Det kreative komas forbanning

Steffen Kverneland er høgaktuell med ei sterkt utvida samleutgåve av den moderne klassikaren «Slyngel», samstundes som han jobbar med oppfølgaren til «En Frivillig Død». Men han kjenner på presset om å halde seg  kunstnerisk på toppen.  

I to omgangar – på Comicfestival München, og bokmessa i Frankfurt – har Steffen Kverneland vore i Tyskland i år for å marknadsføre «Ein Freitod», den tyske omsetjinga av «En Frivillig Død». Eit skår i gleda er det likevel at den tyske omsetjinga av «Munch» ikkje lenger er å få tak i. Andre opplaget blei utseld for fleire år sidan, og likevel vil ikkje forlaget trykke opp eit tredje.- Ganske irriterande, sukker han. Dei tør visstnok ikkje ta sjansen, sjølv om Knausgård tok med seg Munch-utstillinga si til Tyskland, og Norge hadde stjernestatus på bokmessa, med Steffen som ein av gjestene.  

Steffen Kverneland blir intervjua av Erle Marie Sørheim på bokmessa i Frankfurt

Nå er han aktuell med «Slyngel De Luxe», ei betydeleg utvida utgåve av den sjølvbiografiske «Slyngel» frå 2002.  Sidetalet er på drygt det dobbelte av originalen, og omfattar materiale frå både Fidus, Kanon og meir obskure kjelder, og nye tekstar om desse seriane. Steffen er overtydd om at det ikkje finst nokon som har sett alt dette før.

I originalutgåva av «Slyngel» har serieskaparen teikna seg sjølv som gamal mann i…2017. I «De Luxe» er dette endra til 2027. Han har også «remiksa» nokre av dei andre innslaga, mellom anna ein serie frå Kanon # 5. I ein scene der han og Lars Fiske hogger hol i isen ved Lars’ hytte, kjem han med ei slags bruksanvisning på korleis boka skal vere. Han syntes Kanon # 4 som temanummer var «jævla tight», Kanon-hefta skulle vere eit forum for kunstnarisk fridom og eksperimentering.  Ishogge-scenen har fått ny tekst og nytt poeng.  Han ser ikkje noko problem med å endre på stoffet, bare du tydeleggjer at du har gjort det. Redigeringa av «De Luxe» har vore sjukt mykje jobb, legg han til før vi endrar tema.   

Steffen blei tidlegare sett på som ein rebell og rabagast i sitt kunstneriske uttrykk, men nå går det an å hevde at han er ein av norske teikneseriars «grand old men». Er han klar til å tre inn i rolla som en høgtideleg, respektert eldre kunstnar?

Han humrar, og før han kjapt svarar – Viss du stryk «høgtideleg», så ja. Eg vil gjerne vere ein respektert kunstnar. Men høgtideleg har eg alltid lagt meg veldig i selen for ikkje å vere, for det er noko av det verste eg veit.   

Og kunstnerisk har Steffen levd lenge og vel på «En Frivillig Død», men han er i gong med et nytt prosjekt, «Brilleslange» (arbeidstittel).  Han har heldt på med dette sidan januar. Eigentleg skulle prosjektet heite «Brillegeit» men det skjønte ikkje folk på Østlandet («Brillegeit» er Haugesundsdialekt for brilleslange).

Også denne serien blir sjølvbiografisk. – Eg er inne i ein sånn periode nå, reflekterer han. – Det er ikkje ein plan, men eg går etter lystprinsippet. Han kan røpe at det kjem til å bli snakk om lette anekdotar, nærmare «Slyngel» enn «En Frivillig Død», men understrekar at han ikkje er redd for alvor. Mens «Slyngel» var meint å vere morosamt heile tida, vil denne serien ha eit større spekter.  Men han trur ikkje den kjem til å få like gode kritikkar som «Frivillig», for den kjem ikkje til å ha same grad av alvor.

Og Steffen kjenner på presset etter den gode responsen han fekk førre gongen. Korleis skal han toppe den? Han hadde det på same måten etter «Munch», og medgir at etter kvar slik runde går det minst et halvt år med motløyse og kjensla av at han har toppa alt, og at nå kan det bare gå nedover – Eit «kreativt koma». Samstundes får han skuldkjensle for å gå sånn i et halvt år utan å teikna nokre seriar. Men til slutt så kjem det ein ny ide, nærast ut av keisamheit. Han har lett for å gløyme at desse bøkene begynner alle ut av ingen ting. det er jo ikkje sånn at ein har et grandiost meisterverk ferdig i hovudet, og så er det bare å begynne å teikne på side 1. Det blir bygd opp veldig gradvis og i alle retningar, og viss han er heldig så blir det ein bra heilskap ut av det. Andre gonger kan det falle frå kvarandre. – Eg begynner utan ein eksakt plan, for eg vil gjerne at det skal skje overraskande ting, forklarer han. – Så kutter eg vekk ting, og legg til ting, og ommøblerer ting heile tida, og til slutt er det eit eller anna som sit.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *