Tiårets beste? Runde to

Januar er vel ikkje for seint å markere at det er tiårskifte. Her er Tronds beste, med subjektivitetsgaranti.

Då vår medarbeidar Øystein Nordvik føreslo å lage personlige favorittlister for tiåret som gjekk, blei ideen motteke utan den heilt store entusiasmen, men den er grunnleggande god, og planen var alltid og følgje eksempelet ved eit høve.

Tiårets beste? Nokre av desse seriane figurerer nok også på lange meir ambisiøse, omfangsrike og forsøksvis objektive lister over tiårets beste teikneseriar, men eg har unngått å samanlikne med slike, elles ville eg lagt eige ambisjonsnivå høgare enn eg har kapasitet til.  

For å gjere oppgåva enklare har eg valgt ut mine fem favorittar av utanlandske teikneseriar frå tiåret som gjekk, rangert etter når serien debuterte. Det betyr vel at eg har skapt ei forventing om at det skal komme ei liste over mine fem beste norske også etterpå, men den tid, den sorg.   

Utvalet er sjølvsagt gjort heilt subjektivt, med visse kvalitetskrav, men utan å legge vekt på eit høgst intellektuelt eller kunstarisk nivå, eller krav om særskilt originalitet, ein gong. Dette er bare dei fem utanlandske seriane som, når eg tenker godt etter, har gitt meg mest glede i tåret som gjekk, og som kanskje har gitt meg litt å tenke på også, tross alt.   

Hilda
Av Luke Pearson (UK)
Debut «Hildafolk» , Nobrow Press 2010
Pågår ennå (seks bind)
Norsk omsetjing: Cappelen Damm 2017-2018

Frå ein beskjeden start i eit prøvetrykk i 2010 utvikla Luke Pearson raskt Hilda til å bli ein av tiårets beste barneseriar. Inspirert av Tove Jansson og norske segn og landskap bygga Pearson opp eit gjennomtenkt mytologisk univers rundt ei ung og eventyrlysten jente. Med kvart nye album blir denne magiske verda utvida med fleire spennande element,. Hilda sjølv er tilsynelatande prototypen på ein tøff, moderne «girl power»-jente, men viser seg  å vere meir kompleks enn så, og blir også meir kompleks etter kvart. Handlekraftig og modig, men tidvis også tankelaus og sårbar. Serien har ein god balanse mellom narrativ og dialogstyrt europeisk forteljarmåte på den eine sida, og ein meir visuell og delvis surrealistisk Miyazaki-stil på den andre.

Hilda er også eit av dei beste moderne eksempla på korleis ein teikneserie kan la seg adaptere heil og uskadd, men det er ein annan historie.

The Great Northern Brotherhood of Canadian Cartoonists
Av Seth (Canada)
Debut: “The Great Northern Brotherhood of Canadian Cartoonists”, Drawn And Quarterly 2011
Enkeltståande prosjekt
Norsk omsetjing: Nei

Clyde ser ut som det kan bli ståande igjen som hovudverket til den kanadiske serieskaparen Gregory Gallant, alias Seth (kva skal ein serieskapar med eit så artig namn eigentleg med eit kunstnarnamn?). Men den har eg berre ikkje hatt høve til å lese ennå, så eg får nøye meg med den andre komplette teikneserieromanen Seth produserte i dette tiåret. The Great Northern Brotherhood…  er ein fullkommen kjærleikserklæring til mediet, gjort med det analytiske og kulturhistoriske blikket som kjenneteiknar serieskaparen. Ettersom han har dikta opp det meste av Canadas stolte teikneserietradisjon sjølv, er det opp til han å fylle fantasiane med liv og fylde, men også med kritiske vurderingar.  Det beste fiktive stykket kulturdokumentar sidan Peter Jacksons «Forgotten Silver» (1995).

Giant Days
Skrive av John Allison (UK), primært teikna av Max Sarin (Finland)
Debut: «Giant Days» # 1, Boom! Studios 2015
Avslutta 2019
Norsk omsetjing: Nei

John Allison kom inn bransjen med nettserien Bobbins seint på 90-talet, då nettseriar, mediets mest egalitære form, for alvor var i ferd med å bli ein eigen subkultur. Seinare skreiv han ei lang rekke oppfølgarar, samla kjent som «Bobbinsverse», alle lagt til den fiktive byen Tackleford i Yorkshire. Bobbinsverse kulminerte med ein serie som for ein gongs skuld ikkje var laga for nettpublisering. Spin-offen Giant Days dreier seg rundt Esther De Groot, ein figur frå Bobinsverse som best kan oppsummerast som ein ca. ti år yngre Tyke-versjon av Nemi. Serien følgjer studiedagane hennar i Sheffield, og vennskapet med hybelkameratane Susan Ptolemy og Daisy Wooton.

Få teikneserieforfattarar har ein like karakteristisk stil som John Allison. Magefasetterte figurar i lett dramatiske og slett ikkje alltid jordnære situasjonar som likevel har realistiske utgangspunkt, og ein uhyre spissfindig komisk dialog som maktar å fornye seg, gong på gong, eller nærmare sagt, rute på rute. Dialogen, saman med Max Sarins teikningar av kroppsspråk og især ansiktsuttrykk, og Whitney Cogars ekspressive fargar, gjer praktisk tala kvar enkelt rute til eit lite kunststykke i humor verdt å klistre på kjøleskåpsveggen.   

Fremtidens Araber
Av Riad Sattouf (Frankrike)
Debut: “L’Arabe du futur – Une jeunesse au Moyen-Orient (1978-1984)”, Allary Éditions 2015
Pågår ennå (fire bind)
Norsk omsetjing: Minuskel Forlag 2015-

Sjølvbiografiske seriar har lenge vore eit fenomen, men få har laga eit døme på sjangeren som er like lærerikt  og engasjerande, og på same tid like underhaldande, som Riad Sattoufs hittil fire (av seks planlagde) barne -og ungdomsmemoarar. Som son av ei typisk ung fransk middelklassedame og ein panarabisk, nasjonalistisk syrer, hadde han ein omflakkande oppvekst full av kontrastar. Omgitt og oppdrege av fargerike og ganske individuelle skikkelsar frå to ulike kulturar, innbyd han oss likevel til å sjå denne til dels stormfulle oppveksten gjennom augo til ein heilt normal ung gut som det er lett å identifisere seg med.

The Unbeatable Squirrel Girl
Skrive av Ryan North (Canada), primært teikna av Erica Henderson (USA)
Debut: “The Unbeatable Squirrel Girl”, vol 1, # 1, Marvel Comics 2015
Avslutta 2019
Norsk omsetjing: Nei

Ryan North har, til liks med John Allison, ein skrivestil, ikkje minst på dialogsida, som er så særmerkt at den i praksis ikkje let seg imitere. Han gjorde først bruk av denne i ein kommersiell teikneserie då han han skreiv teikneserieversjonen av Eventyrtid, ein serie som var perfekt til hans absurde, ordkløyvande og innfallsbaserte humor. Hans neste utfordring blei å skrive eit månadshefte for ein av Marvels klovneheltar. Framgangsmåten han valde, var å behalde klovneriet, men sette det inn i ein breiare kontekst der superheltsjangerens dogmer blir respektert, men analysert og utfordra. Heile Marveluniverset er tumleplassen til Doreen Green, alias Squirrel Girl; ho møter nordiske gudar og kosmiske einingar så vel som meir jordnære superskurkar på deira eiga premiss, men løyser dei problema som oppstår på sine eigne premiss – Med forhandlingar, vitskaplege resonnement, og sin påbegynte master i informatikk.  

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.