SCHIBSTEDS JULEBORD (27.11.12 )
Vi ser på julehefta til nokre av dei mest kjende månadsseriane frå Schibsted: Kollektivet, M og Larsons Gale Verden.

Torbjørn Lien, tilliks med Lars Lauvik, pleier å stå for nokre av dei mest ambisiøse julehefte-fortellingane gjort av norske serieteiknarar med faste månadsblad. Det er ein velkomen bonus for lesarane no på tampen av året.
Det er ikkje alltid like vellukka (den bisarre versjonen av «Tre nøtter til Askepott» i fjor kan vel best karakteriserast som hjartelaus skjending av mine juleminner iallefall), men i år klaffar det.
Med utgangspunkt i hysteriet og konspirasjonsteoriane rundt «Dommedag ifølge Mayaenes kalender» får vi ei spanande, velkonstruert og morosam julehistorie.
I tillegg har dei fylt opp heftet med opptrykk av fleire av Liens lengre historier (inkludert hans «Ringenes Herre» parodi.) Absolutt ei glede å lese, denne skal i bunken for gjenlesing på jualfta.
Kollektivet Julen 2012
Torbjørn Lien
Kr 49,50

Det er no offisielt at M-bladet er nedlagt, og det gjekk jo an å håpe at vi fekk eit skippertak av nytt materiale i juleheftet. Men nei. Det kan vere at vi får det i julenummeret i staden.
Det er ikkje slik at det ikkje er kjekt å lese M, sjølv om det er gamle striper, og der er nokre gode her (inkludert hans kostelege «how to draw comics the M-way»), men der er ikkje noko nytt her.
I tillegg er det fylt på med Wumo, Lindström, McCoys og Aragones, alle i sedvanleg form.
Men her er veldig lite vinter og såvidt eg kan sjå berre ¾ side med jul. Ta ei av M-bøkene ut av bokhylla i staden.
M Julemix 2012
Mads Eriksen med fleire
Kr 49,50

Larsons er greit nok, men innhaldet er som om nokon tok eit sommarnummer av Larson og klistra ordet Julespesial på omslaget.
Her er Zep med Happy Rock, Wumo, Quino, Lindström, Treknet, Fingerporri, Rogert og Robinson (ei ny mann-på-øde-øy-på-storleik-med-eit-stoveteppe-stripe som synast ganske tam), så det er greit nok å småhumre til, men i denne syndefloda med julehefte så er dette rein ballast.
Elles bør det merkast at Wumo, som er brukt flittig til sidefyll i M og Larsons har sitt eige julealbum i år som kjem ut på Cappelen Damm, ikkje Schibsted.
Larsons Gale Verden Julespesial 2012
Gary Larson med fleire
Kr 49,50
Alle: 36 sider
Schibsted Forlag

TUSS, TROLL OG INFANTERISTAR <- Eldre | Nyere -> JULEKRIM MED KNUT GRIBB





Det er ikke første gang Wumo kommer som eget julehefte fra Cappelen Damm. Årets hefte er det tredje på rad.
— Øyvind B 27. November 2012, 19:33 #
Godt å høre at eget Wumo er på vei i år også.
Svært lite trolig det kommer noe fersk M i julenummeret når de har drevet og reprintet gamle striper i årevis. Håper imidlertid at noen av de andre seriebladene plukker opp og viderefører de beste biseriene.
— Bodil Revhaug 28. November 2012, 03:30 #
Endel av M sine biserier kommer i Kollektivet fra neste år.
— Lien 28. November 2012, 16:43 #
Fint!
— Bodil Revhaug 28. November 2012, 18:58 #