5-6 vanvittige år

I vekas podkast tek Arild og Knut for seg den amerikanske indie-teikneseriens gullalder.

Høyr sendinga her

På midten av 80-tallet fekk vi ei bølgje av nye, uavhengige teikneseriar i USA, ofte i svart-kvitt fordi det gjore trykkinga billegare og tilgjengeleg for fleire. Dei kanskje mest kjente titlane som var resultat av denne bølgja, var Teenage Mutant Ninja Turtles og Cerebus. Når Arild Wærness og Knut Robert Knutsen tek eit tilbakeblikk løfter dei også fram Guy Davis’ Baker Street innleiingsvis. Panelet framhevar også butikkjeda New England Comics sin rolle i den rørsla. NEC er kanskje mest kjent som utgjevar av The Tick, ein teikneserie som også blir drøfta i sendinga (sjå forsidebilde).

New England Newsletter var første staden eg høyrte om Tommy & Tigern, kan Knut fortelje som ein kuriositet.

Gullalderen varte i 5-6 år, meiner panelet, før den massive produksjonen førte til at markanden imploderte, og dei mest populære titlane hadde blitt kjøpt opp.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *