Julehefter 2024 – Disneys ender

Skal du berre ha eitt Donald Duck-julehefte i år, må det bli det eine som er blotta for julestemning. Men det finst mange vegar til jula i Andeby.


Donald Duck & Co – Jul på 80-tallet
Av diverse
Forord av redaksjonen
164 sider/169 kr/ Egmont

Det bør vel vere grenser for kor mange år eg kan gjenta dette poenget, men du blir strengt tatt lurt når du kjøper denne. Bladene i dette gjenopptrykket kostar mykje mindre dersom du kjøper dei separate og brukte.

Bladene er frå 1980 og 1981, og består av to desembernummer og to novembernummer. Kvifor ikkje halde seg til desember? Men utvalet er bra, sjølv om innstillinga mi kan vere påverka av nostalgifilter; dette er min barndoms Donald.

Boka er dominert av Tom Anderson og Vicar, eit veldig godt team, med tre feature-historiar og ein framhaldsserie. Ingen av dei har jul som tema, men to handlar om at Donald og gutane dreg på skiferie (og er altså også anvendeleg som vinterferie- eller påskelesing). «Under hyponse» er Anderson/Vicars Donald på sitt villaste, i ein historie der Donald blir…vel, tittelen seier alt, I framhaldsserien har teamet gått rett til Barks og laga ein oppfølgar til «Tilbake til Klondike». Barks sjølv er også representert med den triveleg sentimentale «Englebarnba»

Mikke Mus og omgangskretsen hans står for det du måtte trenge av julestemning.

4+


Walt Disneys Julehefte
Av diverse
Forord av redaksjonen
36 sider/ 89 kr/ Egmont

Dette heftet satsar veldig trygt og barnevennleg i år. Nissen på garden til Bestemor Duck får ikkje grauten sin, Storeulv gir grisane jule-våpenkvile, Svarte-Petter bruker Julenissens slede til skurkestrekar, Bolivar reddar jula. Korte og enkle standard juleforteljingar. Det einaste som friskar opp litt, er teikningane til José Ramon Bernado i ei like kort juleforteljing med Madam Mim og Hekla.

3-


Donald Duck & Co
Av diverse
Forord av redaksjonen
36 sider/89 kr/ Egmont

Saman med Walt Disneys Julehefte kjem denne også litt lågare i bunken, men nokre av historiene har i det minste litt ambisjon. Og med bidrag frå folk som Don Rosa og det før nemnte teamet Anderson/Vicar, samt ein erketypisk hybris-historie (der Donald denne gongen går for langt i verksemda si som lysdekoratør), blir det ikkje for gale.

3+


Jeg, Onkel Skrue
av Carl Barks
Forord av Tormod Løkling
84 sider/ 129 kr. /Egmont

Barks-juleheftet for vidarekommande overgår seg sjølv etter den sterke debuten i fjor. Vi får tre historiar, og alle er ekte epos: «Det gamle slottets hemmelighet», «Gøy i Alaska», «Fantomet i Notre Duck». Titlane er nok til å gjere ein Donald-kjennar tårevåt. Lange, spennande og til dels ganske komplekse historier som også var verdifull inspirasjon for Don Rosa då han lagde «Onkel Skrues liv og levnet» (dei to første, i alle fall). Eit veldig soleklart førsteval i denne bunken.

6+


Donald Ducks Julehistorier
Av diverse
258 sider/ 129 kr./Egmont

Donald Pockets julespesial byd i alle fall alltid på noko nytt, noko spennande, og ofte noko uortodokst. Derfor ønsker eg denne publikasjonen velkommen kvart år når eg gjennomgår alle andeheftene, sjølv om den vanlegvis ikkje er på nivå med verken Barks eller Team Midthun.

Teikningar, fargar og idear er stort sett betre enn manus, men variasjonen er stor, og eg kjeda meg aldri med det nye materialet. «Undergrunnsbevegelsen» gir oss ein fysikktime under pengebingen. I «Kampen om Andebyvannet» må Donald og Klodrik leike hemmelege agentar med ein øko-terrorist. I «Eventyrlig jul» må Donald og familien redde jula (sjå forsidebildet), men med nokre spesielle vriar. «Snøfast» gir oss innblikk i den moderne Hakkespettrørsla – Det var t.d. nytt for meg at Hetti var ein Hakkespett, og at ho kunne ha ein kjærast; men det er jo også nytt for meg at Hetti, Letti eller Netti kunne gjere noko som individ.

Men halve boka er består av gamalt materiale (det er lett å sjå på fargar og teiknestil, og eit par av historiene hugsar eg frå eigen barndom). Var nå det nødvendig? Alle veit at dei italienske Disney-teiknarane produserer uhorvelege mengder materiale heile tida. Reprisar trengst ikkje, og dei var ikkje betre før. Italo-Disney hadde ingen gullalder. La dei nye teiknarane få ha denne!

4


Carl Barks’ Jul
Av Carl Barks
Forord av Knut Eide
36 sider/89 kr/ Egmont

Med «Jeg, Onkel Skrue» har Egmont spela ”Carl Barks’ jul” inn på sidelinja, men eit lite trumfkort har dette heftet ennå igjen – «Du gylne, glitrende tre”, ein veldig tidleg og veldig kuriøs juleforteljing der vi blir invitert til å synast synd på nevøane fordi dei ikkje kan få eit forgylt juletre. Ei heks som hatar jula fordi jula gjer folk glade, spelar ei nøkkelrolle. Dette er Barks på sitt mest fabulerande og pompøse, og har kanskje eit av hans alle beste sluttpoeng. Også med i årets hefte er «Julereisen», der Onkel Skrue, med Donald og gutane, feirar jul i ein ubåt. Mindre fantasirik, men meir solid historieforteljing, Ein veldig god kombo under alle omstende, men bleiknar likevel mot det andre Barks-heftet.

5


Donald – Det spøker for jula
Av Arild Midthun med Knut Nærum og Tormod Løkling
36 sider/95 kr/ Egmont

Det norske Donald-heftet har kvalitetar som mange av dei andre hefta ofte manglar: Blikk for detaljar, ambisjon, sterke fargar og ei heilskapskjensle. Årete hefte er ein slags oppfølgjar til ein av Midthuns beste Onkel Skrue-historiar, «Kampen om jula» (julehefte 2013), då den byr på eit gjensyn med Skrues barndomsvenninne Brenda. Forteljinga kan også sjåast i samanheng med «Det gamle slottets hemmelighet» (sjå «Jeg, Onkel Skrue»). Skrue og familien besøker nemleg det gamle familieslottet i Skottland for å løyse eit julemysterium.

Likevel er ikkje «Det spøker» heilt på høgde med Midthuns beste. Ein ser veldig fort kven skurken er, og så skal ein likevel prøve å skape spenning rundt avsløringa i det lengste. Det blir mykje løping fram og tilbake utan mykje framgang i handlinga. Men action er det nok av, i år igjen, og McDuck-slottet ser praktfullt ut, ute og inni.

5

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *