Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

KJÆRLEIK I SERIERUTENE (14.02.16 )

I høve Alle Hjarters Dag eller Sankt Valentin-dagen 14. februar, tek vi ein nærmare kikk på dei amerikanske kjærleiksteikneserianes historie.

Av Knut Robert Knutsen

Sjølve genren «romantikk» finner ein jo i alle media før eller seinare, og i teikneseriar vart det meir og meir eit grep ein tok mot slutten av 1920-talet og inn på 1930-talet at ein romantikk bar lenger historier innan både humorstriper og spenningsseriar.

Det som vi i dag kjenner hovudsakleg som ein sjanger «skapt for TV», såpeoperaen med sine romantiske forviklingar , var i dei dagar først og fremst radiohøyrespel. I så måte hadde dei daglege avisstripene ein visuell fordel, då dei den gong var mykje større i format og hadde plass å boltre seg på slik at dei kunne vise heile scenar eller sekvensar i ei stripe.

Blondie og Valiant

I Chic Youngs «Blondie» på starten av 1930-talet, stifta vi kjennskap med ei ung, sprelsk fattigjente, den typen festlege jenter som ein på 1920-talet lett nedsetjande kalla for «flappers». Ho forelskar seg i rikmannssonen Dagobert, som gjer opprør mot familien for å kunne gifte seg med henne. Denne «proto-versjonen» av Blondie vart nyleg gjort tilgjengeleg på norsk, i boka «Blondie, De Første Årene: 1930-1931» (Egmont 2015)

Serien var ikkje den første som kikka på dei romantiske forviklingane til «flappers», Chic Young hadde sjølv gjort det før med «Dumme Dora». Det som er spesielt med Blondie er at ho ikkje er så dum som ein kan få inntrykk av. Ho er ei dame med bein i nasa, og langt frå ein gullgravar; for det er ho som i periodar må ta hand om den arvelause Dagobert før dei giftar seg og serien vert ein forstadskomedie.

Damer med bein i nasa er noko av eit gjennomgangstema i teikneserieromantikk.
Når Hal Foster midt på 1940-talet sender sin Prins Valiant til Tåkeøyene for å ta eit oppgjer med den «onde» Dronning Valeta, så er det til slutt ho som overvinner han, som reddar dei frå alle farar og til slutt bankar inn i det dumme, vesle hovudet hans at han er forelska i ho.

Serien «Prins Valiant» er romantisk både i genre og i uttrykk, og kjærleikshistoria mellom Valiant og Aleta har så langt vart i over 70 år. Thule forlag har utgitt det meste av dette på norsk.

På 1960-talet vil ein òg finne solide Såpeopera-seriar i meir moderne stil, som mellom anna «Mary Perkins on Stage» teikna av Leonard Starr i ei rein klassisk stil a la Alex Raymond sin Rip Kirby (no er utgitt komplett i 15 bind), eller «The Heart of Juliet Jones», ein såpeopera i Stan Drake sin uttrykksfulle stil.

Young Romance Av Joe Simon og Jack Kirby

For nye generasjonar er vel Captain America det beste kjende resultatet av samarbeidet mellom Joe Simon og Jack Kirby. Men frå dei starta samarbeidet sitt ca. i 1939 til dei avslutta det seint på 1950-talet, skapte eller definerte dette radarparet ganske mange nye sjangrar innan amerikanske teikneseriehefter.

Ein av desse var romantikk-teikneserien som genre, med «Young Romance». Der Simon oftast hadde stått for manus og Kirby for teikningane ,tok dei her begge to grep om dei forskjellige sidene av produksjonen.

Der vi ofte no assosierer slike seriar med gentlemen i fine dressar og prinsesseaktige frøkner i nyaste mote, så var Simon og Kirby sine heltinner av kjøtt og blod, og heltane gav totalt blaffen i om dama hadde dårleg rykte. Både i strek og forteljing er det ein røff arbeidarklassementalitet i desse historiene, sjølv om sentimentaliteten og den lett velmeinande mannssjåvinismen er merkbar.

Det er ein intensitet i kjærleiksforholda i desse historiene som er lett å kjenne att når ein vel 15 år seinare leser dei romantiske sub-plotta i Marvel sine superhelt-teikneseriar.

Showcase Presents Young Love frå DC Comics

Young Love var ein av titlane Simon og Kirby skapte, ein som seinare vart kjøpt opp av DC Comics. Når vi kjem til midten av 1960-talet, etter sensurkrisa i 1954, er kjærleiksseriane mykje meir konvensjonelle. No er det vi møter på den kjende stereotypen med menn i dress og unge sarte piker i nyaste mote. Enkle, underhaldande og gamaldagse historier.

Desse seriane kjem òg i hælane på 1950-talets popart-rørsle i den «finare» kunstverda, der Roy Lichtenstein sine direkte, om enn hjelpelause, avteikningar av gamle romantikk- og krigsseriar hadde tatt New York si kunstscene med storm.

Ganske mange av dei teiknarane Lichtenstein plagierte i sine sentimentale bilete av gråtande jenter frå romantikkseriane, er representert i dette heftet, då dei framleis jobba for Young Love og DC Comics. Her kunne ein finne unike talent som John Romita, Gene Colan, Tony Abruzzo, Bernard Sachs, Jay Scott Pike, Arthur Peddy, Gene Colan og Don Heck.

Dette er sentimentale og lettbeinte, klisjéprega romantikkseriar som gjerne står lagleg til for hogg, men òg vel fortalde små historier av nokre veldig gode teiknarar. Lichtensteins ukyndige penselstrok makta aldri å gjenskape kjenslene og den solide estetikken i desse teiknarane sine romantikkseriar.

John Romita vart seinare kjend for sitt arbeid på Spider-Man, Gene Colan var medskapar av karakteren Blade og ein sentral serieskapar på Daredevil, medan Don Heck var med på å skape karakterar som Iron Man, Hawkeye og Black Widow (alle for Marvel Comics).

Setting the Standard – Alex Toth

Der tidlegare romantikkseriar gjerne var meir rå nerve enn stil, eller meir stil enn innhald, så er Alex Toth sine seriar frå Standard Comics (samla i boka «Setting the Standard») det beste frå begge verder. Det er verdt å merke at ikkje alle seriane i boka er romantikk.

Alex Toth vert rekna som ein teiknars teiknar i teikneserieverda. Det vil seie at han var ein føregangsmann i å utarbeide idear om forenkling av strek, designheilskap på sida (av den grunn handteksta og fargela han ofte sjølv sine arbeid) og effektiv historieforteljing.

Han kunne ofte designe vekk kvar unødvendige strek, finne dei mest fascinerande og effektive komposisjonane, og heve intensiteten i rutene på ein måte som få klarar å etterlikne. Når han nytta dette til elles ganske så konvensjonelle romantikkseriar så var resultatet spektakulært.

Dessverre så var Toth sine seriar òg meir populære hos profesjonelle teiknarar som såg dei estetiske og narrative kvalitetane i seriane hans, enn hos det generelle publikum som føretrakk teiknarar og historieforteljarar som var enklare å fordøye. Men er ein på utkikk etter det beste, så er han første stopp.

Romantiske tenåringskomediar

Komiske tenåringsseriar med romantiske innslag starta allereie i 1941 med Vic Bloom og Bob Montana sin «Archie» serie om tenåringen Archie Andrews som vert slitt mellom dei to vidt forskjellige jentene Betty og Veronica (skjønt dei fleste vil hevde at det einaste som skiljar dei fysisk er hårfargen).

Archie fekk ein del interessante spin-offs med seriane «Josie and the Pussycats» og «Sabrina» under teiknaren Dan De Carlo, og har gått nye og kritikarroste vegar det siste tiåret – Mellom med anna kjærleiksforviklingane til den homoseksuelle bifiguren Kevin Keller, og ein populær reboot av heile konseptet, sist sommar

Mange forlag laga liknande seriar som blanda tenåringskultur, komedie og romantikk, mellom anna DC Comics sin «Leave it to Binky» og spin-offtittelen «A Date With Debbie». Ofte var desse laga av Bob Oksner som var kjend for si evne til å teikne pene damer. Teikneseriane om Binky og Debbie kom òg ut på norsk i mange år i bladet «Binky».

Hos Marvel skreiv Stan Lee seint på 1950-talet på serien «Millie the Model» illustrert av Stan Goldberg (seinare ein av hovudteiknarane på Archie). Serien kom ut på norsk i tre år (1963-1965) under tittelen «Millie Modell»

Linjene frå desse seriane går vidare til både Marvelseriar og slike uavhengige seriar som «Love and Rockets» som blanda Archie teikneserien sin estetikk med Hernandez-brørne sin latinamerikanske «magiske realisme», med forankring med eitt bein i amerikansk og eitt i meksikansk populærkultur.

Romantikken i superheltseriane

Når Marvel i 1961 byrja å utgje dei superheltseriane som etterkvart vart til «The Marvel Age» så braut dei på mange måtar med dei fleste etablerte konvensjonane i sjangeren. Mellom anna handla det meir om karakterar og deira indre konfliktar enn om plot.

Superheltar vert ofte sett på som ein «guttegenre» på same måte som romantikk vert sett på som ein «jentegenre». Men Marvel sin skumle løyndom er at deira superheltseriar faktisk er kraftig iblanda genre-element frå romantikkseriar og såpeoperaer. Peter Parker/Spider-Man sine forhold til Liz Allen, Betty Brant, Mary Jane Watson, Gwen Stacy og Felicia Hardy er blant dei romantiske underplotta som denne serien nytta for å halde på interessa. Liknande konfliktar fann ein i alle dei andre superheltseriane frå Marvel.

Måten Stan Lee «skreiv» teikneseriar på i Marvel-perioden, var ofte ved å levere eit verbalt plott som teiknarane så bearbeida og gjorde om til sekvensar og scener. Det er då det kjem tydelegast fram at dei teiknarane som var mest populære for bruken av «Marvel-Metoden», var dei som hadde bakgrunn frå romantikkseriar og fylte opp sidene med kjærleiksdrama.

Dette er noko som både andre forlag, samt tv-seriane og filmane om superheltar etterkvart tok med seg. Mellom anna så vart Supermann tv-serien «Lois and Clark» til ein romantisk såpeopera, og seriar som Smallville, Arrow og Flash har mykje av det same.

Det kan trygt seiast at ein av dei sterkaste bærebjelkane i den moderne superheltgenren er romantikk.

Pop-Art Romance – John Lustig sin «Last Kiss»

Charlton Comics var å rekne som eit tredjerangs forlag. Likevel overlevde dei lenge som eit lavbudsjettsalternativ, takka vere sin vertikale struktur: Dei eigde trykkeri, forlag og distribusjon, og tilbaud lave rater til talentane, samt at dei kjøpte opp billeg materiale frå andre forlag når desse gjekk under.

Trass i dei låge prisane dei betalte til teiknarar og forfattarar, var det mange talentar som jobba for dei i periodar, ettersom dei fekk friare hender til å gjere kva dei ville. Mellom anna meldte Steve Ditko, medskaparen av Spider-Man, overgang til Charlton då han vart lei av Marvel.

Når Charlton til slutt gjekk under midt på 80-talet, vart deira inventar seld ut billeg. DC Comics kjøpte mellom anna opp superhelt-titlane deira, The Question, Blue Beetle og andre, som ei gåve til sin sjefsredaktør Dick Giordano. Han hadde vore redaktør for Charlton tidlegare. Alan Moore og Dave Gibbons planla ein lengre serie med desse karakterane før Dick Giordano avgjorde at dei måtte «forkle» dei, sidan det var så mykje vaksenmateriale i den nye serien. Dette vart så til den kritikarroste serien «Watchmen».

Charlton sat òg på store mengder romantikkseriar produsert frå 1948 til 1980-talet. Teikneserieforfattaren John Lustig, som mellom anna har jobba mykje med Disney-lisensar, kjøpte opp rettane til desse seriane for å realisere sitt prosjekt «Last Kiss».

Akkurat som Woody Allen gjorde ein gamal B-film om til sin kritikarroste «What’s up, Tiger Lily?» (1966) ved å klippe om og dubbe filmen, fann Lustig i 1996 ut at han kunne gjere dei litt trauste romantikkseriane om til parodier og pastisjar ved å endre dialogen.

Det som gjer Lustig annleis enn Lichtenstein og andre som køyrde liknande prosjekt, var at han faktisk kjøpte opphavsretten til seriane han nytta som grunnlag for parodiar. Lustig sin «Last Kiss» var i ein periode ein kulthit og Marvel lot han køyre liknande prosjekt med deira serier i «Marvel Romance Redux».

Prosjektet held fram med jamnlege oppdateringer på Lustig si nettside :

Last Kiss Comics

Last Kiss er òg tilgjengeleg på Kindle.

divider
  1. HVA?! En artikkel om “kjærleik i serierutene” uten å nevne Matt Baker (1921-59)? Og bare nevne Standard Comics indirekte i forbindelse med Alex Toth. Det går ikke, så derfor et utdrag av min artikkel om Matt Baker i Illustrerte Klassikere bok 24:
    “Romantikk og glemsel –
    I 1948 brøt Matt Baker med Iger for å friste tilværelsen som frilanser, men ble snart knyttet til nystartede St. John Publishing, eid og drevet av Archer St. John, avismann fra Chicago. De to kom godt overens, selv med ulik sosial bakgrunn. De var gode venner, men Baker om- og tiltalte Archer som «Mr. St. John». Etter en tid fikk Baker eget kontor og tittelen art director.
    Det var her Matt Baker fikk vist hva han var god for. Sammen med forlaget blomstret en ny genre innen tegneserieheftene opp: romantikk-serier. I 1947 ble det banebrytende heftet Young Romance (av Jack Kirby og Joe Simon) en suksess. I løpet av et par år kom det 130–150 ulike romantikktitler på markedet. Blant de beste var St. Johns utgivelser, for forlaget hadde to fordeler: manusforfatter Dana Dutch og tegner Matt Baker.
    De færreste av deres historier slutter med at heltinnen finner «den rette». Derimot har hun vunnet erfaring og innsikt – og kan være klar til eventuelt å vurdere den rette.
    Settingen var realistisk med «vanlige» mennesker, og Bakers evne til å fremstille skikkelser med et uttrykksfullt kroppsspråk og variert utseende kom til sin rett. Med bevisst bildekomposisjon, sans for talende miljøutsnitt og levende skikkelser gikk Dutch og Bakers serier rett hjem hos leserne.
    På midten av 1950-tallet bukket mange forlag under av innstramninger etter datidens tegneseriehets. Konsekvensen ble at tegneseriehefter gikk over til å bli et fenomen for unggutter. Romantikkseriene var ikke noe samleobjekt for serieentusiastene, og bladene forsvant i søppeldynger og forbrenningsovner. Og med dem serieskapere som Matt Baker og Dana Dutch – som ikke tegnet superhelter…

    Tegneserieroman
    I 1950 ga St. John Publishing ut det de kalte Picture Novels, tegneserieromaner i pocketbokformat. Nummer 1 var It Rhymes With Lust og innenfor omslaget med en dame i utringning var en «hardkokt» krim skrevet av Drake Waller (Arnold Drake & Leslie Waller) og tegnet av Matt Baker, med tusjassistanse av Ray Osrin.
    Etter nok en utgivelse ga forlaget opp eksperimentet, og det kom ikke flere Picture Novels. Ikke før Will Eisner nesten tredve år senere lansert sin novellesamling A Contract With God under betegnelsen «A Graphic Novel». Men Baker og Drake/Waller var først!”


    Haakon W. Isachsen    19. February 2016, 11:32    #
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)