
Mange tjukke og gode norske pakkar under juleheftetreet i år, viss du er villeg til å ta ein del repriser. Men ein kan i alle fall stole på at Lunch gjer ein helhjarta innsats.
Innan norske stripeseriar skjer det lite på juleheftefronten i år. Men det er ikkje ei ulempe, for dei viste allereie lovande taktar. Strand greier å halde live i alle sine hefte frå i fjor og Egmont har trådd til for å redde årets Kollektivet.
Eit lite hjartesukk for dei mest trufaste lesarane er det likevel at reprisefaktoren er høgare i år. Men ikkje ein gong i Serienetts redaksjon er det så at alle har lest alt.
Merk: I tillegg til teikneseriar som vanlegvis opptrer i striperform, inkluderer vi her einrutarar og einsidarar, av praktiske omsyn. Men det er sjølvsagt eit pluss om dei stekker seg lenger enn til ruter og einsidarar i julehefte…
Anmeldarar:
AW = Arild Wærness
KRK = Knut Robert Knutsen
TS = Trond Sätre
Pondus Juletrefest 2025
Av Frode Øverli og ymse
Forord av Øyvind Sagåsen
179 kr./100 sider/Strand
AW
Et fyrverkeri av en norsk tegneseriesamling for alle – og ikke en eneste utenlandsk ( i betydning amerikansk) stripe, bare det viser hvor langt norsk tegneseriekultur har kommet. Pondus, Martin Kellerman (OK, en svenske får være med), Radio Gaga, Storefri, Bestis, Strand Olsen & Løkling, Dunce, Skavlan, Zelda (oi, nok ei svenske), Firekanta, Tegnehanne, Rocky (Kellerman igjen), Flis, Hjemmefronten, Lunch, Eon og Mads Eriksen, ispedd så mye Pondus som du kan tåle, pluss quiz og kryssord.
Alt hentet fra Strands rikholdige arkiver, som altså viser den enorme bredden av deres serier. Fyldig ved ørene, ja takk.
6
Pondus Julen 2025
Av Frode Øverli og ymse
Forord av redaksjonen
95 kr./36 sider/Strand
TS
Nei, det blei ikkje nytt Pondus-materiale til jul i år. Ikkje at eg hadde venta det, etter å ha lest bladet fast så langt i år, men det hadde vore ein hyggeleg avskjed med serien som Frode Øverli nå er i ferd med å gi opp. Til gjengjeld er det ekstra mykje reprisemateriale å lese på, men er det ikkje det vi har Pondus Juletrefest til?
Ei ny M-julespelhistorie trekker opp litt. Ei ny Radio Gaga-historie er det også blitt plass til. Rett nok berre det same gamle slitne oppgulpet om Britas «alternativ livsstil»-gærningar, men det er i ale fall nyteikna.
4
Lunch 2025 – Temujul
Av Børge Lund
95 kr./36 sider/Strand
KRK
Børge Lund slår igjen til i juleheftet med ei langhistorie som er meir Hollywood “legg igjen hjernen ved døra” popcorn-thriller enn noko som høyrer heime i eit norsk kontormiljø. Kjell skapar trøbbel i julestria med sine glupe, desperate triks, usannsynlege komplikasjonar og ein ganske så velplassert homage (vil eg tru) til ein klassisk Carl Barks julehistorie. Denne gongen handlar det om “Temu” plastjuggel som ein trojansk hest for kinesisk spionasje. Eg trudde det var det Tik-Tok var til for, men det eine utelukkar ikkje det andre. Eit “må ha” julehefte.
6
Nemi – Julen 2025
Av Lise Myhre
36 sider/89 kr./Gyldendal
TS
Eg blir sentimental når det gjelder Nemi, og hadde kjøpt det sjølv om eg ikkje fekk presseeksemplar tilsendt. Du kan sjå at Lise Myhre anstrengar seg for å hadde desse karakterane interessante. Her er mellom anna ein håpefull sekvens der Ophelia kanskje finner den rette for henne.
Men totalt er det ei snurrig blanding av flate og kløktige poeng. Å snakke seg vekk kan vere ei kjelde til mykje god komikk, men ikkje alltid. At Grimm i dei nye stripene liknar meir og meir på Nemi sjølv bør eg vel ikkje klage for mykje på, for eg har jo tidlegare masa om at han er for «streit». For øvrig: Minus for uinspirert julehistorie og pluss for ei fantasirik og kosteleg forside.
4+
Dunce – Jula 2025
Av Jens K. Styve
95 kr./36 sider/Strand
AW
For meg ble dette en liten nedtur. Ettersom jeg ikke hadde lest serien om dorullnisseteateret var dette nytt stoff for meg, like nytt som de nye (og gode!) historiene vi er vant til fra Dunce-juleheftet. Men en litt for lang internhumorfortelling basert på Tolkiens univers ble for ensformig, uten de store øyeblikkene. Tegningene er selvsagt små kunstverk, men gløden mangler.
4
Storefri 2025 – En skoleforteling
Av Marius Henriksen
Forord av forfattaren
95 kr./36 sider/Strand
KRK
Marius Henriksen tek ein klassisk vri ved å basere årets langhistorie på Dickens berømte julefortelling, med Sigbjørn i rolla som ein Ebenezer Scrooge-aktig julehater. Ikkje akkurat ei ny rolle for, då ein i årets tjukke «Pondus Juletrefest» kan få med seg ein annan av Sigbjørn sine sure førjulsstunder.
Henriksen klarar å flette Dickens saman med sitt eige univers på ein måte som tydeleg bringer fram Storefri-serien sin eigenart og leverer ein solid og frisk vri på ein av dei mest utslite juleklisjeane. Storefri sin Julefortelling får langt betre stilkarakter enn dei dusinvis av Hallmark-Julefilmane basert på same lest.
5–
Rutetid Julen 2025
Av Frode Øverli og ymse
Forord av redaksjonen
95 kr./36 sider/Strand
KRK
Einruters-heftet trør til igjen. Ein del einrutere over full side, blanda drops av faste bidragsytarar. Ein del resirkulering, men julestoff er der nok av. Viss ein har budsjett til det, så sleng det med i bunken, men det er ikkje det første ein bør plukke.
4-
Kollektivet – Balders magiske jul
Av Torbjørn Lien
Forord av forfattaren
179 kr./124 sider/Egmont
AW
Dette måtte bare bli bra, ettersom albumet trykker tre virkelige klassikere fra Kollektivet Jul (2014 – 15 og 16). Alle tre heftene rangerte helt i toppen av juleheftekåringene de respektive årene. De frittstående historiene oppnår en større enhet her, og samlet danner de et kollektivt juleepos som skal rett i hylla ved siden av Tusjkollektivet (og Hugo Pratt).
6
Tusjkollektivet – Julen 2025
Av Therese G. Eide, Nora Dåsnes, Noor Eckhoff og Tegnehanne
Forord av Hanne Kristine Wolden
179 kr./100 sider/Strand
KRK
Eit kvinneleg A-lag gjentek suksessen frå i fjor. Dette er eit balansert hefte med passe mengder jul og mange friske humorideer. Noor sine striper frå fotballmiljø er morosame sjølv for ein som meg som gjekk lei av fotball tidleg, Therese sine Noregs-historie striper fortener ei eiga boksamling, Tegnehanne utleverer sine tanker om sjølvutlevering og Nora Dåsnes sine sekvenser er intime og sentimentale.
Slik som før så gjer måten ein vekslar frå den eine til den andre at ein aldri vert lei, og det gjer dette til eit hefte ein kan nyte i pene bolkar heile jula igjennom. Som kan vere greit for dei som har mykje anna dei stressar med. Slik som serieskaparane sjølve, ifølge stripene i heftet.
Les dette heftet først, les det innimellom, og les det til sist.
5
Forsidebilde frå Lunch – Temujul















