Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

SUPERLAPSKAUS (21.04.12 )

Eit nytt Marvel-hefte er i sal. Denne gongen er det fokus på dei filmaktuelle superheltane Avengers.

Av: Knut Robert Knutsen

Det er noko med dette heftet som bringer meg attende til tenåra att. Ikkje til minna om den gongen eg først las Michelinie og Perez sine fascinerande Avengershistoriar om Tidsherrren Immortus og Mordarroboten Ultron (som er skurkane i dette heftet og) men til noko anna. Eg hugsar korleis kompisane mine harka seg gjennom sine første sigarettar, skar grimaser når dei drakk si første bitre øl eller fekk andenød ved det første skarpe inntaket av heimebrent. Alltid med same frasa på leppene:

«Det er heilt for jævleg no, men det er godt berre ein vert van med det.»

Eg mistenker at den første delen av dette utsagnet er det som slår nye lesarar av moderne superhelt-teikneseriar.

Det første som slo meg med heftet er at ein framleis ikkje har løyst problemet med at fargane vert grumsete fordi ein har feil papirtype. Heldigvis så er dette berre plagsamt på ein liten del av sidene, der særs mørke toner er brukt. Nok til å få ein del av dei mest ihuga fansa til å droppe heftet til fordel for dei amerikanske utgåvene, vil eg tru, men greit nok til lesing.

Sjølve historia er enkel (vel, på ein måte) : Tidsherren Immortus (som av og til er Tidsherren Kang) har hamna i ein konflikt med Mordarroboten Ultron (skapt av ein tidlegare Avenger) og (dei enno ufødte) borna til Avengers ein gong i framtida med det resultat at «Tida» held på å verte fullstendig øydelagt. Og berre Avengers kan redde universet.

Dette gir Avengers ei unnskulding til å treffe ganske mange heltar og skurkar frå andre av Marvels mange alternative tidslinjer

John Romita jr er ein av Marvels beste teiknarar og i god form her, sjølv om han får lite rom til å boltre seg på. Der er veldig mykje dialog («Snakkande Hoder» som det heiter) og lite av dei skikkeleg storslagne action-scenene som han er så god på.

Brian Bendis vert rekna som ein av Marvels beste forfattarar og viser her kvifor. Med sin karakteristiske Mamet-inspirerte dialog definerer han raskt karakterane, og gir dei mange gode «Character moments» der han oppdaterer Avengers-lesarar på situasjonane i karakteranes eigne titlar. Det er det positive.

Samstundes så går mykje av sidetalet med til lite dynamiske gruppescener og uttværa dialogscener. I tillegg brukast mykje plass på å hente fram referanser til tidlegare historier og tidlegare motstandarar som dukkar opp for å slåss og så forsvinn utan noko motivasjon utover det at plottet krevar det.

Viss ein har vore fan av Marvel dei siste 20-30 åra så veit ein kven dei er og dei trenger ingen introduksjon, og det er litt kjekt å relatere denne historia til dei 20-30 historiane som ein veit dei refererer til. Viss ein er ny, så er dei berre tilfeldige biroller som ein ikkje vert vidare kjend med i dette heftet, og som er meir forstyrrande enn underhaldande.

Alle desse referansane, samt at mykje godt potensiale for action vert vald vekk til fordel for «kule» dialogscener gjer at eg ikkje trur dette er noko for nye lesarar. Dei av oss som er fortapt i Marveluniverset og kan tidfeste historier etter kva versjon av sitt kostymedesign kvar enkelt karakter brukar vil finne mykje interessant her, og til dei lesarane kan eg anbefale heftet.

Viss der er nokon nye lesarar som allikevel har lyst til å forsøke seg på dette heftet så anbefalar eg at ein startar med ei oppvarmingsrunde av eldre norske Marvel-blader heilt attende til midten på åttitalet slik at ein er godt rusta. Elles vil dette vere ein hard start på Marvel-lesinga. Sjølv så vil eg anbefale det, for det kan vere verdt det, Marvel-universet er ein fascinerande og underhaldande stad.

Som bringer meg attende til mitt poeng: «Det er heilt for jævleg no, men det er godt berre ein vert van med det.»

Nye Avengers! (Marvel Spesialalbum 2 – 2012)
Brian Bendis og John Romita Jr
ISBN13 9788251665339
100 sider
99 kroner
Schibsted Forlag

divider
  1. Grundig og interessant anmeldelse. Slik jeg ser det er det mer positivt med mer dialog enn å kjøre på med for mange actionsekvenser. Savner imidlertid hvordan historiene her sammenfaller med de andre nylig utgitt Avengers-heftene i Marvel Spesial fra 2011-12, er ikke det mer nærliggende enn å gå helt tilbake til 80-tallet med anbefalinger?


    jostein hansen    21. April 2012, 18:33    #
  2. Å plassere korleis dette heftet samanfaller med dei andre Marvel heftene frå 2011 skulle strengt tatt ikkje vere naudsynt, det er noko av det sg synast er problemet her.

    Men eg kunne kanskje ha poengtert at dette er frå den nye “Avengers serien”, ikkje “New Avengers” serien (den norske tittelen “Nye Avengers!” på forsida er noko forvirrande), at det er dei første nummera i ein “ny” serie og at det soleis er frittståande frå fjorårets “New Avengers”.

    Bendis viser i løpet av serien at dette er etter at Civil War er over, etter Spider-Man sin Brand New Day og medan Bucky framleis er Captain America (men Steve Rogers er attende)etc. i tilfelle nokon lurer, så det tek hand om seg sjølv etterkvart som ein les.

    Anbefalinga om å gå attende til “enklare tider” i eldre superhefte er meint for nye lesarar som let seg avskrekke av den massive informasjonsstraumen i heftet og som vil ha ein litt mjukare start.

    Midten av 80-talet er føreslått fordi det er der ein finn om ikkje dei einaste så dei beste Avengers (eller Alliansen) historiane på norsk med karakterar som Immortus og Ultron. Reint bortsett frå creepiness-faktoren i Avengers 200 så er denne perioden av Michelinie og Perez ein god introduksjon til serien og til skurkane ein finn i dette heftet.

    Marvelserier frå dei siste åra er ikkje, i mi meining, eit like godt alternativ for denne delen av det potensielle publikummet, idet dei har mange av dei same problemene med å vere tilgjengelege og oversiktlege for nye lesarar.

    For dei som ikkje lar seg avskrekke av at det trengst ein del arbeid for å kome seg inn i det å lese superheltserier så er der jo sjølvsagt ikkje noko behov for å gå så langt attende.

    Eg må innrømme at eg sjølv ofte ikkje får så mykje utbytte av serier som brukar for mykje tid på karakterar som berre flyter igjennom og meir eller mindre “namedroppast” utan at noko meir vert gjort med dei, og eg lengtar attende til “enklare tider”. Ikkje alt for enkle sjølvsagt.

    Når det gjelder Bendis og hans dialogscener … Javisst, litt spenstig dialog er betre enn poenglause actionscener, men eg er ikkje så begeistra over korleis dette vert gjort i Bendis sine serier. Eg synast dialogscenene vert for statiske utan at dei trenger å vere det.

    Eg har ofte lurt på korleis eit Brian Bendis manus hadde sett ut på sida viss George Perez hadde fått kloa i det.


    Knut Robert Knutsen    21. April 2012, 19:59    #
  3. For min del blir jeg bare trist til mote nàr jeg ser disse utgivelsene. En del av meg sier “Kjòp – for à stòtte forlagets forsòk” – den andre delen sier “Hvorfor kjòpe? Uforstàelig skit pà dàrlig papir”. Bortelaget vinner hver gang…

    For meg minner disse utgivelsene mest om en tenkt situasjon: jeg ligger i sjòen utenfor Sotra og blir dradd ned. Det eneste jeg har à holde meg oppe med er en eske Mors flatbròd. Det ender ikke bra, det kan jeg love…

    Jeg ser ogsà for meg et vell av utgivelser fra Image, Dynamite, DC, Marvel og ? , som alle kan vère med pà à holde liv i en synkende action/eventyr-utgivelsespolitikk i Norge.

    Og sà ender man likevel opp med disse filmrelaterte superheltspesialene som ingen vi ha, ingen ònsker, ingen skjònner noe av, trykket pà feil papir (ikke dàrlig, bare feil papirvalg). Bare trist.

    Greitt at noen i forlagene har redaktòrlònn og -status, men er det ingen i resten av forlaget som kan fortelle dem at vi lever i 2012? For det er tydelig at de ikke har snòring. Og lytte til “andre” er jo helt uaktuelt. Vel vel.


    Arild    22. April 2012, 20:05    #
  4. Sitter her med både denne og amerikansk TP med samme serier, og kan sammenligne farger og trykk, som kunne blitt MYE bedre med et forholdsvis enkelt Photoshop-filter før trykk, selv på dette papiret. Det blir litt som med superhelt-seriene fra 70- og 80-tallet der fargene ble glorete pga manglende raster mm., den gangen var det ikke lett å gjøre noe med dette, i dag FINNES det måter for å gi bedre resultat.

    En annen ting som slår meg, er at dialogen til Bendis blir maltraktert til det nesten ugjenkjennelige i oversettelsen. Et par tilfeldige eksempler fra starten av del 4:

    “That’s some good nose, Wolverine.” -> “Bra sporet, Wolverine”

    “But we’re going to see things that are going to—they are going to RATTLE us” -> “Men vi kommer til å møte ting som – vil filleriste oss”

    Greit at de noen ganger korter inn replikkene litt, og amerikansk slang er ofte uoversettelig, men litt for ofte blir resultatet noe som ikke fungerer hverken muntlig eller skriftlig og mangler både snert og personlighet.

    En annen tabbe er det MARVEL som står for: De har to to-sides oppslag med et odda antall siders mellomrom. I den amerikanske blad-utgaven er det reklame her, mens samlingen har en fyllside for å jevne dette ut. I den norske utgaven blir Kang slått rundt arket av Thor hele tre ganger på en (eller to) side når han først dukker opp…

    Ellers er det ikke den norske redaksjonen som skal ha all pepperen for dette, går ut fra at Panini fra Italia, som lisensierer seriene i Europa har litt av ansvaret for hva som er tilgjengelig for redaktørene også, og muligens evt. samtrykkspartnere.


    Frank Flæsland    23. April 2012, 03:00    #
  5. Hmmm…Er jeg den eneste som for tiden “forstår” (he he) de norske Marvel-utgivelsene? Neida, mellom linjene så kan vi lese mye positivt ut av omtalene til KR og Frank. Så langt er det utgitt omkring tjue Marvel Spesial-album og flere av disse har uten tvil vært vellykkede samlinger, sett i Marvel-tid og utvalg. Spesielt de tykke Spider-Man heftene har jeg satt stor pris på, det har blitt utgitt fem av dem så langt (“Stevnemøte med døden” er kanskje den beste), altfor få til å være oppdatert riktignok. Men vi får håpe at det kommer noe helt ferskt materiale helt på tampen av året, mye bra fra perioden omkring AMS #600 og Spider-Man Family. F.eks. Just An Old Sweet Story (av Stern/Semeiks) fra SMF #7. Ikke minst bør det komme en grundigere avklaring på hvorfor ekteskapet til MJW ble annulert, den meget kontroversielle “One More Day” behøver en norsk oppfølging, her henger det i luften. Et stort mysterium hvorfor Spider-Man-serier aldri (?) er blitt nominert til SPROING-prisen, her er det et vel av serier de siste 25 årene som burde fått mer anerkjennelse. Ikke nødvendigvis Spider-Man: Blå (Loep/Sale), men små perler av “daglidagse” fortellinger med humor/spenning/ironi som jevnlig dukker opp i heftene.
    Captain America har også kommet mer frem i lyset via Marvel Spesial, det er virkelig på tide. De to norske utgivelsene samler topp materiale av Ed Brubaker (Death of Captain America), Jeph Loep (Fallen Son), Steve Epting og Davis Morrel (The Chosen) og Mitch Breitweiser. Captain America har flere ypperlige historier med et underliggende budskap, den patriotiske gløden er heldigvis borte.
    The Avengers kan bli vel mye helter på en gang, og persolig er ikke John Romita Jr. min store favoritt, det er en lang rekke artister som jeg setter høyere i Marveluniverset, f.eks Lee Weeks, Joe Bennett, Marco Martin, Mike McCone. Forøvrig, forrige gang vi fikk en runde med Avengers-samlinger var i Mega Marvel 2000/2001, tegnet av bl.a George Perez.
    Selv om en selv er kritisk til den norske Marvel-linjen er det langt fra så sikkert at “dette vil ingen ha”. Skjønner frustrasjonen, men gi Spider-Man etter Ross Andru (det er lenge siden) en ny sjanse Arild.
    Marvel-heftene er oversatt av Terje Nordberg, en av de virkelig allsidige nestorene innenfor det norske seriemiljøet.


    jostein hansen    23. April 2012, 11:18    #
  6. Har her lagt opp øverste del av side 52 i Marvel Spesialalbum nr 1 2012, “Mann eller myte”. Et eksempel fra norsk utgave og et eksempel fra amerikansk utgave. Hvilken er best?
    Hvilken tror dere jeg foretrekker?
    I 2012 bør det ikke koste allverden å få trykket en norsk utgave på brukbart vis. Dagens utgivelser er rett og slett for dårlige, og de fortjener ikke å kjøpes. Vi kjøper blue ray filmer til dvd-spilleren, men må nøye oss med stensilutgaver av tegneseriene?


    Øyvind B    23. April 2012, 18:40    #
  7. Har du et lignende eksempel fra Marvel Spesial nr. 1/2009, “Med store krefter…” (With Great Powers #1-5)? Denne mener jeg var ganske bra gjengitt, likeså den nevnte “Stevnemøte med døden” (Amazing Spider-Man #575-583: Death and Dating) fra 2010.

    Får virkelig håpe det løfter seg utover året, f.eks når “The Other” skal gjenutgis bør den ikke være så mye dårligere enn hardcover utgaven fra 2007, som naturlig nok ble trykt på glatt papir.


    Jostein Hansen    23. April 2012, 19:20    #
  8. Jeg har dessverre ingen eksemplar fra Spider-man for øyeblikket. Men vi kan vente på “The Other” og se om den blir noe bedre enn de andre.
    En av de bedre seriene hos Marvel for tiden er “The Twelve” som tegnes av Chris Weston. De første heftene kom for noen år siden, men nå kommer heldigvis også resten av denne miniserien. Serien er også samlet i to stk. TPer og nr 2 kommer nå i juni. Anbefales.

    Noen sider fra The Twelve


    Øyvind B    23. April 2012, 21:11    #
  9. Sjølv så må eg seie at eg i det siste har sett meir pris på slike meir frittsåande ting som “Mighty Thor” av Roger Langridge og Chris Samnee samt “Avengers 1959” av Howard Chaykin. Den nye Daredevil er og ganske god.


    Knut Robert Knutsen    23. April 2012, 23:09    #
  10. Enig med Knut at “Mighty Thor” av Roger Langridge og Chris Samnee er bra. Formatet er dessverre litet, men dette er noe av det bedre som Marvel har laget. Tror det er den beste Thor-serien jeg noengang har lest. “Avengers 1959” av Howard Chaykin har jeg ikke lest, men skal få sjekket dette. Har lest mange postive ting om den nye Daredevil så jeg kjøpte den første HCen som samlet heftene 1-6. Men jeg likte ikke tegningene og kom aldri igjennom boka. Leser mye heller Batwoman av J. H. Williams III en gang til. Hans tegninger utklasser alle andre superhelttegnere.
    Og Jostein: Jeg sjekket Marvel Spesial nr. 1/2009, “Med store krefter…” (With Great Powers #1-5) nettopp, og trykken der er ikke perfekt, men mange ganger bedre enn Schibsted produserer nå.


    Øyvind B    24. April 2012, 17:35    #
  11. Kan jeg få litt nærmere redegjørelse for “Den nye Daredevil”? Det er kommet mange “nye versjoner” om den blinde advokten Matt Murdock etter hvert…
    Siktes det til Ed Brubakers innsats på serien, eller er noe helt nytt?
    Benytter anledningen til å anbefale magasinet Comic Heroes nr. 11 som er ute i Narvesen-sjapper nå. Her finnes bl.a. intervju med Ed Brubaker (fokus på krim-serier og Captain America), rangering av topp 50 superhelter, de verste superheltene, Tom Strong m.m.
    Takk for øvrig for tips om The Twelve, Mighty Thor og Avengers 1959 (har snust på den).


    Jostein Hansen    25. April 2012, 12:56    #
  12. Eg snakkar i alle høve om Mark Waid sin aller nyaste Daredevil serie som no er komen til nr. 11 (?)

    Eg er ikkje heilt a jour med lesinga av den, men dei første nummera var jævla gode.

    Comic Heroes har eg ikkje lese enno. Narvesen heime er ikkje fullt så “eklektisk” som i storbyane.


    Knut Robert Knutsen    25. April 2012, 13:35    #
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)