OCX 2013 - NORGE NÅ (12.06.13 )
Norske serieskaparar fekk ein time til rådighet på OCX laurdag.

Programposten kl 12 på OCX var «Norge nå!», eit blikk på norske serieskaparar. I panelet (eller på sofaen) var Henry Bronken, Tuva Synnevåg og Martin Ernstsen.
Intervjuar var Aksel Kielland som gav eit mogeleg tema for programposten som «Folk fra Sør-Norge som skildrer ting i eller fra Nord-Norge».
Først ut var Henry Bronken som snakka om si nye bok, «Made in Karasjok», ei sjølvbiografisk dagbok i teikneserieform om hans tid som heimegåande «legefrue» medan kona hans var turnuslege i Karasjok i 2010 til 2011. Ein «genre» som han elles berre synast å dele med Guy Delisle.
Bronken snakka om at han nesten la boka på is etter 22. Juli 2011, då han syntes den kanskje ville virke litt sjølvopptatt. Men etter ei stund så verka Noreg enno meir navlebeskuande enn før så då tenkte han at då fekk han gjere sin bit.
Om sjølvbiografi som ein kanskje sjølvopptatt sjanger så seier Bronken: «Jeg skjønner kritikken, men jeg synes aldri at den er gyldig.» Han snakkar om korleis han berre skildrar ting slik han ser det og ser på serien sin som ikkje realisme men såkalla «magisk realisme», mellom anna har han med seg «fantasivennane» sine Deppedust og Lykketosk (kjend frå Bronkens andre seriar) og han blandar inn ting som «ganding» etc. Som han seier kanskje folk i Nord-Norge ville synast var tåpeleg. Serien vart produsert med sånn ca ei side kvar dag og ber preg av det ved at den føregår i eisides «kapittel».

Forskjellen mellom sjølvbiografi og fiksjon meinte han ikkje alltid var så klar for ein brukar alltid delar av seg sjølv, men ein viktig skilnad i sjølvbiografi var at ein ikkje som forteljar kunne «gå inn i» andre karakterar men måtte forholde seg til andre menneske slik dei var i møte med ein sjølv.
Han meinte òg at viss ein skulle «utlevere nokon, så måtte det vere ein sjølv.
Martin Ernstsen snakka om sine mange utgivingar, mellom anna Fugløya som var eit av hans lengre verk, han nemnde at han likar å jobbe med mange prosjekt samstundes.
Det vart litt diskusjon om Ernstsens arbeid og teknikkar, mykje av samtalen dreia seg om hans arbeid med «Kodoks Run», dens sykliske natur og Ernstens «originalversjon» som eit anslagsvis 13 meter langt silketrykk der endane skulle føyast saman slik at ein kunne gå rundt historia i sirkel.»
Ein kom òg mellom anna inn på ei av hans inspirasjonskjelder, Elvis Studios i Sveits.
Bakgrunnen og arbeidsmetodane for utgivingane Syklus og Eremitt vart gått igjennom, den sistnemnde er ei fabulerande historie sett rundt barndomssomrar i Nord-Noreg.
Deretter vart det snakk om Tuva Synnevåg og hennar animasjonsfilm Saiva og korleis ho laga historien til den, om kva kjelder ho brukte etc.
Det vart litt diskusjon kring vanskane med å finne godt kjeldemateriale for samisk mytologi, mellom anna fordi den berre hadde eksistert munnleg inntil ganske nyleg. Og at der gjerne var mange geografiske versjoner. Det vart nemnd eit eksempel med ein tidleg folklorist som fann oppgåva med å samle inn samisk litteratur for vanskeleg fordi han meinte at straks ein hadde meistra språket så endra dei på det.
Synnevåg jobbar primært med animasjon, men dei kom òg inn på hennar teikneseriar som var frå ei liknande samisk mytologisk verd.
Hennar kommande prosjekt er «Historien om Lille Mo».
Mot slutten dreia samtalen seg inn på problematisering av formatval, fanzine-estetikk og omgrepet «tegneserieroman».

OCX 2013 - NOBROW <- Eldre | Nyere -> OCX 2013 - GRAHAM OG DEFORGE





Sjølbiografiske serier: Interessant frå Bronken, som tydelegvis deler Gabrielle Bell sitt syn på fiksjon/verkelegheit, til forskjell for t.d. Lucy Knisley, som konsekvent nyttar realistiske (men underhaldande) grep.
— Arild W. 12. June 2013, 21:32 #