JULEHEFTER 2014: DISNEY (26.11.14 )
Inga jul utan Disney! Årets utval byr på ein del nytt materiale, men mest kjent stoff frå dei mest populære Donald-teiknarane.
Av Trond Sätre og Knut Robert Knutsen
Donald Duck: God Gammel årgang

Ei god samlinga sundagssider av Al Taliaferro, avrunda med nokre få sider med vintertema. Gode gags, godt utvikla og underhaldande julelektyre om enn ikkje for dei aller yngste. Dei tause rutene og kulturelle referansane er nemlig ikkje så lette å knekke for 10-åringar.
Donald Duck: God Gammel Årgang
36 Sider
Kr. 52,90
Egmont Kids Media
Donald Duck & Co.

«Nystalgi» kallar David Gerstein dette heftet for i forordet. Det vil seie at det inneheld årgangshistoriar av Daan Jippes, Jack Bradbury, Tony Strobl og Freddie Milton som ikkje tidlegare er utgjevne i Noreg, pluss ein tidlegare utgjeven historie teikna av Vicar. Nivået er jamt over høgt, med mange gode påfunn og mykje action. Bradburys og Vicars historier sørger for god julestemning.
Donald Duck & Co Julehefte
36 Sider
Kr. 52,90
Egmont Kids Media
Onkel Skrue –Liv og Karriere

Årets Onkel Skrue julehefte handlar utelukkande om Skrue, noko som i seg sjølv er ein nyheit. Her er ein kort historie av Carl Barks som peiker tilbake på Skrues barndom; kort og enkel, men morosam. Men mesteparten av heftet er sett av til ei langt meir episk Don Rosa-historie frå Yukon-dagane. Gylne Gulda er involvert, og ei slags julestemning forekommer så vidt og. Veldig bra hefte som viser Don Rosa på sitt mest inspirerte. Men det fungerer best viss ein har lese litt Onkel Skrue av Barks og Rosa før, for å sjå samanhengen.
Onkel Skrue – Liv og Karriere
36 Sider
Kr. 55,90
Egmont Kids Media
Walt Disneys Julehefte

Det årlege «raritetsheftet» startar med ei god vinterhistorie om Donald og nevøane og diverse ablegøyer rundt ei overnattingsøkt for Hakkespettar. Fred Milton, Daan Jippes og Ben Verhagen leverer. Elles ein del småsnacks med Pinocchio og Tingeling og andre av diverse Hall-of-Fame-teiknarar, før det avsluttast med ei Mikke Mus-heilside av Gottfredsson. Godt utval, sjølv om det mest av alt gir lyst til å spore opp samlebøkene med Gottfredssons Mikke. Ei side er aldri nok.
Walt Disneys Julehefte
36 Sider
Kr. 55,90
Egmont Kids Media
Carls Barks’ Jul

Solid vintertema i år, bak eit flott oljemaleri av Barks og historiar som «skøyteløpet» og diverse einsidarar. Julehistoriane i år, «En kamel er den beste julegave» og «Nissen på stormbesøk» er ikkje i dei sedvanlege snødekte settingane og er vel ikkje å reikne blant dei mest «julete» av Barks sine julehistorier, men morosame lell.
Carl Barks’ Jul
36 Sider
Kr. 55,90
Egmont Kids Media
Fantasy

«Pocketbøkene Donald Duck Fantasy har slått så godt an at dere nå får Donald Duck Fantasy Julehefte i samme stil», forklarer «Donald» oss i forordet. Problemet med den koplinga er at Donald-pocketar har hundrevis av sider; meir enn nok til å fortelje et fantasyepos. Donald-julehefter har 36 sider. Andrea Frecceros gnistrande cover gir vel forhåpningar om spektakulær fantasy, men her er magien meir av den enkle sorten, i den grad den finst. Donald Villand-historia av Marco Rota er meint å vere historisk fiksjon og ikkje fantasy, men Rotas villand-historiar er alltid gode. Litt slappare er «Fantasyland», ein historie der Donald sovnar i ein fornøyelsespark og drøymer at han må nedkjempe en drage i middelalderen. Sjølve kampen varer i 1 og ½ side og ender med eit antiklimaks. Konklusjonen er altså at det er veldig lite fantasy i fantasy-juleheftet, og berre Marco Rota si historie verdt å bruke tid på.
Donald Duck Fantasy
36 Sider
Kr. 55,90
Egmont Kids Media
Donald – Helt på vidda

Omsider er vi kome til det heilnorske heftet, som alltid held ein viss standard. Løkling, Nærum og Midthun leverer igjen ei julehistorie med mykje fart og spenst. Krimplottet fungerer greitt, dei gjenvitjar klassiske oppskriftar og gir dei sin eigen vri, med spanande nye karakterar og ein klar norsk vinkling. Absolutt eit av årets beste julehefter. Lesaren får ikkje den same emosjonelle investeringa som ein hadde i Skrues barndom frå fjorårets hefte, men ein kan ikkje berre fortelje dei historiane heller. Nokon gonger held det i massevis med rein spenning og moro. Bruken av Finnmark som setting, med nokre veldig flinke samiske hakkespettar på pletten (same kor eksotiske miljø Donald og familien besøker finst det alltid eit lokallag av Hakkespettane der!) var spesielt artig.
Donald Julealbum (Norske Historier) – Helt På Vidda
36 Sider
Kr. 55,90
Egmont Kids Media

INGEN FJØSNISSAR I BERGEN <- Eldre | Nyere -> JULEHEFTER 2014: KLASSISK AMERIKANA





En liten korreksjon: Forsiden på Fantasy-juleheftet er laget av Andrea Freccero! Æres den som æres bør.
— Haakon W. Isachsen 27. November 2014, 09:41 #
PS: Dere glemte å ta med Donald Ducks Julehistorier (HC pocketen).
— Haakon W. Isachsen 27. November 2014, 09:43 #
Hei, Haakon. Beklager feil teiknar; eg har retta opp i dette nå. Og ganske riktig, omtale av Julehistorier HC-pocket manglar, men den fekk eg ikkje tilsendt.
— Trond Sätre 27. November 2014, 10:59 #
Beklager, Trond! Da puttet jeg den i posten til deg nå.
— Haakon W. Isachsen 27. November 2014, 12:02 #
Eg reikna med at boka var ekskludert av praktiske hensyn – at den på grunn av formatet var vanskeleg å pakke ned saman med resten – og valte derfor å ikkje forfølge saka. Men viss du likevel vil sende den i ettertid så seier eg takk, og lover sjølvsagt å omtale den.
— Trond Sätre 27. November 2014, 12:10 #
Hei jeg er ute etter å kjøpe Donald helt på vidda, men det er utsolgt i hele Finnmark så har dere en nettside hvor man kan bestille det. Mvh. Mona
— Mona Lundmark 27. November 2014, 17:03 #
Hei, Mona. Egmont har ein nettbutikk for teikneseriar, www.univers.no. Det ser ikkje ut som om dei selger enkeltjulehefter der, men du kan finne kontaktinformasjon der.
— Trond Sätre 27. November 2014, 18:21 #
På www.univers.no selger vi en pakke med 6 julehefter:
Norsk Donald
Pondus
Lunch
Knoll og Tott
Nemi
Stomperud
— Haakon W. Isachsen 28. November 2014, 11:13 #
Vet du hvor man kan få kjøpt julehefte Donald på vidda?
— Beate 15. December 2014, 22:12 #
Det ser dessverre ut til å vere utsolgt frå forlaget.
— Trond 16. December 2014, 00:35 #
Donald på vidda kan kjøpes i de aller fleste butikker som selger julehefter, i hvert fall andre steder enn i Nord Norge. Ser den i stativene daglig.
— Øyvind B 16. December 2014, 23:58 #
Om du ikke finner denne i nærheten, eller har noen som kan sende den til deg, kan du kanskje bestille fra Tronsmo, Outland eller andre spesialbutikker for tegneserier.
— Frank Flæsland 18. December 2014, 05:39 #
Det norskeprodusrte Donald-heftet er utsolgt mange steder i Trondheim, har kun sett noe få eksemplarer på Bunnpris-butikken på Byåsen.
Den første Barks-historien (som først ble utgitt i det uhyre sjeldne Disneyparaden på slutten av 60-tallet) i Onkel Skrue – Liv & Karriere kan da umulig være fra 1953?
— Jostein Hansen 19. December 2014, 18:43 #