ÜberKittelsen

Det kom ingen sjangerantologi med «Über»-vignetten i år, men i staden ein antologihyllest til norsk sjangerforståings gudfar.

«Det blev tomt efter Kittelsen», uttalte kunstnaren Christian Skredsvig etter Theodor Kittelsens bortgang, «Det var bare den ene, ingen kommer efter ham heller. Selv trollene blev borte for bestandig.»

Heldigvis tok Skredsvig feil. Mange kom etter Kittelsen, og trolla har langt frå forsvunne. Kunstnarar, illustratørar, forfattarar, filmskaparar og ja, også serieskaparar har tatt opp arva etter Kittelsen gong på gong. Dei mest særnorske trekka i norsk fantasy og overnaturleg skrekk stammar mykje frå Asbjørnsen og Moe, men utsjånaden som desse sjangrane fekk i den kollektive kulturelle norske bevisstheita, kjem i hovudsak frå Theodor Kittelsen.

«En Fattig Mann»av Ingvild Th. Kristiansen

«Kittelsens Skog» er tittelen på Überpress’ nye antologi, dedikert til kunstnaren sine tema og motiver. Overskrifta på denne anmeldinga er sjølvsagt sett på spissen, men ville det eigentleg vere så tåpeleg å kalle dette albumet for «ÜberKittelsen», spør eg på bakgrunn av konklusjonen i førre avsnittet. «ÜberSegn» kunne også fungert. Ein kan elles merke seg at albumet er lista under «Überantologier» i forlagets nettbutikk.

Uansett, antologien er ei samling med teikneserienoveller nettopp i sjangeren fantasy og skrekk, aller oftast ei blanding. Begge desse sjangrane har det til felles at det kan vere ei veldig krevjande øving å skulle fortelje ei novelle verdt å hugse. Det er for mange konvensjonar som alle kjenner, noko som gjer det vanskeleg å vere original eller overraskande. Og får ein ikkje til dette, må ein i staden skape den perfekte stemninga, eller, på liten plass, skape engasjement og interesse for hovudperson(ane).

«Hunger» av Oliver Levang

Eg skal ikkje påstå at historiene i denne antologien utmerker seg på manussida; stort sett er det ganske lett å føresei ikkje berre slutten, men også handlingsforløpet. Den vare og poetiske «Skogen» av Victoria Lindquist og Kjartan Forthun (øvst) er eit viktig unnatak: Ikkje berre er den det einaste bidraget lagt til vår tid, men også den einaste som er tvitydig nok til å utfordre lesaren. Oliver Levangs «Hunger», får også litt ekstra ut av si historie, der den følger ei gruppe med profesjonelle troll- og vettejegarar på oppdrag i ei fiktiv førindustriell fortid; i seg sjølv eit opplagt, men solid premiss som under andre omstende kunne blitt eit heilnorsk alternativ til «The Witcher».  

«Jegeren» av Regine T. Holst

Elles er det på det ytre plan at «Kittelsens Skog» glimrar til. Nokre låner heilt konkrete motiver, og ikkje nødvendigvis dei aller lettast gjenkjennelege, frå kunstnaren og tilpassar det seriens kontekst. Alle seriane har ein høg estetisk kvalitet, men nok ein gong fortener Regine Toften Holst, med bidraget «Jegeren», å framhevast. I tillegg til å vidareutvikle den kontinentale stilen ho har jobba med, og tilpasse den vårt tradisjonelle segn -og eventyreventyrmiljø, har ho også lånt eit Kittelsen-motiv utan å spolere poenget ved å bruke det for tidleg. Det same gjer Ingvild Th. Kristiansen, og for øvrig er det hyggeleg å sjå både henne og Emily Sørensen, to gjengangarar på OCX’ og Raptus’ marknadsområder, få prøve seg i noko anna enn fanziner for ein gongs skuld. Medan Ingvild held seg i svart-kvitt for å ligge tettare opp til inspirasjonsmaterialet, skil Emily seg ut med sin markant fargestyrte forteljarmåte.  

«Tjernet» av Emily Sørensen

Snart 106 år etter sin død er inspirasjonen frå Theodor Kittelsen aktuell som aldri før i norsk populærkultur. Denne antologien er ikkje ein gong det einaste ferske eksempel på konkret bruk av motiva hans i teikneseriar. Men ÜberPress er truleg det norske forlaget som i størst grad utforskar sjangerteikneseriar utanom humor, og «Kittelsens Skog» kunne knapt vore ein meir passande publikasjon derifrå.

Eg stusser berre på det reduserte formatet (igjen samanlikna med Über-antologiane), i eit album der det reint visuelle er så sentralt.


Kittelsens Skog
Av diverse; red. Are Edvardsen
82 sider
200 kr.
ÜberPress

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.