«Kul» ny innpakking for kjente eventyr

Eventyr kan vere veldig mykje forskjellig. I «Elleville Eventyr» moderniserer ein nokre dei mest kjente sogene. Variasjonane er slett ikkje dumme, men formatet avgrensar.

«Elleville Eventyr» (EE) var ein ganske opplagt omsetjing av tittelen på desse bøkene. På engelsk heiter dei «Far Out Fairy Tales», og konseptet er slik: Ta eit klassisk eventyr som alle kjenner, følg dei grøvste linjene frå originalforteljinga, men set det inn i ein ny sjangerkonktekst som dagens ungar liker. Sjangeren kan vere kva som helst: science fiction, fantasy, superhelt, kampsport, monster, cyberpunk. Set det også, om ønskeleg, inn i eit heilt nytt miljø

Kvar bok kjem, i tillegg til sjølve teikneserien, med ei ordliste som minner oss om kor ung målgruppa for desse bøkene er, korte forfattar-og teiknarbiografiar, og ei oppsummering av originaleventyret, med forklaring av skilnadene. Mange vaksne vil nok setje pris på særleg det siste, ettersom det kan oppmuntre ungane til vidare litterær utforsking. 

Denne versjonen byd på store utfordringar for alle dei tre bukkane Bruse.

Til denne nye teikneseriesatsinga har Cappelen Damm valt den litt uvanlege strategien å lansere dei to første bøkene like før fellesferien, heller enn etter. Til hausten kjem det fleire, og dei har mange å velgje mellom. Dusinvis av desse teikneseriane er allereie kome ut på amerikanske Stone Arch Books. Dermed hadde den norske utgjevaren også den fordelen at dei kunne velje seg ut historier med nordisk tilknyting først. 

Så sjølvsagt begynte dei med Bukkene Bruse. I «Super-bukkene Bruse» prøver ein så vidt å gi bukkane litt ulike personlegdomar, men først og fremst litt meir distinktive utsjånader. Brua er bytta ut ned eit interaktivt dataspel som bukkane blir trekte inn i, og trollet (som, litt forvirrande, ser ut som ein bukk sjølv) er redusert til ein finaleboss. Mest underhaldande er nok scenane der vi følger bukkane i tre separate scenar samstundes, og får sjå dei kjempe seg gjennom ulike spelnivå. Forfattar og teiknar får fleire småmorosamheitar og ein og annan grandios actionscene ut av dette.    

Dette skal visst vere trollet

Så mykje av originaleventyret er ikkje igjen, men tydelegvis morer forfattaren seg med å legge vekt på dette med «gjere seg feite», på kor viktig det er for bukkane Bruse. Ein snakkar mykje om det. Kanskje overselger forfattaren det litt, men det handlar vel mest om at han prøver å tenke som eit barn; det er nettopp slike detaljar som barn kunne henge seg opp i.

«Den lille varulven» har fjerna seg endå lenger frå sitt kjeldemateriale, som er «Den lille havfruen» av H.C. Andersen. Her er handlinga er flytta til eit snøkledd høgfjell, og havfrua blitt til ein varulv. Ikkje ein varulv som blir forvandla frå eit menneske, det er eit viktig poeng, men ein som blir forvandla frå ein ulv til ein menneskeleg ulv. Og prinsen er bytta ut med ein gut som varulven reddar i hoppbakken. 

Romansen mellom havfrua og prinsen er bytta ut med ein meir uskudlig «ein gut og hunden hans»-historie.

At settinga følast «norsk», kan også ha vore ein grunn til at Cappelen Damm valte å gi ut denne først. Og viss du synes det er litt rart å gjere eit typisk skrekkfilm-monster til helten i ei barneforteljing, så har EE-serien også ei soge om Hans og Grete som zombiar til seinare.

Samanliknar ein dei to bøkene, ser ein snart at standardformatet på 28 teikneseriesider for kvart eventyr er eit lite problem. For «Super-bukkene Bruse» er det for mykje, for «Den lille varulven» er det for lite. I sistenemnte tilfellet betyr det at soga må gå for raskt over nokre grunnleggande problemstillingar for å få ein lukkeleg slutt. Her er det bodskap om framandgjering og rasisme som forfattaren ønsker å trekke inn, før ho ser at det eigentleg ikkje er plass til dei. Historia vil for mykje, eller i alle fall treng ho meir plass. Eit anna resultat er at heksa i eventyret berre knappast har nokon rolle.

At heksa har fått ein meir nøytral rolle her, er rett nok i tråd med H.C. Andersens portrettering av henne.

«Super-bukkene Bruse» er vel den soga som greier seg best av desse to, for plassen som blir til overs kan ein berre fylle med fargerik action som kan more ungane.

Teikningane og fargane er då også det som fungerer best. Illustrasjonane til EE-bøkene er stort sett outsourca til Mexico, og dei meksikanske teiknarane har det til felles at dei glir tilsynelatande uanstrengt  inn i ein «hus-stil» med breie, runde linjer og varme fargar som er behageleg å sjå på, og søte figurar som er lette for barn å like  «Bruse» har ein minimalistisk spel-estetikk (naturleg nok), medan «Varulven» har ein utprega cinematisk estetikk. Begge teiknarar fangar essensen i sine tildelte eventyr på ein eksemplarisk måte. Lenge etter at bøkene er utlese er dei verdt å komme tilbake til dei for å studere uttrykk, komposisjonar, linjer og fargar.



Elleville Eventyr:

Super-bukkene Bruse
Skrive av Sean Tulien, teikna av Fernando Cano

Den lille varulven
Skrive av Stephanie Peters, teikna av Omar Lozano


Begge omsette av Cecilie Winger
36 sider kvar
229 kr. kvar
Cappelen Damm

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *