Captainjammer Kids

I meir enn eit hundreår har det eksistert to ulike utgåver av Knoll og Tott, men skotta mellom desse er ikkje alltid like vasstette som dei juridisk burde vere.

I årets første Serix-podcast drøfter panelet drøfter panelet Knoll og Tott som ei avslutting på årets juleheftesesong.

Panelet består av Kristian Hellesund, Arild Wærness, Trond Sätre og Frank Flæsland.

Høyr sendinga her

Etter kvart høyrer det vel med til elementær teikneseriehistorisk kunnskap at skaparen av Knoll og Tott – Katzenjammer Kids – måtte overlate serien sin til Harold H. Knerr i 1914, etter eit rettsleg oppgjer om rettigheiter, men heldt fram å teikne dei same figurane under tittelen The Captain and the Kids. Slik eksisterte to versjonar av det same figurgalleriet side om side fram til «Captain» blei lagt ned i 1979 («Katzenjammer» blei lagt ned i 2006).

Materiale frå begge seriar blir stadig trykka på nytt til dei norske julehefta «Knoll og Tott» og «Kapteinens Jul», av ulike forlag (Knoll og Tott kjem ut på Egmont, Kapteinens Jul kjem ut på Bladkompaniet) og frå ulike rettigheitseigarar men sistnemnte hefte har fleire gonger trykka omteikna seriar der originalane ikkje var lat seg reprodusere.  

Men Kristian Hellesund, som står for truleg noko av den mest grundige Knoll og Tott-forskinga nokon gong gjort her til lands, har gjort ei oppdaging som han ønska å dele i ein julehefterelatert podcast: I juleheftet «Kapteinens Jul 2016» finst det ein reproduksjon, signert Thierry Capezzone, av ei serieside som Kristian kan bevise at stammar frå Katzenjammer Kids frå 30 talet, signert Knerr. Då rettigheitene til serien med det namnet altså var tatt frå Dirks, viss seriar er utgangspunktet for «Kapteinens Jul».

Forordet i juleheftet spesifiserer at juleheftet tek utgangspunkt i Dirks’ materiale.

Eksemplet er ikkje unikt. Kristian har funne fleire sider frå ulike «Kapteinens Jul»-hefter som han har grunn til å tru også stammar frå Knerr.  

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *