
I forkant av den store julehefte-handledagen prøver redaksjonen å bli einige om kva som er årets beste hefter.
Fotografi av Trond Sätre. Frå Ark Strandgaten, Bergen, 21. desember.
To dagar før julekvelden er Serienett eigentleg for lengst ferdige med julehefta, men så er det slik at anbefalingane kom relativt tidleg, og visstnok så kjøper ikkje folk flest julehefta sine tidleg. Dei kjøper hefta aller oftast, i følge alle media som tek for seg temaet, på lille julaftan.
Eg veit ikkje kor godt belagt denne påstanden er. Kanskje er det berre eg som ikkje forstår. Eg kjøpte og for det aller meste leste, dei julehefta eg ville ha lenge før den 23/24. Også før eg måtte begynne å lese dei tidleg til anmeldings føremål.
Eller kanskje det berre er noko som media seier fordi dei manglar oppdatert statistisk informasjon om teikneseriar. Litt som når folk i fleire tiår har sagt at Norge er det landet med nest høgast proporsjonal teikneserielesing i verda etter Japan, fordi vi blei fortald det i eit innslag på Dagsrevyen tidleg på 90-talet.
Uansett, av omsyn til dei mange som faktisk kjøper julehefta i siste liten, presenterer Serienett-redaksjonen nå i innspurten sine fremste anbefalingar, basert på ei intern stemmegjeving. Årets julehefteredaksjon har hatt tre medlemmer med til dels ganske ulike preferansar. Stort sett var vi berre einige om at det var nokre hefter vi likte særs godt, men ikkje kva for slags. Men til slutt greidde vi å einast om ei handfull med palltitlar:

Best likt: Tusjkollektivet
Eit veldig godt tiltak frå Strand i fjor blei vidareført i år. Therese G. Eide, Nora Dåsnes, Noor Eckhoff og Tegnehanne samarbeider om eit tjukt og godt hefte som gir ypparleg valuta for pengane. Mykje er materiale frå dei fire serieskaparanes felles spalte i Aftenposten i løpet av året, som er kvalitetslesing seg sjølv, men noko er også spesiallaga og høgtidsrelevant. Redaktøren falt særleg for Therese G. Eides guide til julemusikk.

Sølvplass: Don Roas Jul
Don Rosa har kanskje ikkje så mange juleklassikarar på merittlista som sitt store førebilete, Carl Barks. Etter å mange år med Barks-reprisar er dette likevel ei frisk og velkommen nyskaping. Eit passe tjukt hefte gir oss rikeleg med innsikt i Rosas ulike forteljarstilar. Du har eposet i «Kampen om Sampo», du har den reine slapsticken i «På et sølvfat» og du har kontinuitetspornoen i «T.R.A.N.G.S.T.A.R.T»., der vi får vite korleis det gjekk til då Ole, Dole og Doffen blei med i Hakkespettane. Lite jul, praktfull gåvepakke.
Dessutan:

Motstandsnissene
Etter ide og manus av Aleksander Kirkwood Brown er Arild Midthun tilbake i sitt kvasi-belgiske 80-talsmodus med eit habilt forsøk på å skape ein heilnorsk parallell til Asterix. Nissane, dei bokstavelege nissane altså, går inn i motstandskampen mot den tyske okkupasjonsmakta. Både dei og serieskaparane gir alt.

Flåklypa
Vår anmeldar var litt skuffa over årets Flåklypa julehefte , men legger til at ein svakare Flåklypa rangerer lell høgare enn mykje anna, og ender likevel med å sette heftet på favorittlista. Det gjer også redaktøren, som let ser sjarmere av eit passe intrikat plott med innspeling av ny norsk storfilm i Flåklypa og ein hemmeleg plan som uforvarande gjer bygdas innbyggarar til kaffi-zombiar.
Heiderleg omtale: Lunch, Fiinbeck og Fia, Kollektivet Julespesial, Blondie, Hercule Poirot






