Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

TORMOD FINN EIN SKATT (27.04.12 )

Donald-redaktør Tormod Løkling finn ein uventa skatt i den nye Hall of Fame-boka.

Av: Knut Robert Knutsen

Denne Hall of Fame-boka gir oss eit interessant knippe Donald-historier frå den nederlandske Donald-teiknaren og forfattaren Ben Verhagen. Men vel så interessant som sjølve innhaldet er forordet, skrive av redaktør og Donald-forfattar Tormod Løkling.

Løkling skildrar korleis han for tjue år sidan vart blodfan av Verhagen etter å ha lese kun ein historie av han i eit amerikansk Donald-blad, for så å miste han av syne til sidene til denne boka hamna på pulten hans att og vekte opp att hans beundring for nederlendaren til dei grader at han sendte ei entusiastisk melding til resten av det norske produksjonsteamet for Donald; Knut Nærum og Arild Midthun:

”Gutter, slike historier som dette må vi også lage!”

Kva er det så som kjenneteiknar Verhagen, og som kan fostre ein slike entusiasme? Ved første augekast så kan han synast som eit underleg førebilete. Han har ikkje den klassiske reine stilen til Carl Barks eller Daan Jippes, den solide og polerte stilen til Vicar eller den maniske ”chickenfat” stilen til Don Rosa. Han liknar vel mest på Marco Rota, utan heilt å nå opp på hans nivå som teiknar.

Det er når ein les historiene at det synker inn. Verhagen gir personane eit tydeleg kroppsspråk og ein mimikk som verkeleg hevar ”skodespelet” i seriane. Den lause streken som i byrjinga kan få ein til å tenkje ”Æsj. Stygt!” gir han rom til å gi ei kjenslemessig djupn til enkle historier. Sjølv om ganske mange av historiene her faktisk er lynande godt skrive. Dette gir historiane den humanismen og kjenslemessige resonansen som kjenneteiknar dei beste Donald historiane.

Der eit vidt spenn her, Donald hamnar i trøbbel med dørseljarar og Dolly. Donald og Onkel Skrue reiser til fjerne himmelstrok. Nokre av historiane er litt svake, men dei beste er på nivå med klassisk Barks, og klarar faktisk nesten å kjennast ut som ekte Barks, nett på grunn av Verhagens uttrykksfulle stil. Sjølv om han ikkje, i motsetnad til Daan Jippes, kan levere teikningar som er til forveksling lik Carl Barks sine, så leverer han ei oppleving som kjem ganske nært.

Det som gjer Løkling si utsegn så interessant for meg er at Den norske Donald (det vil eigentleg seie det teikna av Arild Midthun) har hatt interessante konsept, gode gags, greie plot, men eg har sakna den spesielle ”prikken over i-en” som røskar ein i sjela (slik som dei verkeleg gode historiane skal). Og det spesielle som eg følar har mangla er nett det som Verhagen har. Der er ingen tvil om at Arild Midthun er vel så god ein teiknar som Verhagen, (eg vil seie betre, men det er eit spørsmål om personleg smak) så eg trur ikkje det er det som er problemet. Men det at Løkling kan sjå på seriane til Verhagen, identifisere kva han likar ved dei og seie ”dette må vi ha meir av i våre eigne serier” gir meg håp om at det norske produksjonsteamet er på rett veg.

Og det interesserer meg verkeleg.

Hall of Fame: Ben Verhagen
Ben Verhagen og diverse
ISBN: 978-82-429-4430-6
196 sider
365 kroner
Egmont Serieforlaget

divider
  1. Det jeg husker av Verhagen, har vært troverdig sprelskt. Ikke krampaktig vittig, som team Nærum/Midthun kan framstå, eller overlesset, som Don Rosa. Men frodig på en uanstrengt måte. (Ergrer meg veldig at boka allerede er utsolgt på Univers, der jeg har gavekort …) God anmeldelse, Knut Robert!


    Bodil Revhaug    28. April 2012, 02:13    #
  2. Mitt norske dream team må være Solstrand/Midthun. Der har Egmont en duo med klassikerpotensiale. Solstrand skriver troverdige replikker, han er oppfinnsom uten at det blir unaturlig eplekjekt og anmasende. Jeg ønsker meg VELDIG et Solstrand/Midthun julealbum.


    Bodil Revhaug    28. April 2012, 18:07    #
  3. Stygt redd det er utgivers kortsiktige tankegang, ja. Synd, for julealbum selger uansett, og kvalitet der ville kunnet verve nye Donald-abonnenter.


    Bodil Revhaug    29. April 2012, 01:02    #
  4. Smigrande, Bodil – men trur nok ikkje det er særleg aktuelt, då eg ikkje er med i det norske Donald-teamet, og det er dei som produserer sånne ting. Arild jobber såvidt eg har skjønt først og fremst med det norske Donald-teamet (Løkling/Nordberg/Nærum), med unntak av ei eller to historier i året. Det har hendt at desse historiene har vore mine, og Arild teiknar dei svært bra, men då er det heilt vanlege Donald-manus det har vore snakk om. Julehefter og andre spesialprosjekter er det det norske producksjonsteamet som står for.


    Olaf    29. April 2012, 13:55    #
  5. Akk og kvakk, Olaf. Som delmål ønsker jeg meg da at to av tre i produksjonsteamet begynner å bruke mer tid på familien.


    Bodil Revhaug    29. April 2012, 23:54    #
  6. For de som vil kjøpe boken, er den nå tilgjengelig på Univers. Og sikkert også via bokhandlere.


    Frank Flæsland    4. May 2012, 12:09    #
  7. Tusen takk for info, Frank! Jeg sendte bestilling til Univers nå straks.


    Bodil Revhaug    4. May 2012, 16:34    #
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)