VERDAS ALLER BESTE TEIKNESERIAR (17.06.13 )
Serienett-kritikar Knut Robert Knutsen kjem ut av skapet som ukritisk nostalgikar med si høgst personlege topp 12 liste.

Morgonbladet hadde nyleg ei kåring av sine kandidatar for Verdas Aller Beste Teikneseriar.
http://morgenbladet.no/boker/2013/verdens_aller_beste_tegneserier
Der er ikkje stort å seie om den lista utover det at ein godt kan skjøne at ingen ville setje namnet sitt på den. Ei ironisk liste, kanskje, men det er då slik at ein spør seg kvar det ironiske poenget ligger, det var heller uklart.
Eg har oppdaga at det etterkvart er vanskeleg for meg å ta slike kåringar seriøst for der er alt for mykje bra teikneseriar der ute som har forskjellige men eigentleg like viktige opplevingar å tilby, alt etter kva ein er i humør til.
Av og til er det aller, aller best å lese ei Donald historie av Carl Barks, av og til er det ein antologi av Michael DeForge (som er ein av dei tinga som verkeleg har satt meg i godt humør i det siste).
Men hadde du spurt meg når eg var mykje yngre, så skulle du ha fått svar.
Så her har de: Verdas Aller Beste Teikneseriar då eg var ung!
Tarzans Gjenkomst . av Joe Kubert frå 1978
Eg var jo ikkje meir enn 5 når bladet kom ut, så eg arva eigentleg dette etter far min, som òg var teikneseriefan. Det var allereie slitt når eg fekk det, men eg las det i stykker. Joe Kubert starta si karriere på Tarzan med eit smell og denne teikneserien starta eit kick som førte meg ut i kinofilmar med Johnny Weissmuller og Christophe Lambert. Eg nektar å godta påstandar om at der har vore noko av TV-seriar eller filmar om Tarzan sidan.
Prins Valiant: Aleta av Hal Fosterfrå 1978

Enno eit album eg arva etter far min. Middelalderprins på jakt etter ei heks som etterkvart oppdagar at ho eigentleg er ei stolt og edel prinsesse. Eg har alltid vore ein stor fan av kjærleiksromanar og historiske romanar og den romantiske spenninga, den sprudlande deadpan-humoren og dei vakre teikningane gjorde meg til ein fan for livet. Eg må òg innrømme at eg vart veldig forgapt i Aleta.
Finn og Fiffi frå 1983-1987

Nei, eg tullar ikkje, de skulle berre ynskje at eg gjorde det. Eg såg aldri denne belgiske serien i butikkane. Ein venn av meg (som ikkje lenger er med oss) abonnerte på denne serien og når eg var på besøk så pleide vi (der var 6 av oss ungar i begge familiane tilsamen) å lese seriar, spele spel og anna. Sjølve serien er ein barneserie med muskelmenn og smarte professorar og var veldig underhaldande. Men det er minnene som plasserer den her.
Agent X9 nr 6 1979
Kvifor akkurat dette nummeret? Det var ein ein hallusinasjonssekvens inni der som skremte livskiten av meg av ein eller annan grunn. Romero på Modesty Blaise og John Prentice på Rip Kirby er bra, sjølv om eg føretrekker henhaldsvis Jim Holdaway og Alex Raymond. Men Frank Bellamy på Garth var uslåeleg.
Javisst, nydeleg teikna, ustoppeleg actionhelt og tidsreiser som passa med mi interesse for historie. Men va-va-voom for nokre kvinnfolk fyren teikna. Det var veldig forvirrande for ein ung gut som ikkje enno var i puberteten.
Johan Vilde frå 1978
Dette er eit album som eg fann i bruktbladbutikken heime i Florø ein gong på 1980-talet. Eg rekna allereie Jaime Vallve som den aller største og mest spanande Fantomet-teiknaren, og denne serien, skriven av Janne Lundström, var ei sjokkerande skildring av ein ung slaves liv.
Dette er ein av dei seriane som gav meg lyst til å skrive teikneseriar sjølv.
Zack (actionantologi) frå 1983
Litt av ein line-up her, Kerry Drake av Alfred Andriola, Ben Bolt av John Cullen Murphy og Peter Scratch av Lou Fine. Nokre av mine favoritt-actionserier frå min barndom, og det skal vanskeleg gjerast å finne feil ved nokre av desse teiknarane. Kun 8 nummer som kom ut, men eg sparte mine skillingar og i staden for å kaste vekk lommepengar på snop, så kom eg heim med dette bladet,
Alvefolket frå 1985-1997
Dette var ein serie i albumform om nokre ville, indianarliknande alvar som støtte på ein raffinert og sivilisert alveflokk etter at skogen deira brann ned. Med ei kjærleikshistorie og eit ganske slåande opent syn på seksualitet. Nydelege teikningar, morosame historiar. Pinis teiknestil var lenge ein inspirasjon for mine eigne teikningar.
http://www.minetegneserier.no/pls/htmldb/f?p=100:11:0:::RP,11:P11_SERIE_GRUPPER_ID:33&cs=1C089709A6101A4BDC88F67517220F1E1
Franka (tegneseriebokklubben nr 13, 1986)
Tegneseriebokklubben var noko eg abonnerte fast på sidan starten. Og då meiner eg at det var eg som abonnerte på det og betalte for det sjølv. Lommepengar, julegavar, konfirmasjonspengar og pengar frå deltidsjobb gjekk med til å finansiere dette.
Ein av mine favorittseriar var Franka av Henk Kujpers, ein spenstig og attraktiv kvinneleg detektiv som var like spanande som Modesty, men utan hennar tungsinn og skarpe kantar.
Eg har dessverre ikkje kjøpt mange av dei vakre Franka albuma som kom ut etter at Tegneseriebokklubben slutta, og det er synd for Franka har blitt betre teikna og mykje meir sexy sidan det siste av dei albuma. Må hugse å sette dette på lista.
Onkel Skrue og Slottets Hemmelighet av Carl Barks.
Eg er ikkje sikker på om det var ei av dei store kvite bøkene (Jeg-bøkene), Gullbøkene eller sjølve bladet eg las denne i først, men denne skumle historia om spøkelser og Skrues skotske forfedre er ei leseoppleving som har sett seg fast.
De Store Klassikere nr 4 1980
Jada, dette er berre ein «illustrerte klassikere» type historie om Robin Hood. Men i alle fall slik eg hugsar den (sjølve bladet gjekk tapt for mange år sidan) så var denne teikna av Alfredo Alcala i ein slåande stil som gjorde at eg stadig kom attende til dette bladet.
Eg håpar eg ikkje hugsar feil. Eg har vage minner om ein annan slik klassiker-historie om Genghis Khan teikna av Curt Swan. Ah. Gode minner.
Sabotør Q5, frå 1971 til 1989

Min favoritt krigsserie om ein fransk adelsmann som òg var ein hemmeleg forkledningskunstnar og motstandsmann. Ein av grunnane til at eg likte den var fordi den heile tida handla mest om å vere smartare enn fienden heller enn å vere sterkare.
Brenda Starr (i Starlet?) av Ramona Fradon.
Det er opphaveleg Dale Messick som laga Brenda Starr, men Ramona Fradon teikna den i perioden 1982-1995 og det er desse stripene som dukka opp i eit «jenteblad», eg trur det er Starlet men eg tør ikkje seie for sikkert.
Men dette er verkeleg ein nydeleg teikna serie med ei veldig spenstig (og vakker) heltinne, og den er morosam og underhaldande òg.
Mange serier her som sikkert ikkje kvalifiserer til så mange andres topp 10-lister, men dette er seriar som eg framleis hugsar no og minnast med glede, lenge etter at eg har lese dei.
Dette er seriar eg har lese, og sikkert kjem til å lese att ein gong, fordi dei var gøy. Fordi eg likte dei.
Og i dei 10 minutta det tok meg å lese dei så var dei alle «Verdas Aller Beste Teikneserie.»
Kva med dykk andre?

NORDISKE BARNESERIER <- Eldre | Nyere -> UTE NO: 19.JUNI 2013





Det synes jeg var en fin liste som fanger mye av gleden man hadde av å lese tegneserier som barn. Selv tror jeg sikkert jeg har glemt mange av favorittene fra da jeg var omtrent 8-14, og mye av det som jeg først kommer til å tenke på blir ganske opplagt og er ting jeg fremdeles synes er gromme (Donald av Barks, Tommy & Tiger’n, Viggo, Mummitrollet, osv). Men det er noen serier jeg har spesielt gode leseminner rundt:
= Bladene i sommerhuset til besteforeldrene =
Der alle fettere og kusiner var innom hvert år sånn at det alltid lå noen ny-gamle blader i hylla som vi fikk dele på: Mye Bamse, Donald og Fantomet, pluss en del hesteblader med serier jentene hadde fått (men sistnevnte var bare nødlesning, og jeg ville aldri ha nominert dem til verdens beste).
= Tintin: Månen Tur-Retur =
Som jeg av en eller annen grunn leste i et tre jeg hadde klatret opp i en kveld med teppe og lommelykt… Husker hvor spennende det var å prøve å gjette hvem sabotøren hva, og hvor tragisk det var da han ofret livet for å redde de andre.
= Serieparaden med den (nesten) første Jasonhistorien =
Ganske forskjellig fra seriene han senere ble kjent for, det var en sprø detektivparodi med et mord i en dyrehage som ga meg utallige latterkramper en sommer på hytta.
= Lynvingen: Hekta! / Hulken =
Dette var virkelig skumle greier da jeg var gutt. Den første leste jeg ikke en gang, men reklamen (i Fantomet?) gjorde dypt inntrykk. En ubarbert, narkoman Batman som gliste mens han holdt opp en sprøyte eller noen piller eller hva det nå var. Huff! Hulken var av ukjente årsaker forbudt i heimen, men det gjorde den jo bare mer spennende, og jeg fikk snik-lest noen historier hos en venn.
= Teenage Mutant Hero Turtles =
I dag står det ikke helt klart for meg hva som var tiltrekningen i denne utvanna versjonen av ninjaskilpaddene, men det var en periode da de var det kuleste i verden, og jeg måtte snike meg ut av skolegården i friminuttet for å løpe over til butikken og se om siste nummer hadde kommet.
= Liv På En Annen Planet av Will Eisner =
Dette er langt fra den beste av Eisners tegneserieromaner, men det var den første jeg leste, og representerte spranget fra tegneseriereolen i barneavdelingen av biblioteket og ut i det store ukjente: voksenseriene (der man kunne finne Tardi, Pratt, Moebius, Lauzier, Bilal og alle de andre jeg etterhvert ble kjent med).
= Seriesamlerklubben =
Jeg abonnerte etter hvert på diverse blader, men det var ingenting som kom i nærheten av det å komme hjem fra skolen og se den siste bokpakken presset inn i postkassen. Noen ganger var det to skikkelige godbiter, kanskje en ny Sprint eller Valhall, og andre ganger måtte man ta til takke med Ratata eller Billy. Men uansett fikk man jo Seriesamler’n med løfte om kanskje bedre ting neste gang. (Jeg må innrømme at jeg får litt samme følelse den dag i dag når det kommer pakke fra Amazon.)
— Andrebyboer 18. June 2013, 23:13 #
Jeg endte opp med følgende på min liste: Asterix, Fantomet,Jeg Mikke Mus, Shazam, Li’l Abner,Ukebladet Tempo, Præriebladet, Donaldpocket,Skippern og Tarzan. Utfyllende begrunnelser ligger på egen blogg; http://jacobsbloggen.blogspot.com/2013/06/verdens-aller-beste-tegneserier.html
— jacob 19. June 2013, 14:49 #
“I’ve learned to treasure that which has value to ME, not to somebody ELSE! That’s what life’s all about!”
Don Rosa siterer Onkel Skrue (The Money Pit, 1990) i introduksjonen til Walt Disney’s Donald Duck Adventures – The Barks/Rosa Collection volume 2 (Gemstone, 2008).
— Jostein Hansen 22. June 2013, 00:02 #
Kom over en annen topp ti liste på nettet (et par poster ned på siden). Denne var så bra at jeg ønsker å dele den med dere:
Bruce Canwell’s topp ti
— Øyvind B 22. June 2013, 19:19 #