24 timars deadline (x3)

24 LotR front

Oslo 24t var ikkje dei einaste med 24 timars-teikneseriar på OCX i år. Buskerud folkehøgskole hadde også sin eigen 24 timars-maraton i vår, som dei viste fram og selde resultatata av på festivalen i juni.

Buskerud folkehøgskole i Øvre Eiker er ein av tre folkehøgskular i Norge som har eigne linjer for teikneseriar, og dei er kjente for å ha ein høg produksjon av samlealbum med elevarbeider, både årboka «Deadline» og ymse ekstrahefte. Desse blir ofte gitt vekk eller seld på teikneserieseriefestivalar og messer. I år hadde dei også 24t-maratonhefte Desse blei gjennomgått i ein spesialserie på Serienetts sosiale media i sommar, saman med tilsvarande hefte frå ein maraton på Lillestrøm bibliotek like før OCX.

Omtalene av dei sistnemnte er allerie samla i ein eigen artikkel.

I motsetning til desse er gjennomgangen av Buskerud-hefta ikkje komplett, men er basert på kva eg fekk eller kjøpte på folkehøgskulens stand.


24H 26 mystery BFH

[Utan tittel]
av Emilie Sundsvik (usignert)

Årets mest kokette 24T-serie. Denne er utan tittel, namn eller nokon QR-kode som kunne bidrege til å løyse mysteriet. Eg måtte spørre Buskerud-læraren Johann Grimstvedt om identiteten i ettertid.

Det anonyme heftet har ei handling, viss du studerer framdriften frå side til side nøye, men er lettare å observere som ei tematisk utstilling. Teamet, slik eg tolkar det, er fabelvesen, ein slags surrealistiske dinosurar, i smerte og elendegheit. Mykje blod, men også skjønnheit på kvar side, takka vere ein strek-og fargekombinasjon som gir ei paradoksal kjensle av ro og andektigheit til dei lidingsfulle motiva.


24H 26 Spark

To lose your spark
Av Mio A.D.

Ein lettfatteleg fabel om å miste “gnisten”, manifestert som ei stjerne som falmar når barnet det tilhøyrer, veks opp. Historia endar godt, sjølvsagt, ettersom stjerna kan toklast som teiknarens eigen gnist, særleg for å teikne. Og den må hen jo ha beholdt (eller fått tilbake) elles ville hen ikkje vore på teikneserielinja på ein folkehøgskule. 20 av 24 sider er multirute-sider, noko som er godt gjort; det er lett å ty til mange heilsider når ein prøver seg på 24T-opplegget. “Mio” tek seg litt meir tid. Då får det heller våge seg om rutene har mange tomme bakgrunnar. I ein sterkt personleg teikneserie, som eg altså mistenker at dette er, er det visuelle fokus forståeleg nok på hovudpersonen.


24H 26 Isak

Unpresidented – Isak for president
Av Isak Mæhe-Dahl (usignert)

Eit stykke enkel politisk satire som etter kvart prøver å gå i ein meir surrealistisk sci-fi-retning. Isak stiller som presidentkandidat, på fleip, og blir valt, på fleip (eller trass). President for kva, forresten? Kven veit, men kontoret hans minnar om det ovale rom. Denne serien smakar meir av glad amatør og russeavis enn noko anna 24t-hefte eg har sett i år, med innfallsprega historie og dialog, tynne sirlige strekar, tomme bakgrunnar og konstant fokus på hovudpersonen,


24H 26 soup

An alchemists shot at soup
Av Andreas Vogt

Ein person prøver å lage suppe til ein annan person. Kanskje finst det meir kontekst der ute ein stad, men eg tviler på det, for heile opplegget verkar grunnleggande improvisert. Vitsane er sære, men nokre av dei er litt morsomme, så serien fungerer til sitt bruk. Også fordi teiknaren har ein konsistent strek, og bruker skraverings- og skuggeleggingsteknikk for å unngå at rutene ser for tomme ut.


24H 26 Folkehogskole

Livet på folkehøgskole!
Av Lui Stig Mandal

Veldig konkret, eit forsøk på å gi ei humoristisk oppsummering av livet på folkehøgskole. Delar av det høyrest kjent ut, skal eg (som har gått på folkehøgskule) innrømme.

Ein surrealistisk liten sak som blandar det plumpe med det lettbeint satiriske. Visuelt blandar studenten kubistiske og minimalistiske linjer med collage. Noko som er ein pen måte å seie at han setter inn fotografier og utklipp. Er det lov? Kanskje på folkehøgskulen. Det passar uansett inn i seriens postmoderne form.


24 LotR

The Lord of the Rings from memory
Av Johann Grimstvedt

(sjå også forsidebilde)

Aller sist har vi ein kuriøs sak. Kanskje har det nokon gong vore laga noko tilsvarande spesielt andre stader rundt om i verda på 24t-maratonar, men den er unik i Norge. Dette er TRE 24t-seriar, samla til eit album, og teamet er Ringenes Herre: Dei tre bøkene, fortald etter hukommelsen, kvar på 24 sider. Signert teikneserielæraren på Buskerud Fhs.

Ein anar at Knut Nærums bok “Norsk litteraturhistorie – Fritt etter hukommelsen” kan ha vore ein inspirasjon ( i ettertid har Grimstvedt imidlertid fortald meg at han har ikkje lest den). Akkurat som Knut Nærums litteraturhistorie er denne mest berre humor og parodi, men endå meir absurd, noko som Grimstvedt delvis tilskriver den mentale svekkelsen som oppstår når du skal prøve å fullføre 24 teikneseriesider på 24 timar. Men den karakteristiske streken hans – brei, grotesk, karikert og styggkomisk – har han stort sett eit ganske stødig grep på gjennom trilogien. Han er unnskyldt for å ha brukt 3D-hestemodellar i dei siste to delane, når det var litt vel mange hestar å teikne på 24 timar.

Eit heilhjarta tøyseprosjekt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *