Coveravsløring: Nordlys 8

TNT startar det nye året offensivt! Serienett gir deg første kikken på forsida til neste Nordlys-boka, «Reisen til Røros».

Den norske fantasy-hypen visar inga teikn til ebbe ut i 2026. Tvert om; Egmont startar året med endå ein ny «nordisk manga»-tittel, «Owen Undring», samt andre bindet av Soluna. TNT på si side kjem med både Dragviking 2 og Nordlys 8.

Og alt dette er berre i januar.

Nordlys 8 har fått tittelen «Reisen til Røros», som var der Sonja opphaldt seg i den første halvparten av førre boka, «Harukkas ønske».  Tittelen kan sjåast på som ein parallell til den første boka, «Reisen til Jotundalen», men kvifor har Sonja det travelt med å komme seg attende? Og er det berre henne? Slik kan ein lett spekulere, særleg ut frå omslaget:

(Klikk for å forstørre)

Vel, denne er ganske enkel å analysere. Dette er eit gruppebilde og ikkje så mykje meir. Bakgrunnen røper minst mogeleg. Ovanfrå og ned ser vi Kjetil, Nøkken (dens nærvær er mindre overraskande vis ein hugsar slutten av siste boka), Espen, Lotta og Sonja. På eit vis fungerer forsida mest som ei påminning om kven som er nøkkelpersonane i serien, og at dei alle har blitt vaksne (unntatt Nøkken, som var blitt ein «kattunge» i siste boka).

Antydinga er også at dette blir ei meir ensembledrive bok, i kontrast til førre boka, då Sonja var aleine mykje av tida.

Kjetil, Espen og Lotta er kledd omtrent som før, bortsett frå at dei to sistnemnte har fått kapper. Men Sonjas garderobe er det ein verkeleg legger merke til her. Sist vi såg henne var ho i ein slags kjortel, men nå har ho trekt ein pelstopp over skjorta ho hadde med heimanfrå. Eit enkelt grep som får henne til å verke både kul og kampklar. Ho har også sett opp att hestehalen.

Elles ser vi at nordlyset ikkje berre førekommer på forsida nok ein gong, men liksom er meir pågåande enn før, tvinger seg fram. Eg vil gå ut frå at det berre er metaforisk, men kven veit om ikkje nordlyset før eller seinare vil spele ein meir konkret rolle i teikneserien som ber dens namn? Serien tek jo utgangspunkt i norsk og samisk folklore, der nordlyset ofte er ei overnaturleg kraft.   

«Nordlys 8 – Reisen til Røros» kjem den 15. januar. Kanskje blir det lansering på Storstuggu kulturhus på Røros? Norli på Karl Johan er vel meir sannsynleg1, særleg midtvinters, men ein event blir det nok uansett.

  1. Eg hadde rett! Vel, same kjede, og berre nokre frå skritt frå Karl Johan https://www.facebook.com/events/1641256033719784/ ↩︎

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *