noko dårlegare fortald, men fordi den stort sett er så isolert frå dei andre hendingane (og kanskje snakkar eg berre som eit barn av 80-talet her, men det er litt distraherande at Innocent ser ut som Michael Jackson, ca. 1983).

Innocent er ikkje ein gong den einaste homofile i serien, men Albert sine utfordringar er av eit litt anna slag

Dei særs karakteristiske afrikanske ordtøka heng sjølvsagt framleis med – i ei viss grad. I bind 7 kjem dei meir spreidde enn før, og har blitt vel søkte («svette i panna er ikke rumpesvette»), men i eitt tilfelle blir dei brukt på ein måte som er fiffig nok til at serieskaparane for sikkerheits skuld forklarer det lengst bak i boka.

Som kjent er det i såpeseriens natur at melodramaet akselererast for å halde på interessa, og i bind 7 går dette mot nye høgder. Nokre få gonger kan eskaleringa gå på truverdet laus, sjølv til å vere i denne sjangeren, men den korte vegen frå komedie til tragedie er heilt i tråd med seriens grunntone. Mykje av sjarmen ligger også i dette. Takka vere Marguerite Abouets makelaust gode kontroll på 5-6 rullerande bi-handlingar følast eskaleringa heilt naturleg, og ein lukkar boka med ei kjensle av affeksjon og andelaus spaning. Hekta på nytt, og takk for sist, Aya.


Aya fra Yopougon 7
Skrive av Marguerite Abouet, teikna av Clément Oubrerie
Omsett av Christina Revold
130 sider
269 kr.
Minuskel/Spartacus

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *