Skilsetjande møte i Angoulême

Har du nokon gong hatt ei sjelsetjande oppleving i det du møtte nokon som har betydd mykje for deg? Eg hadde to slike opplevingar då eg i slutten av januar reiste til teikneseriefestivalen i Angoulême

Det første møtet var i eit av dei store, oppvarma telta som var sett opp i gatene for å huse festivalen. Der sat dei, smilande og signerande, sjølvaste Wendy og Richard Pini, dei som ein gong førte meg inn i ei verd av teikneseriar eg ikkje ante fantes. Eg tok nokre bilete, helste raudnande “hello” og gjekk derifrå med ei kjensle som eg trur mange tenåringar har kjent på når dei møter sine idol.

Wendy og Richard Pini i Angoulême

Det andre møtet fann stad i eit av dei store innandørs lokala som festivalen hadde å by på, i auditoriet i Konservatoriet. Der fekk eg oppleve bortimot tre vedunderlege timar med Dave McKean, som mellom anna er kjent for samarbeidet med forfattaren Neil Gaiman.

Der var der eg første gongen møtte kunsten hans, i Sandman. Og på samme måte som Pini eingong hadde vist meg ei ny verd, viste McKean meg ei mørkare og meir eksprimentell side av den niende kunstarten.

Eigentleg var McKean invitert til festivalen for å snakke om eit av sine sist utkomne verk “Black Dog : The Dreams of Paul Nash”. Men dei første halvanna/to timane gjekk (heldigvis) med til å lose oss gjennom McKean sin mangefasetterte produksjon – heilt frå byrjinga av. Det heile var dyktig leia av Xavier Guilbert. Xavier hadde nesten klart å lage ein komplett bibliografi over produksjonen til McKean, og der han hadde gløymt noko, fylte McKean sjølv inn det som mangla.

Dave McKean i samtale med Xavier Guilbert

Å få høyre ein kunstnar snakke seg gjennom skaparverket sitt, der han no og då stogga opp ved eit særskild verk, var ei sjelsetjande god oppleving. McKean snakka om korleis hans kunst ofte var respons på kunst han sjølv hadde opplevd, og han fortalte om alt frå musikk til performancekunst som hadde inspirert han til sjølv å skape.   

Eg trur det var omtrent ein time som til sist vart brukt til å snakke om Black Dog, ei bok eg sporenstreks gjekk og kjøpte etter arrangementet var slutt. Kunstkjennarane blant dykk veit kanskje kven Paul Nash er; eg hadde ikkje noko kjennskap til kunsten hans. For meir informajon om Paul Nash tilrår eg nettsida Tate har om han , eller denne gode artikkelen frå The Guardian.

Frå Black dog : The Dreams of Paul Nash

Det var fascinerande å høyre McKean snakke om korleis verka og livshistorien til Nash hadde påverka McKean sin eigen skaparprosess i The Black Dog. McKean brukar ulike stilar i boka deriblant collage, strek og tusj. Der er og fotografi tekne av Paul Nash som innleiar dei ulike kapitla/delane i boka. Sjølve forteljinga er livshistoria og kunsten til Paul Nash, men tolka av McKean. Det heile er vakkert, spanande og så absolutt tilrådd.

Det var ei stor oppleving å delta på Europas mest kjente teikneseriefestival, trass i at fransken min begrensar seg til enkle fraser. Angouleme er ein sjarmerande, koseleg by med hyggjelege innbyggjarar, reis dit om du eingong får sjangsen!

Far og son ved gateutstillinga i Angouleme

 

Lenkje for vidare lesing:
Black Dog; The Dreams of Paul Nash

 

1 tanke om “Skilsetjande møte i Angoulême

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *