MANNEN SOM IKKJE LENGTA HEIM (10.11.14 )
Ein moderne, japansk klassikar føreligger på norsk for første gong.
Sjølv om eg nettopp har vore på ein festival som feirar alt japansk, og ser at manga stadig er eit populær fenomen, er det tydeleg at norske mangaomsetjingar ikkje er økonomisk bærekraftige i Norge lenger. Minuskel har difor vorte einerådande på markedet med sine sporadiske omsetjingar av japanske teikneseriar, og dei har valt titlane med stor omhu. For drygt to år sidan kom Yoshihiro Tatsumis Kikkeren. I haust kjem eit av hovudverka til Jiro Taniguchi, Min Fars Dagbok.
Taniguchi har ein svært omfattande og allsidig produksjon, som også omfattar mange sjangerseriar og rein underhalding. Min Fars Dagbok er mykje meir personleg. Taniguchi sjølv hadde ikkje vore i barndomsbyen Tottori på femten år då han omsider lot seg overtale til å dra dit for å besøke familien. Besøkte ga han nytt perspektiv på både familie, heimstad og barndommen. Bokas hovudperson, Yoichi er i ein liknande situasjon; også han er eit travelt storbymenneske som vaks opp i Tottori. Skilnaden er at attervendinga til barndomsheimen på ein måte kom litt for seint for Yoichi. Far hans døydde før han fekk tatt farvel, og forholdet til faren var så distansert at han til og med vegrar seg for å gå i likvaken. Men i det han går av bussen i Tottori begynner minnene å strømme på. På likvaken vert han forbausa over den hjartelege mottakinga frå slektningar han ikkje har sett på evigheitar. Fortida hans er som eit puslespel som gradvis blir til eit klårare bilete i løpet av kvelden, godt hjelpe av historiene til storesystera Haruko og især onkelen (morbroren) Daisuke. Det går opp for han kor lite han eigentleg visste om faren.
Taniguchi har eit særleg stort publikum i Europa, og det er let å sjå kvifor. Han teiknar med ein detaljrikdom og realisme som er meir typisk for kontinentale teikneseriar enn manga, og sjenerer seg heller ikkje for å bruke mykje ord både i dialog og forteljing. Samtidig har figurane hans ein tydeleg manga-inspirert utsjånad, og forteljarstilen hans har mykje av det dvelande og gjennomført atmosfæriske over seg som pregar japansk film.
Taniguchi kombinerer det beste av to verder innan teikneseriemediet. På den eine har han ein målretta og tydeleg forteljing full av detaljar – ei heil livshistorie, rett og slett – på den andre sida har denne serien noko fredfylt og komfortabelt over seg, sjølv når den nødvendigvis blir melodramatisk. Eit viktig vendpunkt i historia er 1952-brannen i Tottori, den største brannen i japansk etterkrigstid. Sjølv den får ikkje dominere denne historia for mykje, sjølv om konsekvensane av brannen vert langvarige for Yoichi: Faren må begynne på bar bakke igjen med frisørsalongen sin, og stoltheita driver han til å arbeide så mykje at det går ut over forholdet til familien.
Bodskapen til Taniguchi er: Ikkje gløym det som forma deg. Ikkje gløym staden der du veks opp, og framfor alt, gløym ikkje familien. I etterordet gjer han dette endå meir tydeleg. Samstundes dømmer ikkje forfattaren Yoichi; han står for dei vala han tok, og distansen han har følt for familien heile sitt vaksne liv vart utvikla gradvis og naturleg. Med tanke på Taniguchi sin eigen livshistorie og karriere har han truleg mykje sympati for Yoichi sine val, men han fekk ny innsikt då han kom heim, og den innsikta overfører han til Yoichi
Min Fars Dagbok er visserleg ei sentimental bok, men også det sentimentale, det kjenslevare, er skildra med så mykje eleganse og takt at historia aldri verkar klein. Den er berre vakker, og det gjer godt å lese den.
Min Fars Dagbok
Av Jiro Taniguchi
Omsett frå japansk av Magne Tørring
Etterord av forfattaren og Morten Harper
ISBN 9788282796245
Ca. 280 sider
299 kr.
Minuskel Forlag
JAPANSK HELHET <- Eldre | Nyere -> DRAGEN VÅKNER IGJEN