Marknadsplassen presenterer, del 2

I andre podkasten frå årets OCX intervjuer vi Daa Wang, Cristiano Cardone og Vivian Nguyen på marknadsplassen

Høyr sendinga her

Fotografier av Trond Sätre

Årets OCX blei arrangert på Deichmanske Grünerløkka første helga i juni. Serienett har tidlegare fortald mykje om kva som skjedde på scenen, men det som føregjekk i marknadsteltet kunne nokre gonger vere vel så interessant.

Daa Wang («Dada» blant venner) er ny i Norge. Han flytta frå Kina til Bergen i fjor. Daa har laga flerie mangaseriar, eller manhua som det heiter i Kina, men «Spirit Gaze» er hans første for ein vestleg marknad. I denne serien blandar serieskaparen kinesisk og norrøn mytologi. Heftet er heilt nytt, det blei trykka opp same fredagen som OCX starta, og fortel om ein ung kinesar som får eit kall om å bli åndevegleiar mens han er i Bergen.

Daa er avbilda øvst. NB: Han brukte ikkje den kinesiske folkedrakta heile helga.

Cristiano Cardone er også ny i Norge. Han kom hit frå Italia for å studere Ibsen, men har sidan utvikla sitt eige dramatiske verk. «CFBT» begynte som ein uutgjeve roman, men med hjelp av venner og innleigde teiknarar har Cristiano gjort romanen til ein science fiction-teikneserie. På OCX i år selde han det første av tre planlagde bind.

Norsk-vietnamesiske Vivian Nguyen er ikkje ny i Norge, men først dei siste par åra har ho begynt å gi ut mangaseriane sine. I sendinga fortel ho om «See you again, maybe», «It alle ends with me» og planene vidare.


Høyr også:
Marknadsplassen presenterer, del 1

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *