SERIE TIL MUSIKK: DUCKROCK (29.02.16 )
Elleve låtar dedikert til mange kjente, og enkelte litt meir obskure, Disney-figurar – Alt frå Donald og Onkel Skrue til Moby Duck og Ørnulf Ørn.

“DuckRock” er eit konseptalbum som vart utvikla av tekstforfattar og serieskapar Les Inkwell for gruppa StarratS of UfotofU – Eit prosjekt som igjen er samansett av medlemmer frå gruppene Honeyroll og Spilled Soup. Då Inkwell føreslo gamle Andeby-figurar som konsept, viste det seg at gitarist Dan Are Rui Christiansen var Donald-fan. Han tente på ideen, og dette er resultatet.

Det kan vere fristande å trekke parallellar til Tuomas Holopainen frå Nightwish og hans konseptalbum The Life and Times of Scrooge (2014), som i si heilheit er basert på Don Rosas Onkel Skrue-biografi. Men denne overflatelikskapen skal eg ikkje gjere for mykje ut av. Skilnaden er stor mellom Holopainens grandiose, i hovudsak instrumentale symforockplate, og Starrats’ lang meir jordnære og tekstdominerte DuckRock.
Ein slags fellesnemnar for gruppe og album er «klassisk rock», men dette omgrepet rommer så mykje: Bluesrocken dominerer, men med tydelege innslag av funk, stoner og punk. Lydbildet er ganske rått, dominert av raske komp, skarpe gitarriff, djup bass og høg, intens vokal. Målet har tydeleg vore å gi plata eit typisk livesound. Melodiane er enkle, direkte, og vektlegger personlegdomane til Disney-figurane.

Ideen ser ut til å vere å la figurane behalde respekt og verdigheit ved å la dei fortelje om seg sjølv i første person, sakleg, og rett fram. Inga tøyseplate det her, altså. Les Inkwell og bandet tek barndomsminna på alvor. Utan å tilføre figurane personlegdomstrekk dei ikkje hadde i utgangspunktet, gir plata dei nye dimensjonar gjennom både tekst og framføring. Nokon av figurane får til og med ein sjanse til å redde æra; eit av dei desidert høgdepunkta på plata er den seige, melankolske sørstatsbluesen «Sidekick», der Skaftetrynet får lov til å lette på hjertet: «Sidekick till the day I die…Excuse me if I get existential…Only Mr. Murry know my full potential.» Elles går det mykje i raske, allsangvennlege låtar der ein ikkje skal få vere i tvil om kven det til einkvar tid handlar om («I got my mind on my money and my money on my mind»)

Nettopp allsong-aspektet trur eg er viktig – Musikken har som nemnt eit utprega livesound, og gjer seg nok best på scena. På CD vert det raske, oppjaga kompet einsformig til tider. Men også musikalsk har albumet ei god forståing av omgrepet konsept – T.d. er det tydelege likskaper i arrangementet på låtane til Anton og Donald, og Ørnulf Ørn og Petter Smart henhaldsvis. Det ligg altså ein plan bak albumet, anna enn berre å la Disney-figurar fortelje om seg sjølv; og å la plata slutte med Bestmor Ducks familiesamlingssong (som har eit litt meir forseggjort arrangement) kjennest heilt riktig ut.

CDen «DuckRock» er i butikkane 1. mars, og har sleppfest på Magneten, Torshov, 11. mars klokka 21.
Medverkande:
Les Inkwell – konsept, tekstar og illustrasjonar
Dan Are Rui Christiansen – Gitar
Knut Martin Sælid Myklebust – vokal og trommer
Hans Marius Haukedal – bass og akustisk gitar
Les også:
Kva er DuckRock?

BEGYNNELSEN PÅ EN RENESSANSE? <- Eldre | Nyere -> POLSKE MINNER




