Uti vår hage

Sakprosateikneserien «Byens bønder» argumenterer for at ein annan by er mogeleg. Boka gir ei interessant og lærerik innføring i urbant landbruk.

Ein av grunnane til at eg bur i sentrum av ein stor norsk by, er at eg ikkje er særleg interessert i hagearbeid. Eg har sjølv vokse opp landleg med ein hage som hadde ein både praktisk og dekorativ funksjon, – heimstaden smakar framleis av rips, solbær, stikkelsbær, plommer og naboen sine eple – men å bruke tida mi på å klippe plen eller stelle med buskar og tre, nei, det verka ikkje fristande. Likevel har noko har skjedd. For tre år sidan gjekk sameiget mitt til innkjøp av to epletre til den vetle hagelappen vår, og rundt om i byen har det sprunge opp fruktbuskar og -tre, takka vere ei kommunal satsing. I bydelen min finst det minst to fellesdrivne hagar og ein birøktar, og på taka i byen dukkar det stadig opp nye dyrkingsprosjekt. Hagen, verkar det som, har innhenta byen.

Esben S. Titlands Byens bønder, ei sakprosabok i teikneserieformat, har som formål å informere om moglegheitene som ligg i urbant landbruk. Boka byggjer på forskningsprosjektet Cultivating Public Spaces og samtalar med mellom anna Fragment arkitektkontor (som også står ført opp som medskapar av teikneserien). Denne arkitektsamtalen dannar også ei ramme i boka: Ein namnlaus og entusiastisk arkitekt doserer om viktigheita av timinuttarsbyar og urbant landbruk, medan Titland sjølv sit ved teiknebordet og simultanteiknar det han blir fortalt. Det er ein vellukka invitasjon inn i den  foredragsaktige hovuddelen, og noko som gir boka eit nesten spontant preg.

Byens bønder kan bli lesen av alle som interesserer seg for byutvikling, dyrking av nyttevekster og bærekraftige samfunn, og ho bør bli lesen av alle som jobbar med bytutvikling på eit politisk plan. For boka vil meir enn å berre informere og inspirere: «Vi må tilbake til en type blandet by hvor folk har råd til å bo samme sted som de arbeider» seier den namnlause arkitekten som fører ordet gjennom store deler av boka. «I denne byen må det også finnes steder for matproduksjon. Og hvilke steder er det?».

Den funksjonsblanda byen, der handel, produksjon og reparasjon skjedde i gåavstand, er ein gammal tradisjon. I nabolaget mitt dreiv til dømes benediktinermunkar med byhagar allereie på 1100-talet, og bak Bryggen låg det kålåkrar i mellomalderen. Viss Oslo var Noregs største fruktkommune på 1950-talet, kva stoppar oss frå å la byrommet bli grønt og fruktbart i dag? Privatbilismen, ja, men også våre eigne avgrensingar. Byens bønder oppmodar stadig lesaren til å sjå seg rundt i byen og leite etter potensielle område for landbruk, vakkert illustrert av Titland. Alle byar har område som ikkje er i bruk – ubrukte parkeringsplassar, nedlagte togskinner, undersider av bruer og så vidare – som kan fyllast med liv, både plante- og menneskeliv.

I tillegg til å be lesaren revurdere byrommet utfordrar Byens bønder førestillinga om urbant landbruk som eit individuelt prosjekt. I koloni- eller parsellhagen dyrkar ein mat til eige bruk. Det er ikkje noko gale med det, men boka spør: «[h]va skjer dersom vi tar dyrkingen ut av det private rommet og inn i det offentlige? Hvilke følger får det for livet i byen»? Det kollektivistiske eller semioffentlege urbane landbruket, hevdar serieskaparane, opnar for ein ny type by.

Det er altså ei bok med mykje på hjartet, og det er imponerande kor mykje serieskaparane får plass til på dei knappe nitti sidene. I tillegg til den klare polemikken får lesaren servert historisk bakgrunn og råd om korleis ein kan starte eit urbant landbruksprosjekt; alt frå kva og når ein bør dyrke til dei byråkratiske sidene ved å drive landbruk i byen. Byens bønder er ei opplysande og svært inspirerande bok.

Så er også boka vakker. Ho har eit klassisk albumformat som gir teikningane rom til å vise fram byrommet (sic) og naturen. Sjølv om ho er temmeleg teksttung (det er ei sakprosabok, tross alt!), går illustrasjonane hand i hand med bodskapen. Titland har ein enkel og effektiv strek som gir teksten ei friskheit som gjer formidlinga lettare tilgjengeleg. Det er nesten heile tida menneska som er i fokus i rutene, noko som gjer den arkitektoniske og landbruksorienterte tematikken nærare og meir relaterbar.

Esben S. Titland er etter kvart ein røynd teikneserieskapar innanfor sakprosasjangeren. Han har tidlegare samarbeidd med Fragment i rettleiaren Levende lokaler, men er nok mest kjend for Piketty på 1-2-3, ei slags Piketty for dummies. Byens bønder etablerer han trygt som ein folkeopplysar og formidlar av aktivistisk-politisk teikneseriekunst. Det er ei smal men viktig nisje og noko eg gjerne skulle sett meir av i norsk samanheng.

Byens bønder
Av Esben S. Titland med Arild Eriksen
88 sider
350 kr.
Fagbokforlaget

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *