Livet med daglege stripe-deadlines er noko oppslukande, fortel Jens K. Styve. Likevel har han fleire prosjekt på gong i tillegg til Dunce.
Eg møter Jens i Bergen sentrum der han har brukt dagen på ein besøksrunde hos dei lokale bokhandlarane. Her har han mellom anna signert nytt julehefte og den heilt nye Dunce-boka «Maskiner som kverulerer». Seinare same dagen skal han rekke eit par andre bokhandlarar før han tek båten til Stord som ein av gjestene på Falturiltu, den nynorske litteraturfestivalen for barn og ungdom. Her har han i dag torsdag ein presentasjon av «Dunce». Fredag skal han også halde ein teikneserieverkstad på same festivalen. -Eg har vore invitert til Falturiltu fleire gonger, seier han. I år fekk vi det til å passe, noko som var særleg bra sidan dei denne gongen har fokus på teikneseriar.
Tittelen på den nye Dunce-boka viser til «boten», ein figur som har hengt med i serien omtrent sidan starten i 2017. Dei første åra var figuren mykje meir einfaldig, den var som ein vandrande (eller rullande) facebook-varslar. Med tida er den blitt meir kompleks, og fungerer som ein kommentar til den raske utviklinga innan kunstig intelligens.
-KI er ein høgst aktuell problematikk også i vår bransje, meiner Jens, som sjølv har opplevd å miste teikneoppdrag til fordel for ein generativ KI, ein ”bildegenerator”. Han minnast eit sitat av artisten Prince frå 1999 som nå verkar profetisk: «Det er kult å bruke datamaskinen, men ikkje la datamaskinen bruke deg. Det er ein krig på gong. Slagmarka er sinnet ditt, og premien er sjela di.»
-Etter kvart som KI har stappa alt av eksisterande illustrasjonar gjennom “kjøttkverna” så er destillatet som kjem ut på andre sida stadig vanskelegare å skilje frå “ekte vare”, seier Jens vidare. Det som til slutt manglar er “sjela” i illustrasjonen, og dette må vi lære kundane våre opp til å forstå. Ein mottakar bryr seg faktisk om avsendaren er menneske eller maskin. Vi ser gjerne eit par menneske konkurrere i sjakk på TV, men vi bryr oss ikkje om å sjå datamaskiner spele sjakk. Sjølv om dei strengt tatt er mykje betre på det.
I tillegg til bok er Jens altså aktuell for fjerde gong med eit Dunce julehefte. Det spesielle med årets hefte er at han ikkje fekk ferdig hovudhistoria tidsnok til at faste fargeleggaren «Affe», Alf Steinsvik, rakk den. Dermed måtte Jens gjere farginga sjølv. Det forandra både skapeprosessen og sluttresultatet, meiner Jens, han teikna og fargela samtidig, og på den måten har serien blitt meir “målerisk”. – Eg er stolt av korleis serien blei, og ventar spent på domen frå lesarane.
I fjor tok Jens ein sabbatsperiode frå Dunce for å mellom anna jobbe med eit mangaprosjekt, «Cronin». Serien hadde amerikansk forfattar og er førebels lagt litt på is, men nå har han eit nytt mangaprosjekt på gong med Odin Helgheim, skaparen av «Ragnarok»-universet. Kva det elles går ut på kan han ikkje røpe eller ein gong hinta om, anna enn at det er tenkt å bli ei mangabok i svart-kvitt, skapt saman med nettopp Odin Helgheim. Jens er teiknar mens Odin er forfattar, sjølv om begge kjem til å bidra med litt av begge deler.
Endå meir på sidelinja er Jens sitt pitch for eit Lucky Luke-album. Den observante lesar har kanskje lagt merke til nokre alternative Lucky Luke-album av ymse europeiske auteur-serieskaparar. Jens K. Styve kan bli ein av dei. Pitchen hans var til vurdering hos den franske forleggaren Dargaud, og signala har vore positive, dei ynskjer å sjå meir. – Det eg leverte som “pitch” var ei historie som eg kunne tenke meg å lage i min versjon av Lucky Luke, saman med ein liten bunke prøveteikningar, fortel han. Eg etterlikna ikkje Morris, prøvde heller å teikne det som om Luke var ein karakter i Dunce-universet. Det franske forlaget verkar positive, så det einaste eg manglar for å gå vidare no er vel tida. I tilfelle nokon lurte på det så er livet med daglege stripe-deadlines noko oppslukande, avsluttar Jens.
Forside: Jens K. Styve på Norli Strandgaten (Bergen) onsdag. Fotografi utlånt av Jens K. Styve og butikken.