Ein jobb for Kaptein Praktisk

Visst er «Super-Frank» eit barns typiske superheltfantasi først og sist, men serien utfordrar lesaren på ein måte som eg ikkje forventa, og det respekterer eg. 

«Super-Frank» er ein ny barneserie av skodespelar Mats Eldøen og teikneserieskapar Therese G. Eide (Intet nytt fra hjemmefronten). Dette er nok eit døme på ein bokserie i grenselandet mellom bildebok og teikneserie, men tydleg nok prega av teikneseriens formspråk og dynamikk til å gå inn under Serienetts verkefelt.

For ein gongs skuld er forfattar og teiknar likestilte, i alle fall på permen, og det er gledeleg å sjå ei bildebok/teikneserie som tek inn over seg at slike bøker er like mykje teiknarens verk som forfattarens. Minst.  

For første bindet i serien, «Super-Frank er barnevakt» er i stor grad prega av Eide sin medverknad, av hennar beste eigenskapar som teiknar: Dei uttrykksfulle andleta og detalj- og fantasirikdomen som står i kontrast til den i utgangspunktet enkle streken, og effektiv bruk av eit avgrensa fargespekter (Super-Frank er dominert av lys oransje).

Plottet er sjølvsagt enkelt – Frank sin familie skal besøke onklane hans for å sjå den nye babyen deira (legg merke til den diskrete LHBT-representasjonen), men Frank sin babybror Max kan ikkje vere med, fordi den andre babyen er sjuk. Så Frank blir heime for å passe Max. Då går han inn i superheltmodus.

Barn som leiker superheltar er ein vanleg premiss. Eldøen og Eie har heldigvis nokre idear til korleis dei kan gjere Super-Frank meir original, det uoriginale superheltnamnet til tross.   Spesielt fiffig er det at Frank – i kontrast til dei til dels ville fantasiane som motiverer han – er ein veldig praktisk anlagt superhelt. Superkrafta han å vere godt førebudd.  Sjølv om han er førebudd fordi han venter angrep frå svarte hol, ninjaer, robotar, kjøtetande plantar og små, lause legoklossar (det siste kan jo faktisk vere praktisk å førebu seg på i eit hushald med to små barn).

Den andre tingen som verkeleg særmerker serien er at det er litt vanskeleg å vite kor mykje som er fantasi og kva som er verkelegheit. Sjølv om vi går ut frå at super-utstyret til Frank ikkje kan gjere det han hevdar, er mykje av handlingsforløpet usikkert når vi har kome til slutten boka. Viss Frank berre fantaserer, så fantaserer han pussig mykje om å vere ein ulukkesfugl. Har han verkeleg tidlegare brent ned ei bustadblokk, til dømes? Serien utfordrar lesaren på ein måte som eg ikkje forventa, og det respekterer eg. 

Therese G. Eide har sikkert nok å gjere som det er , og ein kan sjå at ho i større grad har sveipa over denne serien samanlikna med Hjemmefronten-stripene. Ho kan trygt gjere det, for ho får det til å sjå bra ut uansett. Samstundes spekulerte eg, fleire gonger undervegs, på kor mykje av seriens heilskap som er hennar verk, anna enn teiknejobben. Særleg i første halvdelen av boka har eg mest glede av små detaljar, ikkje berre i teikning men, også i tekstane utanom hovudnarrativ. «Ikke plass til butler» står det under når Frank presenterer oss for superheltskapet sitt (ein indirekte Batman-referanse). «Mamma putter disse i maten. Tenk om de vil ha hevn?», seier Frank om mora sine bruksplantar for å forklare frykta si for kjøtetande plantar. Mykje av det som verkeleg krydrar forteljinga verkar som typisk Eide-humor, men utan å kjenne til den interne prosessen skal eg vere forsiktig med kven eg deler ut ære til her. 

Uansett så har norske barnebøker fått ein ny dynamisk duo, og det kan blir riktig gøy å sjå kva som skjer vidare med den sjølvoppnemnte superhelten. Fleire bøker er på veg, alt i år.  «Super-Frank» finst allereie som lydbok, til og med, men å velje vekk versjonen med Eide sine teikningar viss du har auge å sjå med, vil eg sterk rå ifrå.

Super-Frank er barnevakt
Skrive av Mats Eldøen, teikna av Therese G. Eide
60 sider
269 kr.
Cappelen Damm

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *